Hopp til innhold

Kjendis-svane gjekk til angrep og drog lita jente under vatn

Kjendissvana «Hamnesjefen» hogde tak i barnehagejente og drog henne under vatn. – Eit verkeleg basketak, seier redningsmannen.

Havnesjefen i Os

HAMNESJEFEN I OS: Svana, som i mange år har kontrollert omgjevnadene i hamna i Os, gjekk fredag til åtak på ei lita jente. ARKIVFOTO

Foto: Jan Petter Svendal

Fredag ettermiddag var Ole Christian Akerø Brekke på badeplassen Mobergsvikjo i Os kommune saman med si to år gamle dotter.

Medan han naut varmen, såg han ei svane nærma seg frå lang avstand.

Få sekund etterpå gjekk svana til angrep på eitt av barnehagebarn som leika i fjøra, skriv avisa Midtsiden.

Svana slo og drog jenta samstundes, slik at ho gjekk under fleire gongar.

Ole Christian Akerø Brekke

Svana har blitt lokalkjendis etter å ha markert hamna i Os sentrum som sitt territorium. Det gjorde ho også fredag, men Brekke meiner angrepet var uprovosert.

– Svana gjekk i høg fart rett mot barna. Det såg ut som eit målretta angrep, seier Brekke til NRK.

– Gjekk under fleire gongar

To barnehagetilsette passa på barna i fjøra, og den eine stilte seg framfor barna då svana kom mot dei. Svana smaug seg forbi og gjekk rett til åtak på ei lita jente.

Svana slo jenta med vengjene og kakka henne fleire gongar i hovudet. Til slutt fekk svana fatt i kragen på redningsvesten til jenta og drog henne med seg under vatn, fortel Brekke.

Han reagerte med å kasta seg ut i sjøen og greip fatt i svana. Med begge armane rundt halsen løfta Brekke svana vekk. Samstundes tok den barnehagetilsette hand om barnet.

– Det var eit verkeleg basketak. Eg veit ikkje kva som ville ha hendt viss ingen hadde kunna gripe inn.

"Havnesjefen" er blitt bestefar

BESTEFAR: Hamnesjefen i Os har rokke å bli bestefar i åra han har heldt til ved Os sentrum. Her fotografert i 2015.

Foto: Siri Kristiansen

– Jenta var i sjokk

Svana svømte unna då barnefaren slepte taket.

– Dei to tilsette i vatnet reagerte svært raskt. Alt skjedde så fort, det kunne blitt stygt, meiner Brekke.

Han fortel at jenta var forholdsvis stille og truleg var i sjokk. Faren kom kort tid etterpå og tok henne med seg. Barnet skal ifølgje TV2 ha fått ein kul i hovudet og fleire sår etter møtet med svana sitt nebb.

Brekke fortel at han har lege med båt i Os sentrum fleire gongar. Seinast i går var «Hamnesjefen» og hakka i fenderlista på båten hans.

– Det har vore mange episodar med svana. Då eg såg galskapen i dag, vil eg seia at alt anna enn å avliva er galskap.

Krasse kommentarar

I kommentarfeltet til Midtsiden og i sosiale medium går diskusjonen no høglydt kva ein skal gjera med svana.

Også fungerande ordførar Laila Marie Reiertsen (Frp) er skaka etter episoden.

– No må me setja oss ned og finna ut kva me skal gjera. Dette tek me i høgste grad på alvor. Det går ei grense, sjølv for «Hamnesjefen», seier ordføraren til Midtsiden.no.

Dagleg leiar i Nøtteliten barnehage, Ingvild Vevle Chyba, opplyser til TV2 at det var 15 barn og tre vaksne på tur til badeplassen fredag. Ho rosar både Brekke og dei barnehagetilsette sin innsats under hendinga.