NRK Meny
Normal

No vil folk redda svana som kommunen vil drepa

Eit enormt engasjement brer seg etter at Os kommune vedtok å ta den aggressive hannsvana av dage. Underskriftskampanjar og naturvernarar tek no opp kampen.

Svanefar

DØDSDØMD: Svana Hamnesjefen i Os er så farleg at den må avlivast, meiner Os kommune. Det skapar sterke reaksjonar.

Foto: Jan Petter Svendal

Knoppsvana, som på folkemunne går under namnet «Hamnesjefen», har i mange år skapt både glede og frustrasjon i hamnebassenget i Os kommune.

Måndag stadfesta kommunen at dei vil ta livet av svana, etter det dei omtalar som fleire uakseptable angrep den siste tida.

Sei di meining i avstemminga nede i artikkelen!

Hundrevis av støtteinnspel

Allereie same dag hagla det med skjellsord i kommentarfelt og diverse grupper på Facebook.

Ei overvekt av dei som har kommentert sakene NRK har skrive om fuglen, meiner det er synd at fuglen må bøta med livet.

  • «Mannevond svane.. !? Det er nok en grunn til at svana har blitt aggresiv. Langvarig plaging og mangel av respekt kanskje?»
  • «Os har fått sin "ulvedebatt". Trur ikkje svana utgjer nokon fare berre folk held avstand.»
  • «Snakk om fallitterklæring når man går til et sånt skritt mot en svane. Få ungene ut i naturen og gi de opplæring om både plante- og dyreliv; ikke minst respekten for dyr. »

Men også tilhengarane av fellingsløyvet markerer seg i debatten:

  • «Det går da ikke an og lage en så stor sak av dette. Er dyret farlig for folk skal det avlives».
  • «Endelig fornuftig avgjørelse på denne svanen som nesten druknet ett barn. Draps forsøk utført av Havnesjefen!»

Etter det sjokkerande angrepet fredag ettermiddag, har òg kommentarfeltet i Midtsiden koka. Diskusjonen om Hamnesjefen i kommunesenteret Osøyro deler rett og slett folket i to.

– Det lokale engasjementet har vore sterkt i alle dei sju åra Hamnesjefen har vore her. Det er to sterke fløyer i denne saka og engasjementet er enormt, meiner journalist Andris Hamre.

Underskriftskampanje engasjerer

Seint måndag blei det oppretta ein underskriftskampanje (ekstern lenkje) for å få fellingsløyvet oppheva. Den blei kjapt populær.

I skrivande stund har over 2200 personar underteikna oppropet og talet veks kraftig. I tillegg finst det tilsvarande kampanjar.

– Målet er å nå 5.000 underskrifter. Det trur eg me klarer, seier initiativtakar Bergitte Wiik.

Ho er ein av fleire som har engasjert seg for svanene i Os. I staden for avliving, meiner Wiik heile svanefamilien bør flyttast til ein meir eigna stad.

– – Os kommune har forhasta seg. Klart det er alvorleg at Hamnesjefen har angripe små born, men dagen før var personar vitne til at svana sjølv blei angripen. I mange år har vaksne menn og gutar kasta stein. Det er ikkje rart Hamnesjefen er aggressiv.

Tysdag melder Midtsiden at Os kommune har sendt over vedtaket til Fylkesmannen til vurdering.

Laster innhold, vennligst vent..

– Moralsk og etisk forkasteleg

Biolog Arild Breistøl i Norsk ornitologisk foreining sa til NRK i går kveld at det blir feil å livet av ei knoppsvane som oppfører seg slik ei knoppsvane skal.

I dag går Norges Miljøvernforbundet knallhardt ut mot kommunen, og krev at Os gjer om vedtaket om felling.

Kurt Oddekalv

FORBANNA: Kurt Oddekalv i Norges Miljøvernforbund kallar vedtaket forkasteleg.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

I ei oppmoding til kommunen skriv Miljøvernforbundet at det vil gjera det dei kan for å stoppa fellingsvedtaket, som dei meiner er moralsk og etisk forkasteleg.

– I staden for å leggja til rette for vilt dyreliv, avrettar ein dyr. I Os sitt tilfelle har ein sjølv lagt opp til at svana har tilhald i hamnebassenget. Ein burde læra seg å forstå når ein skal halda seg vekke. Eg forstår det ikkje, seier leiar Kurt Oddekalv.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.