NRK Vestland

Hopp til innhold

Siste nytt

  • Politiets beskjed til russen: Ta omsyn, og ha det kjekt!

    Nesten ingen har klaga på russen i Vestland så langt i den første helga i årets russetid.

    – Det ser ut til å ha gått veldig bra, seier operasjonsleder Bjarte Rebnord i Vest politidistrikt til NRK.

    Laurdag kveld er det berre registrert klage på høg musikk frå ein russebuss i Nordfjordeid.

    Han vonar resten av russetida også blir relativt roleg.

    – Ta omsyn og ha det kjekt. Ta vare på kvarandre, oppmodar Rebnord.

  • Mindre brann i terrenget i Bjørgedalen

    Brannvesenet er i gang med sløkking av ein gras- og lyngbrann ved Bjørgedalen i Bergen. Det er i nærleiken av nokre naust, og førebels ikkje snakk om nokon evakuering, opplyser Vest politidistrikt.

  • Leita etter 7 år gamal jente i Bergen

    Ei jente på 7 år vart klokka 20.48 meldt sakna frå ein leikeplass på Nesttun i Bergen. Politiet hadde fleire patruljar på staden og gjekk ut på meldingstenesta X og bad om tips om jenta like før klokka 21. Ti minutt etter melder Vest politidistrikt at jenta er kommen til rette i god behald.

    – Ein i området som såg tweeten, såg jenta og meldte frå, fortel operasjonsleiar Bjarte Rebnord.

  • Arbeidsulukke på konteinarskip i Bergen

    Klokka 20.18 fekk politiet melding om at ein tilsett hadde komme i klem ombord på eit konteinerskip som ligg til kai ved Dokkeskjærskaien i Bergen.

    Ulukka skal ha skjedd i samband med lasting og lossing av konteinarar.

    – Han har komme i klem eller blitt truffe av konteinarar eller utstyr dei bruker. Han er medviten, fortel operasjonsleiar Bjarte Rebnord i Vest politidistrikt.

    Mannen vart frakta til kaien med ein lift frå brannvesenet. Tilstanden er ukjent, men den tilsette er teken hand om av helsepersonell og blir truleg sendt til sjukehus, opplyser Rebnord.

    Politiet undersøker no kva som har skjedd.

  • Sløkte brann i Spondalen i Bergen

    Brannvesen og politi rykker ut til melding om brann i terrenget i Spondalen i Bergen. Det skal førebels ikkje vere fare for at brannen spreiar seg til hus. 40 kvadrat er svidd av, men brannvesenet har no kontroll og brannen er sløkt, opplyser politiet til NRK.

Fleire nyhende