Hopp til innhold

Asylsøkjarar skapte liv i bygda, no stenger UDI transittmottaket

Denne veka stenger Neiden transittmottak dørene, og Fossheim skole mister 31 elevar. Nordnorsk mottakssenter AS vil no opne eit permanent asylmottak i bygda.

Internasjonal bygdekveld

Førre veke var det internasjonal bygdekveld i Neiden. Borna ved Fossheim skole, som no tel nesten 40 på grunn av transittmottaket i bygda, framførte songar og dikt for foreldre og lokalbefolkningen.

Foto: Amund Trellevik/NRK

Eit permanent asylmottak kan bety 170 asylsøkjarar i Neiden dei neste tre åra – og mellom 10 og 20 nye arbeidsplassar, opplyser Are Skancke Andreassen, administrerande direktør i Nordnorsk mottakssenter.

Are Skancke Andreassen

Are Skancke Andreassen, administrerande direktør i Nordnorsk mottakssenter,

Foto: Amund Trellevik/NRK

– Vi har opparbeida oss ein høg kompetanse ved mottaket i Neiden. Me har bygg som er tilrettelagt og som har vore gjennom oppgraderingar dei siste seks månadane. Og me har ein lokalbefolkning i Neiden som har vore ekstremt positiv, seier han.

– Me ser for oss at skulen kjem til å bestå, at det kjem til å vere folk i gatene og lys i husa, seier Andreassen.

Skulen hadde fem elevar

Skulen, transittmottaket og helselaget inviterte førre veke til internasjonal bygdekveld. Her vart det servert mat og song frå Syria, Irak, Afghanistan – og Noreg.

Fossheim skole har i fleire år vore truga av nedlegging. Før transittmottaket vart oppretta gjekk det fem elevar her.

Fredag denne veka er det slutt, og skulen går frå 38 til fem elevar igjen.

Neiden hotell

Neiden hotell har sidan i fjor haust fungert som transittmottak for asylsøkjarar. Denne veka stenger mottaket dørene.

Foto: Amund Trellevik/NRK

Are Nilsen frå Bugøyfjord har sjølv vore elev ved Fossheim skole.

Den gongen, på 60-talet, var dette ein internatskule. Han gler seg over at det igjen er mange elevar her – i ei bygd som alltid har vore busett av ulike menneske.

– Neiden og bygdene rundt har alltid vore fleirkulturelle, med finsk, samisk og norsk busetting.

– Korleis blir det her med eit ordinært asylmottak?

– Det trur eg vil vere bra for bygda. Eg vonar i alle fall at mottaket er opent så lenge at barna kan få gå ut skuleåret, seier Nilsen.

Internasjonal bygdekveld i Neiden

Ikkje eit einaste mobilkamera var ubrukt under bygdekvelden i Neiden førre veke.

Foto: Amund Trellevik/NRK

Rektor vil ha asylmottak

Rektor Silja Støyva Arvola fekk over natta over 30 nye elevar.

Men nå vert bebuarane ved transittmottaket flytta til andre mottak i landet.

– Det er jo i utgangspunktet bra at transittmottaket vert lagt ned. Transitten er ein mellombels plass – noko som har ført til at me har hatt ei utskifting av 15 elevar på skulen berre på ein månad. Me vonar det vert opna eit ordinært asylmottak, seier Arvola, som ikkje legg skjul på at ho ønskjer eit ordinært mottak velkomen.

– Neiden er ei fleirkulturell bygd, med austsamisk, nordsamisk, finsk, russisk og norsk busetting gjennom fleire hundre år, seier Arvola.

Heidi Olsen

Heidi Olsen, leiar ved Neiden transittmottak.

Foto: Amund Trellevik

Mottaksleder Heidi Olsen har sagt opp sine 27 tilsette, og må stenge dørene innan fredag denne veka.

– Neiden er ei bygd som lenge har vore nedleggingstrua og har vore eit distrikt i distriktet. Då me kom med mottaket har det blitt liv i bygda, det skjer noko kvar dag. Me har så mange barn at dersom det hadde vore barnehage her ville det vore tre fulle avdelingar, seier Olsen.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark