Hopp til innhold

Framleis ingen flyktningar på Storskog, forskar tviler på at russarane slepp dei til grensa

Ei regelendring for åtte år sidan og ein tydelegare tekst kan sørge for at det ikkje kjem flyktningar og migrantar over grensa frå Russland. Forskar meiner at Russland ikkje ønsker ein straum av «utlendingar» i eit svært sensitivt område.

Gøran J. Stenseth ved Storskog

NORMALT: Førebels er alt som før på Storskog. Gøran J. Stenseth er leiar for grense- og utlendingskontroll ved Finnmark politikammer og melder at det ikkje har vore merkbar auke i trafikken over den norsk-russiske grensa.

Foto: Hanne Wilhelms / NRK

– Vi ser inga endring. Dei som kjem skal handle eller besøke familie. Og det kjem sjøfolk, seier Gøran J. Stenseth, leiar for grense- og utlendingskontroll ved Finnmark politikammer.

Arild Moe er ganske sikker på at det ikkje kjem nokon flyktningstraum over Storskog. Han er seniorforskar ved Fridtjof Nansens Institutt.

Førebels ser dei det same, men frå kvar sin ståstad.

Stenseth held auge med den daglege trafikken over den norsk-russiske grensa.

Moe analyserer det som har skjedd i Finland den siste månaden, med si eiga forsking som bakgrunn.

Arild Moe, FNI

LITE TRULEG: Seniorforskar Arild Moe ved Fridtjof Nansens Institutt seier det er lite sannsynleg at det kjem ein straum av flyktningar og migrantar via Storskog i vinter.

Foto: Privat

Uroa over mogleg hybridkrig

I løpet av november kom det flyktningar og migrantar i hopetal til den finsk-russiske grensa. Det førte til at finske styresmakter stengde grenseovergangane ein for ein.

28. november gjekk den siste bommen ned – på grenseovergangen mellom Raja-Jooseppi (Finland) og Lotta (Russland).

Styresmaktene i Finland har opplyst at omtrent 800 personar utan visum har komme til grensa, og at fleire hundre har søkt om asyl i landet.

Finske politikarar meiner russiske myndigheiter står bak.

– Vi har opplevd eit hybridangrep frå Russland ved grensa vår, sa den finske utanriksministeren Elina Valtonen på eit møte med utanriksministrane i Nato sist onsdag.

Ho fekk støtte av fleire kollegaer, blant andre Estlands utanriksminister Margus Tsahkna.

3Uz18ZJQ_P8 Raja-Jooseppi border station between Finland and Russia

BOMMEN NED: Etter at den finske grenseovergangen i Raja-Jooseppi blei stengt sist tysdag, er det ingen opne grensestasjonar mellom Russland og Finland.

Foto: Reuters

Bussjåførar: Streng kontroll

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) har sagt at norske styresmakter følger utviklinga nøye og er klare til å stenge den norsk-russiske grensa på Storskog om det blir nødvendig.

Sidan byrjinga av oktober er ikkje lov å krysse den norsk-russiske grensa med personbil. I dag er det minibussar og bussar som dominerer trafikken.

Les også Støre opnar for å stenge norsk-russisk grense

Nokre kjem for å ta fly frå Kirkenes og ut i verda, andre for å handle, medan nokre skal besøke slekt og vener. I tillegg kryssar tilsette på fiskefartøy grensa i samband med mannskapsbytte.

Den siste veka har NRK hatt daglege samtalar med fleire av sjåførane på dei russiske minibussane.

Ingen av dei har sett migrantar eller flyktningar på vegen mellom Murmansk og grensa mot Noreg, og alle fortel at det er streng kontroll med dei som skal reise inn i grenseområdet.

Sjåførane seier mellom anna at det er streng kontroll i Titovka med personar som skal reise inn i grenseområdet.

Kart hvor vegen mellom Storskog og Titovka er tegna inn.

BLIR STANSA: Russiske bussjåførar NRK har snakka med, fortel at personar utan gyldige dokument blir stansa i Titovka, omtrent ein times køyring frå grensa mot Noreg.

Foto: Googlemaps

Kontrollpunktet ligg vel ein times køyring frå Storskog, litt aust for staden kor grensa mellom Finland og Sovjetunionen gjekk i mellomkrigstida.

– Vi må vise fram passasjerlister med namn og passnummer. Deretter blir passa til alle i bussen kontrollert, fortel ein sjåfør. Han vil ikkje stå fram med namn eller bilete.

– Dei som ikkje har Schengen-visum blir avviste – dersom dei ikkje kan dokumentere at dei bur i grenseområdet, for eksempel i byane Nikel eller Zapoljarnyj, fortel han.

Sensitivt område

Seniorforskar Arild Moe seier ein ny flyktning- og migrantstraum over Storskog er lite sannsynleg.

Han har forfatta den hittil einaste norske forskingspublikasjonen om det som skjedde då meir enn 5000 asylsøkarar kom til Storskog i 2015 – saman med tidlegare forskarkollega Lars Rowe.

Dei konkluderte med at russiske styresmakter ikkje hadde styrt flyktningane og migrantane mot Noreg.

Les også Forsker kritiserer kollega og politimester: ­– Flyktningstrøm fra Russland var ikke hybridkrig

Asylsøkere ankommer Storskog tollstasjon

– Vi fann ut at kontrollen på russisk side ikkje var like streng som mange i Noreg føresette.

Dermed var ikkje norske styresmakter budd på straumen av menneske som kom over grensa. Mellom anna var det slutt på at russarane kontrollerte pass og visum i Titovka.

Moe seier at vegen mellom Murmansk og grensa på Storskog er svært sensitiv fordi det er mange forsvarsinstallasjonar og stor militær aktivitet i området.

– Dermed er det lite sannsynleg at russiske styresmakter vil ha personar med uklar identitet i dette området, seier han.

Les også Mener Norge selv kunne stoppet asylstrømmen

Ulf Gøran Mathisen

Regelendring og presisering

I løpet av nokre hektiske haustmånader i 2015 kom det meir enn 5000 personar over den norsk-russiske grensa og søkte asyl i Noreg.

Trafikken stansa etter at norske styresmakter tok fleire grep for å stanse han. Mellom anna blei det innført ein instruks for rask handtering av personar som kom via Storskog.

I tillegg blei teksten endra i eit dokument som flyktningane og migrantane fekk då dei nådde grensa.

– Endringa gjorde det mogleg for russiske grensevakter å avviste flyktningar og migrantar før dei kryssa den norsk-russiske grensa, seier Moe.

Gøran J. Stenseth stadfester at dokumentet framleis er gyldig.

– Dei russiske grensemyndigheitene er kjent med dokumentet, men eg veit ikkje om det blir brukt i dag, seier Stenseth.

Lettast å dytte dei mot grensa

Dei som har tatt seg over grensa til Finland, har søkt om asyl i landet. Moe er ikkje overtydd om at russiske styresmakter har tatt initiativ til flyktning- og migrantstraumen.

– Vi veit migrantar blir brukt som pressmiddel, det er etablert, seier han og viser til det som skjedde i Belarus (Kviterussland) for to år sidan.

– Då sende styremaktene migrantar mot grensa til Polen for å legge press. Det er altså ikkje tvil om at det er eit middel som blir brukt.

Moe omtaler dei som sel «pakketurane» som «haiar», men seier det ikkje er dokumentert at russiske styresmakter står bak straumen av flyktningar og migrantar.

– Vi må nyansere bildet. Sjølv om ein ikkje skulle tru at russiske myndigheiter står bak dette, er det mogleg å spørje seg om dei kunne gjort meir for å hindre situasjonane vi no har sett.

Seniorforskaren seier også at styresmaktene kan ønske å dytte migrantane mot grensa når dei først er der.

– Dei kunne kanskje gjort meir for å hindre at flyktningane og migrantane kom så langt. Vi kan ikkje vere heilt sikre på korleis dette har blitt behandla på den russiske sida.

zN5IBim6CH0

TIL FINLAND: Finske grensevakter følger flyktningar og migrantar ved Raja-Jooseppi. Grenseovergangen var den siste som blei stengt mellom Finland og Russland

Foto: AFP

Ser ikkje bort frå korrupsjon

Det finske kringkastingsselskapet Yle har snakka med tre flyktningar som meiner dei har fått veldig god hjelp av myndigheitspersonar på russisk side.

Moe har også lagt merke til artikkelen og seier det ikkje er ulogisk at dei russiske styresmaktene og tryggingsorgana i regionen ønsker å bidra til å få flyktningane og migrantane ut av Russland og inn i Finland.

Han vil heller ikkje utelukke korrupsjon som ein mogleg faktor når det gjeld å leie straumen av menneske mot Finland.