Tommy Rosvold
Foto: Jørgen Eide / NRK

«Det er ei kvilelaus vandring»

For heroinavhengige Tommy har Nygårdsparken i Bergen vore som ein heim. Etter at parken stengde er han på eiga hand. Han kjenner seg jaga og uønskt.

Tommy Rosvold går med raske skritt mot Vågsbunnen i Bergen sentrum. Han skal kjøpe si andre av fire daglege dosar heroin. Klokka har akkurat passert 12.00 og han har allereie vore i store delar av Bergen sentrum. 27-åringen beskriv ein ny kvardag for rusavhengige i byen. Heile dagen er ei kvilelaus vandring og jakt etter pengar, dop og nye stader å vera på.

– Før parken stengde visste me kor me kunne kjøpe det me trengde. Me visste kor me kunne vere utan å bli jaga vekk eller få stygge blikk. No har me ingen fast plass å vere lenger. Me er uønskt og overlatne til oss sjølve, seier han.

Måndag 18. august, to veker tidlegare, er politiet på plass i Nygårdsparken. Dei skal sørgje for at alle som er der forsvinn. Parken som ligg på Nygårdshøyden i Bergen skal stengjast. 700 meter med gjerde blir sett opp i øvste del av parken, og på slaget åtte er Norges eldste, og Nordens største opne russcene tømt for folk.

«Meir enn berre ein narkobutikk»

På dagen to veker etterpå, går Tommy over høgda på veg til Nygårdsparken. Det er første gong han ser parken etter at den blei stengd. Han har lyst å sjå forvandlinga av staden han har halde til store delar av sitt vaksne liv.

– Eg skulle aldri bli narkoman. Det er jo ein klisje å seie det. Men ingenting i oppveksten min kan forsvare at eg blei ein som brukar heile mitt vaksne liv til å skaffe nok pengar til heroin.

Ikkje alle vil vere einig med Tommy. Like etter at han fyller 18 år døyr begge foreldra etter lang tids sjukdom. Han har ingen annan familie, og Tommy er blitt myndig. Ein kommunal bustad og ein sjekk i posten kvar månad er alt han har. Rus blir løysinga og vegen til parken er kort.

Tommy har brukt store delar av sitt vaksne liv i parken.

Han snakkar som ein foss. 27-åringen er velartikulert, høfleg og morosam. I parken går han forbi turgåarar og skuleelevar. Det er lite som minner om at han står midt i det som for få veker sidan var ei stor open russcene og ein stad mange vegra seg for vere.

Nygårdsparken i Bergen

IDYLL: Parken i hjartet av Bergen er flittig brukt om sommaren. I 40 år har folk holdt seg unna øvre del av parken.

Foto: Ingvil Aaen Torpe / NRK

Litt lenger inne i parken står eit par politibetjentar som passar på at ingen klatrar over dei to meter høge gjerda. Det einaste som røyrer seg bak gjerda der det vanlegvis har stått fleire titals rusavhengige, er ein kommunalt tilsett som plukkar sprøyter og anna brukarutstyr frå bakken.

For oss er alt blitt mykje verre etter at den stengde. Livet har blitt heilt kaotisk.

Tommy Rosvold

Tommy er tydeleg overraska over synet av den tomme høgda bak gjerda. Me står berre få meter unna plassen han har rusa seg meir eller mindre dagleg i ni år.

– Det nesten uverkeleg å sjå dette. Eg har aldri vore her utan at nokon har kome springande mot meg for å spør kva dop eg vil kjøpe. Det er som eit inngjerda vondt minne. Det har skjedd mykje jævlig her.

Sjølv om minna frå tida i parken er vonde, snakkar han og likevel varmt om Nygårdsparken. For mange var den meir enn berre ein narkobutikk, seier han.

– Dette er jo den einaste plassen eg kjende noko som likna på eit fellesskap. Sånn er det for mange av oss. Det var ikkje berre ein plass å ruse seg. Me har hatt mange gode samtalar her. Dessutan plaga me ikkje nokon ved å vere her. Ingen jaga oss vekk herfrå.

– Men eg skjønar jo at det er mange som ikkje vil at det skal vere ein opphaldsstad for narkomane. Parken er som ein grøn oase midt i ein eksosby. Men for oss er alt blitt mykje verre etter at den stengde. Livet har blitt heilt kaotisk.

Nygårdsparken

OPEN RUSSCENE: Nygårdsparken har vore ein stad for open narkohandel i Bergen sidan 70-talet.

Foto: NRK

Nordens største russcene

Plata

«PLATA»: Også «Plata» i Oslo sentrum var ein plass for openlyst kjøp og sal av narkotika.

Foto: Knut Erik Solhaug / NRK

Alt på slutten av 60-talet var parken midt i hjartet av Bergen ein stad for kjøp og sal av ulovlege rusmiddel. I 1989 blei det første forsøket på å stenge parken gjennomført. Kommunen lukkast i å rydde opp i det som blei beskrive som «lovlause tilstandar». Men det var få planar for kvar dei rusavhengige skulle vera. Og heile miljøet flytta til sentrum.

Også i Oslo blei det gjort fleire mislukka forsøk på å fjerne rusmiljøet frå «Plata». Også der etablerte nye rusmiljø seg andre stader i sentrum. I 2011 blei det brukt ni millionar kroner på å fjerne det narkobelastamiljøet frå gatebiletet i Oslo sentrum.

Eg fekk det billig. Etter at parken stengde er narkoprisane halvert. Dealarane er desperate.

Tommy Rosvold

Vakthaldet i parken blei gradvis mindre strengt, og på midten av 90-talet var parken på nytt ein opphaldsstad for rusavhengige. Samstundes som det kom ein straum av heroin til Norge, auka talet på overdosar i Bergen. I løpet av seks månadar i 1997 døydde 12 personar i Bergen av overdose.

Ti år seinare blir Bergen omtala som Norges største rusby, og parken blei omtala som Nordens største opne russcene. Planane om å stenge parken på nytt har vore mange, og seinsommaren 2014 blir parken stengt. Politi og kommune har bestemt at miljøet i parken skal bli fjerna for godt.

– Rusmiljøet har spreidd seg

Det er ikkje vanskeleg å skjøne kva Tommy snakkar om når han beskriv dagen som ei kvilelaus vandring. Han kjempar mot klokka for å få tak i nok pengar til å ruse seg før abstinensane tek over.

Frå ein telefonkiosk avtalar han å møte mannen som skal gi han dagens andre dose med heroin. Han er stressa når han tel over pengane han har i lomma. Kring 500 kroner.

– No må me avtale nye plassar å møtast heile tida. Før var det jo berre å gå i parken for å kjøpe heroin. No er alt meir stress og me må vere meir i sentrum. Men i sentrum er me jo ikkje ønska. Det verkar som om alle berre er opptekne av at me ikkje skal vere synlege.

– Men syns du det er rett at det skal vere ein fast plass man kan kjøpe narkotika?

– Nei, ikkje nødvendigvis. Men no er rusmiljøet spreidd over heile sentrum. Før var det stort sett i parken me oppheldt oss. Ikkje til bry for nokon. No er me over alt i sentrum. Politiet har ikkje kontroll lenger, hevdar han.

Tommy Rosvold beskriver livet etter parken som en hvileløs vandring.

Nye opne russcener

I Vågsbunnen, like ved Fisketorget står kring 30 rusavhengige samla. Mange har frykta dette skal bli den nye russcena i Bergen.

Butikkar i nærleiken fryktar at fleire av dei som tidlegare gjekk i Nygårdsparken, no oppheld seg i Vågsbunnen.

sprøyter

NYE RUSSCENER: Tommy gir sprøyter til ein kjenning han treff i sentrum. Han meiner det allereie har danna seg fleire opne russcener i Bergen sentrum.

– Eg kjenner mange av dei, seier Tommy og nikkar inn mot gata der dei står samla.

Eit par turistar tek bilete av samlinga med tydeleg prega, slitne menneske. Ein mann med store blåveisar og kutt i ansiktet kjem bort for å helse på Tommy. Før han har sagt noko, tek Tommy opp to tomme sprøyter frå lommene og gir dei til mannen.

– Visst ikkje dette er ei opa russcene, så veit ikkje eg, seier han og tek opp ein bunke pengesetlar og går mot samlinga av menneske.

At parken no er stengd er berre positivt. Både for dei rusavhengige, og for Bergen. Det er me alle einige i.

Sosialbyråd, Eiler Macody Lund

Det er tydeleg at abstinensane plagar han. Klokka er 13.00, og det er fem timar sidan sist han tok ein dose heroin.

Politisjef i Bergen sentrum, Olav Valland, vedgår at politiet ikkje lenger har oversikt over kor sal av ulovlege stoff går føre seg.

– Målet var jo å løyse opp dei kriminelle, opne russcenene, der sal og omsetjing har florert i fleire år, fortel politisjefen.

Han legg til at dei har god kontroll det som skjer openlyst i sentrum.

– Me veit at det no har blitt vanskelegare for dei som sel narkotika, det er jo ein suksess i seg sjølv, seier politisjefen.

Laster kart, vennligst vent...

Dei nye russcenene i Bergen

«Det er blitt billigare å kjøpe dop»

Tommy kjem ut frå smauet i Vågsbunnen med eit halvt gram heroin innpakka i handa.

– Eg fekk det billig. Etter at parken stengde er narkoprisane halvert. Dealarane er desperate, fortel han, medan han går gjennom sentrum. Han må finne ein stad å sette skotet.

Tommy med katten

RUSFRI: Tommy var rusfri i tre år. Bilete er tatt i 2007.

Foto: Privat

27-åringen fortel at seljarane har endra taktikken sin, og er meir pågåande enn før.

– Dei driv jo butikk og må tene pengar. Men når parken stengde mista dei på ein måte butikken sin. Det gjer at yngre brukarar lettare får tak i tyngre stoff. Me som har vore lenge i parken nekta jo dealarne å selje til dei yngste. Men no er dei desperate og drit i kor gamle brukarane er, seier han.

Dei veit jo ikkje kor og når dei får tak i stoff neste gong. Difor kjøper dei no større dosar.

Thomas Anthun Nielsen

På veg opp trappene til Johanneskirken, like ovanfor Torgalmenningen tek han sekken av ryggen og pakkar opp alt han treng for å sette heroinsprøyta i armen.

– Det er eigentleg heilt tilfeldig at eg gjer det her på denne plassen. Det er jo ikkje akkurat ein skjult stad, men det er ikkje alltid eg har så god tid. Eg må skunde meg tilbake på jobb.

Han jobbar for gatemagasinet «Megafon». For kvart blad han sel får han 50 kroner. Sånn betalar han for eit forbruk av heroin på 1200 kroner om dagen.

Med reint vatn og eit målebeger er han klar for å medisinere seg sjølv. Han tek ikkje heroin for å ruse seg, seier han.

«Låge prisar gjer at dei kjøper meir»

Redaktør i gatemagasinet "Megafon", Thomas Anthun Nielsen, fortel at han får tilbakemeldingar frå seljarane sine som samsvarar med det Tommy fortel.

Thomas Nielsen

UOVERSIKTLEG: Redaktør i gatemagasinet 'Megafon', Thomas Anthun Nielsen meiner rusavhengige no kjøpar større dosar enn før fordi narkoprisane har blitt lågare

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

– Når eg er i sentrum for å snakke med megafonseljarane ser eg tydeleg at dei som sel dop er blitt veldig pågåande. Uansett kor megafonseljarane går, kjem seljarane og tilbyr dei stoff, fortel han.

– Det er særs uheldig at det er blitt slik. Mange av megafonseljarane prøvar å slutte med stoff og mange av dei prøvar å slutte og får legemiddel som skal blokkere suget etter heroin (LAR). Når dei konstant blir pusha til å kjøpe dop er det vanskeleg å seie nei.

Han meiner også at eit meir uoversiktleg rusmiljø fører til at rusavhengige kjøper større kvanta enn dei ville gjort før.

– Dei veit jo ikkje kor og når dei får tak i stoff neste gong, difor kjøper dei gjerne større dosar. Det fører jo til at politiet tek dei med større kvanta som gjer at dei får større bøter og lengre fengselsstraffer. Det er ein vond sirkel.

Tretti sekund etter at sprøyta er ute av armen er Tommy på veg ned trappene igjen for å halde fram med å selje blad. I løpet av dei sju timane me har vore i lag med han i byen, har han ikkje sete i ro meir enn eit par minutt.

"Me er alle einige om at dette er positivt"

I rådhuset i Bergen summerer opp ein erfaringane med stengt park heilt annleis. Sosialbyråden frå Frp, Eiler Macody Lund, la fram dei endelege planane.

Datoen blei sett til seinsommaren 2014, og innan den tid skulle hjelpetilbod vere på plass. I juli i år blei fleire Mottaks- og oppfølgingssenter (MO-senter) opna for å tilby ulike tenester til rusavhengige.

Dei veit jo ikkje kor og når dei får tak i stoff neste gong. Difor kjøper dei no større dosar.

Thomas Anthun Nielsen

Macody Lund meiner stenginga av Nygårdsparken så langt har vore ein suksess.

– At parken no er stengd er berre positivt. Både for dei rusavhengige, og for Bergen. Det er me alle einige i, seier sosialbyråden.

– Kva med dei rusavhengige?

– Eg har sjølv snakka med rusavhengige som meiner stenginga har fungert godt.

Eiler Macody Lund

EIN SUKSESS:– At parken no er stengd er berre positivt. Både for dei rusavhengige, og for Bergen, seier sosialbyråd Eiler Macody Lund.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Han meiner det er heilt feil at rusmiljøet er i ferd med å etablere seg i store delar av Bergen.

– Me ser på situasjonen som heilt normal. Det er i alle fall ikkje blitt ei forverring. Det er ikkje noko teikn på at det vil etablere seg nye opne russcener i sentrum. Me har daglege møter med mellom anna Utekontakten og vektarar.

Han legg til at MO-sentra bidreg til at fleire vil kunne søke hjelp.

– Når rusavhengige får høyre kor bra dei nye sentra er vil fleire byrja å bruke dei, meiner sosialbyråden.

Ei tredobling i talet på overdosar

To veker tilbake i tid. Dagen etter at parken stengde, kryssar Tommy Torgalmenningen i sentrum på veg opp til Nygårdsparken for å kjøpe heroin. Inne i parken har han og dealaren på få sekund utveksla pengar og dop. 500 kroner til seljaren, eitt gram heroin til Tommy.

Få minuttar seinare pakkar han opp utstyret sitt. Målebegeret, reint vatn, sprøyta og det han treng for å sette sprøyta.

Alt er rein rutine. Han har gjort det fleire tusen gonger før. Men i dag går det gale. Sjølv om han tek same mengde han alltid gjer, maktar ikkje kroppen stoffet.

Same dag som parken stengde var pågangen på rusakutten i Bergen stor. Eit døgn etter at parken var tømt, var talet på overdosar i Bergen tredobla. Ein av overdosane tok Tommy.

Anne Margrethe Stokken

– FOR TIDLEG Å SJÅ EIN SAMANHENG: Anne Margrethe Stokken ved rusakutten i Bergen seier det er for tidleg å seie om auka tal på overdosar kan skuldast at Nygårdsparken er stengd.

Foto: Siri Kleiven Strøm / NRK

I løpet av dei to vekene parken har vore stengd, har 118 personar vore innlagt på akuttposten, eit spesialtilbod for akutt avrusing. 54 av desse blei innlagt etter overdosar.

Anne Margrethe Stokken ved rusakutten i Helse Bergen meiner det er for tidleg å sei om årsaka til at talet på overdosar har tredobla seg er stenginga av parken.

– Sidan juni har vi sett ei auke i rusproblematikken rundt Vågsbunnen og Torgalmenningen. Så står att det å sjå om denne auken held fram, eller stabiliserer seg, seier Stokken.

Tommy vaknar på rusakutten og ein sjukepleiar fortel han at han har teke overdose. Det blir overdose nummer 124 for 27-åringen.

"Kven skal redde oss no?"

På eit kjøpesenter eit stykke frå sentrum står Tommy med eit Megafon-blad i handa.

– Eg skal berre få selt dette, så er eg ferdig.

Klokka er blitt 19.00 og han har stått på same plass i fem timar og selt gatemagasinet. Han prøvar å telje kor mange gonger han har vakna med ambulansepersonell over seg. Det klarer han ikkje.

– Det er det som er så skummelt. I parken var du aldri åleine. Der var alltid nokon som kunne varsle. No er det blitt mykje vanskelegare å passe på kvarandre. Kven skal redde oss no?

Han meiner bestemt at fleire overdosedødsfall kjem til å bli ein konsekvens av at parken er stengd.

– Når nokon har tatt for mykje og det endar med overdose var det alltid nokon som varsla ambulanse. I parken og miljøet der, veit jo alle når du har tatt ei overdose. Dei veit kva dei skal gjere og at dei må ringe etter ambulanse. Sånn er det ikkje no lenger, meiner han.

«Dette er det næraste eg har ein heim»

Puddefjordsbroen

LANGE DAGAR: Tommy seier at tida etter stenginga av parken har vore kaotisk. – Eg kjenner meg jaga og uønskt, seier 27-åringen.

Foto: Adalheidur Oldeide / NRK

På veg tilbake til sentrum. Siste blad er selt og han må kjøpe to nye dosar heroin. Det må skje kjapt seier han, eigentleg skulle han allereie ha stått i kø for å få overnatting på Strax-huset.

– Det er jo ikkje alltid eg får plass på Strax-huset. Men eg vil helst sove der. Det er det næraste eg har ein heim. Då prøvar eg meg på andre tilbod for rusavhengige, fortel han medan han går over Puddefjordsbroen, eit par kilometer frå sentrum.

– Kva gjer du om du ikkje får plass andre stader?

– Då søv eg på gata.

– Kva tenkjer du om framtida?

– Eg vil slutte med heroin. Eg vil jo ikkje ha det slik. Ingen fast plass å sove, eit evig jag etter pengar og dop. Det er eit helvete. For nokre år sidan slutta eg i nesten tre år. Då fekk eg meg kjærast og me gifta oss. Men så sprakk eg, og forholdet tok slutt. Alt er vil er å ha eit vanleg liv. Eg håpar på å ein dag få ekte vener, nokon å gå på kino med til dømes.

– Det er jo ein evig kamp mot klokka, men det går som regel bra.