Hopp til innhold

Datatilsynet opnar sak mot Jehovas vitner

Datatilsynet skal undersøke om Jehovas vitner lagrar opplysningar om medlemmars sexliv.

Ida og Louise snakker over en kopp te

Ida Kårhus og Louise Myrland seier at eldre menn i trussamfunnet stilte dei detaljerte spørsmål om sexlivet deira.

Foto: Ole Jørgen Kolstadbråten / NRK

– Denne saka går heilt i kjernen av personvernet, seier direktør i Datatilsynet, Bjørn Erik Thon.

Opplysningar av seksuell art er særleg beskytta av personvernregelverket.

Fryktar ulovleg lagring

No skal Thon og Datatilsynet undersøke om Jehovas vitner lagrar informasjon i strid med dette regelverket.

Etter dokumentarserien «Guds utvalde» frå NRK Brennpunkt fekk Datatilsynet fleire klager. Medlemmar og tidlegare medlemmar skulda trussamfunnet for mangelfullt innsyn, ulovleg lagring og manglande sletting av personopplysningar.

Bjørn Erik Thon

Direktør i Datatilsynet, Bjørn Erik Thon.

– Det er svært sjeldan vi får klager på religiøse samfunn. Det er første gang vi startar ei så omfattande sak om behandling av personopplysningar i eit trussamfunn, seier Thon.

Datatilsynet skal òg undersøke om trussamfunnet har haldt tilbake lagra informasjon, fylgjer regelverk for sletting av data og oppfyller retten til innsyn.

Seksuelle detaljar

– Eg blir utruleg glad for å høyre at Datatilsynet tar affære, seier Louise Myrland.

I «Guds utvalde» fortalde ho og Ida Kårhus at eldre menn i trussamfunnet stilte detaljerte spørsmål om sexlivet deira.

Ida og Louise prøver å ringe Jehovas Vitner

Ida Kårhus og Louise Myrland fortalde si historie i dokumentarserien «Guds utvalde».

Foto: Ole Jørgen Kolstadbråten / NRK

Slike avhøyr er kjent praksis i Jehovas vitner. Er det mistanke om at medlemar har brutt dei interne reglane, må dei møte i såkalla domsutval.

Ida og Louise var tenåringar då dei vart kalla inn. Målet med avhøyra var å finne ut om dei hadde synda mot trussamfunnets seksualmoral.

Konfidensielle arkiv

I arbeidet med dokumentarserien fekk NRK lekka interne dokument. Her kom det blant anna fram at samandrag frå avhøyr i domsutvala skal lagrast i trussamfunnet sine konfidensielle arkiv.

Då dette vart kjent, var det fleire som reagerte. Nokon tok kontakt med Datatilsynet. Dei frykta at informasjon om sexlivet deira var lagra i Jehovas vitner sine arkiv.

– Vil ha mappa mi

Louise i bilen

Louise Myrland vil vite kva som er lagra om henne.

Foto: Ole Jørgen Kolstadbråten / NRK

Louise visste ikkje at organisasjonen lagra opplysningar om henne før ho vart med i dokumentarfilmen. Under innspelinga bad ho om innsyn. Ho fekk svar. Men i svaret stod det ingenting om samandrag frå domsutvalet.

– Eg trur dei har heldt tilbake informasjon. Dei gjer ikkje alt etter boka, seier Louise.

– Det er vanskeleg for enkeltmenneske å krevje noko som helst frå ein så mektig organisasjon som Jehovas vitner. Eg vil jo aller helst få utlevert heile mappa mi. Eg vil ikkje at dei skal ha nokon som helst informasjon lagra om meg.

Ingen garanti

No skal Datatilsynet gjere sitt for å få fram kva som blir lagra. Og om organisasjonen bryt reglane for personvern.

– Vårt mål er å fatte ei riktig avgjerd. Om vi har mistanke om at opplysningar blir heldt tilbake, har vi verkemiddel som kan brukast, seier Thon.

Det har ikkje lukkast NRK å få ein kommentar frå Jehovas vitner.

Organisasjonen har tidlegare uttalt til NRK at dei handterer personopplysningar i samsvar med norsk lov.

Dei unge må gje intime detaljar til eldre menn. Den interne domstolen er nådelaus. Gjer du feil, kan du miste alt.

Dei unge må gje intime detaljar til eldre menn. Den interne domstolen er nådelaus. Gjer du feil, kan du miste alt.