Arrestasjonsteknikk, PHS

Det har skjedd noko på Politihøgskolen.

No er det damene som dominerer.

Politistudenten Nora

I klassen til Nora er 7 menn og 17 kvinner.

Hilde, avsnittleiar, UEH, i bilen

Likevel har politietaten ei utfordring.

Hilde, UEH, Oslo

Politidamene

Kvinnedominans på politiutdanninga: Men dette er politiets utfordring

Blålysa blinkar kraftig i haustmørket i det politibilen pressar seg fram i trafikken. Politiførstebetjent Hilde er på kveldsvakt, og patruljen hennar er på veg mot ein skule på Oslo vest.

Minst ti andre politibilar har sett kursen.

– Det skal ha smolle ganske bra, seier Hilde, som har ein iPad i fanget.

Ho les frå loggen for å orientere makkeren som køyrer bil i 110 kilometer i timen på ring 3, og fortel at «det ligg brennande gjenstandar rundt omkring.»

– Det blir sagt at nokon har laga ei bombe, seier Hilde.

På avdelinga der ho jobbar, er det rundt 90 prosent menn.

Kvifor har ho ikkje fleire kvinnelege kollegaer?

Tidlegare på dagen

Rundt bordet sit sju politimenn – og Hilde. Ho er sjefen.

Oppgåver blir fordelt før dei kan rulle ut i Oslos gater.

Hilde, UEH, parole

Når Hilde er på jobb, har ho ofte ansvaret når politiet skal storme leilegheiter eller aksjonere mot farlege gjerningspersonar.

Dagen før var Hilde aksjonsleiar då politiet aksjonerte mot fleire leilegheiter etter eit væpna ran og fridomsrøving i hovudstaden.

– Du burde eigentleg snakke med dei som ikkje jobbar her, seier Hilde på spørsmål om kvifor ho ikkje har fleire kvinnelege makkarar.

– Eg har berre gjort det eg synest er morosamt og interessant, seier ho og fortel vidare at ho «alltid har hatt lyst til å jobbe med dei skarpaste oppdraga».

Tal frå juli i år viser at det nesten er like mange kvinner og menn i politietaten, inkludert juristar og sivile, men sjølv om det har blitt fleire og fleire kvinner i politiet dei siste tiåra, er det framleis store skilnader på kvar kvinner og menn jobbar internt i politiet.

Det er i patruljebilane at kjønnsbalansen er dårlegast, vedgår HR-direktør Karin Aslaksen i Politidirektoratet, og fortel at mange av dei kvinnene som jobbar operativt, ofte går over i andre stillingar etter få år.

– Vi klarer ikkje å halde på dei, seier Aslaksen.

Kvifor skjer det?

Kvinnedominans gir framtidshåp

Faglærar Einar Jakobsen har opprop før leksjon i arrestasjonsteknikk.

– Kristine, Tonje, Kamilla, Eirik, Susanne, Sandra, Amund ...

Arrestasjonsteknikk, Politihøgskolen

Kvinnedominansen på politiutdanninga gir håp for politiets mål om betre kjønnsbalanse.

Øver på arrestasjonsteknikk på PHS

– Det at vi faktisk er i overtal er jo eigentleg berre mål oppnådd, seier politistudent Maren (25), og forklarer det med at «etaten i alle år har vore prega av mannsdominans».

Ho fortel at ho, «som alle andre», har hatt ei stereotypisk oppfatning av kven som er politi og ikkje:

– Eg har jo som lita jente, når eg har tenkt på politiyrket, sett føre meg ein høg og mørk mann i uniform, seier ho.

Politistudent Maren - ved betongvegg. Foto: SIMON SOLHEIM

Maren møtte motstand før ho søkte. Indre motstand.

– For den største motstanden kom eigentleg frå meg sjølv. Eg har tenkt: «Eg er jo kvinne, kva har eg ute på gata å gjere?»

Men dei tankane blei fort viska ut.

Hard konkurranse

I eit anna bygg på Politihøgskolen i Oslo, eit stykke unna sveittelukta i salen der studentane øver på å arrestere kvarandre, sit rektor Nina Skarpenes.

– I hundre år har mennene vore i fleirtal, fortel Skarpenes.

Men i 2019 snudde vinden.

– Det er over ti år sidan Politihøgskolen jobba aktivt for å få fleire kvinner. Det går av seg sjølv, seier Skarpenes.

– Det er flott, seier Skarpenes og kallar utviklinga gledeleg.

Nina Skarpenes, rektor Politihøgskolen. Foto: SIMON SOLHEIM

– Politiet skal spegle samfunnet, og det at kjønnsbalansen blir betre ute i etaten, er veldig positivt, seier rektoren.

I kullet som starta i førsteklasse denne hausten, er 6 av 10 politistudentar kvinner, noko som er rekord.

Interessa for politiutdanninga er like stor blant kvinner og menn, men sidan kvinnene generelt har betre karakterar frå vidaregåande skule, stiller dei sterkare i konkurransen.

Allmenn verneplikt førte Nora til teneste i militæret, og det var der ho fekk inspirasjon til å søke politiutdanninga.

– Kvinner har mykje å komme med, også i mannsdominerte yrke, seier ho, og meiner også at ho har blitt inspirert av det ho kallar «gode kvinnelege rollemodellar som stiller i media.»

– Dei er med på å gjere politiyrket interessant også for oss kvinner, seier ho.

Maren og Nora: Foto: SIMON SOLHEIM

Politistudentane Nora og Maren.

For rektor Nina Skarpenes er det viktig å få fleire politikvinner ut i patruljebilane.

– Dette er ein jobb for heile etaten. Vi vil sjølvsagt også bidra, seier rektoren.

– Vi prøver å få fleire kvinnelege lærarar til å undervise i operative fag, seier ho vidare.

– Men vi gjennomfører også motivasjonssamtalar med dei kvinnelege studentane for å motivere dei til vidare spesialisering inn mot patruljeverksemd.

Kamp mot seksuell trakassering

Det siste året har politiet fått mykje negativ omtale fordi det er avdekt seksuell ukultur. Politidirektøren var ute og sa at «dette opprører meg».

Om desse sakene fører til at politikvinnene held seg borte frå operative jobbar, er vanskeleg å vite.

– Vi har ikkje grunnlag for å seie at det skjer meir i dei operative miljøa enn elles, men det føregår på arbeidsplassen, og i edru tilstand. Det har vi kunnskap om, seier HR-direktør Karin Aslaksen.

– Som HR-direktør synest eg dette er veldig alvorleg. Det er ikkje slik det skal vere på ein moderne arbeidsplass med høgt kompetente medarbeidarar.

Aslaksen trur det først og fremst er andre ting som kan vere til hinder.

Maren vil på patrulje

Til våren er Maren ferdig utdanna og ser gjerne føre seg ei operativ karriere.

– Sjølv om vi kanskje ikkje er fysisk kjempesterke, har vi mykje anna å by på, seier Maren.

For det er ikkje slik at operativt politiarbeid «berre handlar om å ligge på bakken og slåst», forklarer ho.

– Det er berre ein liten del av jobben, seier ho vidare.

I treningssalen lærer studentane lure triks om dei må gå fysisk til verks for å få kontroll på eit anna menneske.

Politistudentar øvar på arrestasjonsteknikk. Foto: SIMON SOLHEIM

Sjølv om det er 3 mot 1, kan det vere vanskeleg å få kontroll på ein kjempande person.

Politistudenten Maren øver på slag. Foto: SIMON SOLHEIM

Slag og spark er viktig å lære for kommande politifolk.

Maren fortel at det viktigaste verktøyet er kommunikasjon.

– Som politi skal eg snakke med folk og hjelpe menneske i krise, seier ho.

Den kan hende at politimenn og -kvinner løyser oppdrag ulikt.

– Det kan vere eg strekker lenger til enn ein mannleg makker i enkelte tilfelle, og omvendt, fortel ho.

Tilbake på patrulje med Hilde

Ho jaktar på gjerningspersonar etter eksplosjonen på skulen på Oslo vest.

Hilde ved t-bane

Det har vore ein kraftig eksplosjon som har ført til brann. Den første politipatruljen har gjort desse opptaka.

Hilde held vakt ved eit t-banestopp. Det blir sett opp ei rekkje kontrollpostar rundt åstaden.

Hilde ved t-banen, snakkar i samband

Hilde fortel:

– Damer gjer denne jobben vel så godt som menn.

– Vi er nødvendigvis ikkje like fysisk sterke, men det betyr ikkje alt.

Det ligg pizzaesker og søppel strødd utover eit stort område.

Eksplosjon på Hovseter
Foto: POLITIET
Eksplosjon på Hovseter 2
Foto: POLITIET

Politiet finn ingen gjerningsmenn – og saka er no lagd bort.

Som avsnittsleiar har Hilde personalansvar og difor også ansvar for rekruttering. Ho trur det er viktig å motivere dei damene som har talent og interesse i større grad.

– Jentene treng nok litt ekstra oppbakking på at dei er gode nok. Dei treng meir støtte for å kaste seg uti og søke slike stillingar, seier ho, og forklarer det med at «dei skal vere hundre prosent sikre på at dei meistrar alle oppgåver».

Politileiarar har tidlegare vore ute og skissert dette som ei stor utfordring for politietaten.

Ida Melbo Øystese, politimeister i Øst politidistrikt, skreiv i fjor ein kronikk der ho uttalte at det var «nedslående at vi berre har 17 prosent kvinner i patruljeavsnittene» og at det «bekymrer meg.»

Karin HR-direktør. Foto: SIMON SOLHEIM

Karin Aslaksen er den øvste personalsjefen i politiet.

HR-direktør Karin Aslaksen i Politidirektoratet vedgår at det ikkje er gjort ein god nok jobb for å betre kjønnsbalansen på dette området.

– Her har vi absolutt ein jobb å gjere, seier Aslaksen.

Når ikkje målet

Kulturen i politiet må endrast, har Politidirektoratet uttalt, og har mellom anna sett mål om å auke kvinneandelen i leiande stillingar.

Innan 2022 skal det vere minimum 30 prosent leiarar av kvart kjønn i politistillingar med personalansvar, og innan 2027 skal det vere minimum 40 prosent.

No er andelen 24 prosent.

Det er ikkje definert eit konkret mål på kjønnsbalanse i operative stillingar generelt, men for å lykkast med å få fleire kvinnelege politileiarar, må ein starte med førstelinja, forklarer Aslaksen.

Ho fortel at det no skal lagast ein handlingsplan. Regjeringa har også gitt tydeleg beskjed om at det er viktig at politiet får dette til.

– Vi må jobbe systematisk framover for å motivere fleire kvinner til å gå inn i operative jobbar, seier Aslaksen.

Vurderer fleire tiltak

Politistudent Maren er samd med Aslaksen i at det er viktig å legge til rette, slik at politikvinner held ut på gata.

Dei peikar begge på at familiesituasjon og turnus kan vere til hinder.

Maren - sko

Maren på biblioteket på Politihøgskolen.

Maren leser

Eit nytt arbeidskrav skal inn.

Maren studerer

Det er mykje skrivearbeid på politiutdanninga.

– Eg har lyst på barn ein dag, og med éin gong eg blir gravid, blir eg tatt ut av teneste og flytta til etterforsking eller andre avsnitt. Då er det nok fort gjort å bli verande, seier Maren.

Det har ho rett i. Ifølgje HR-direktøren er dette noko som ofte skjer.

– Vi må nok inn og sjå på korleis vi legg til rette, slik at småbarnsforeldre kan jobbe i denne typen stillingar, seier Aslaksen.

– Kan det bli aktuelt med eigen småbarnsturnus?

– Det er for tidleg å seie at det vil vere eit tiltak, men med bakgrunn i dei tilbakemeldingane vi har fått, kan det vere eitt av fleire verkemiddel for at kvinner kan vere i slike stillingar over tid, svarar Aslaksen.

Politistudent Maren trur mange politikvinner endrar tankegang etter å ha fått barn: «Eg vil ikkje ut og utsette meg for ting» eller «turnus er ikkje så attraktivt».

– Eg trur mange kvinner ramlar av der, seier Maren.

På avsnittet til Hilde er dei opptekne av tilrettelegging etter at politikvinner har fått barn.

Hilde og makker i politibil

– Vi koplar på ein eigen instruktør i to veker, fortel Hilde.

Det er for å sikre at dei som kjem tilbake frå mammapermisjon får all den oppfølginga som trengst før vedkommande skal rykke ut med våpen igjen.

Neste gong det skal rekrutterast nokon på avdelinga til Hilde, håpar ho på mange kvinnelege søkjarar.

– Eg vil gjerne ha fleire, seier Hilde, som også blir kalla «Boss Lady», med eit smil.

Boss lady
Hilde på parole - latter

Miljøet er trygt og godt, fortel ho, sjølv om mannsdominansen er stor.

– Eg har mange kjempeflinke og veldig opne og dyktige mannlege tilsette som er flinke til å spele meg god.

Så kva trur du?

Vil Hilde få fleire kvinnelege kollegaer?

Hei

Takk for at du har lese heilt hit. Veit du om ei god historie som bør forteljast? Ta gjerne kontakt med meg. Alle tips blir behandla konfidensielt.

Les gjerne saka eg skreiv om dei første timane etter skredet i Gjerdrum. Sjå gjerne også Brennpunkt-dokumentaren eg laga om politiavhøyr. Trykk på knappen under for å sende meg ein e-post.