Sak om bortføring/gjeng

Yaqub blir funnen blodig av tilfeldig forbipasserande.

Lodalen i Oslo

Hendene hans er stripsa. Han ligg midt i vegen.

r7F8AG0PbUE

Ein storstilt politiaksjon blir sett i gang.

u2V16J_3sIg

Dette er ei historie frå skuggesida – og om eit miljø som held munnen lukka.

Stilt til ansvar for narkotikaen som forsvann

Stilt til ansvar for hasjen som forsvann

Narkotika for 4 millionar er borte. Det er snakk om eit hasjparti på mellom 60 og 65 kilo som er stole. Det pågår ein desperat jakt etter narkotikaen. Det blir brutalt.

Ein ung mann, vi kallar han Hassan, møter på politihuset i Grønlandsleiret i Oslo midt på natta. Klokka er rundt 01.30. Han har med seg familien sin.

Til politiet fortel Hassan at han fekk juling natta før. Fire menn kom til døra på sjåførsida av bilen hans rett etter at han hadde parkert. Døra blei riven opp, og mennene drog han ut. Han blei halden fast og slått i ansiktet.

Mennene forsøkte så å dra han inn i bagasjerommet på ein varebil.

Politimannen skriv ned det den unge mannen forklarer:

Ifølgje politirapporten blei det konstatert brot i nasen.

Få timar før han møtte på politistasjonen hadde han ein telefonsamtale som gjorde han redd. Anropet kom frå telefonen til ein kamerat, vi kallar han Mohammed, men det var ikkje Mohammed som snakka.

Det var ei ukjent stemme.

– Dersom du ikkje leverer det som er mitt, kjem eg om 45 minutt, skal mannen i andre enden ha sagt.

På politistasjonen fortel den unge mannen at han ikkje forstod kva mannen i telefonen snakka om, at han blei veldig redd og at han og familien reiste frå leilegheita i frykt.

Og no er dei her, på politistasjonen.

Historia til Hassan stoppar her. Yaqub blir involvert.

To netter seinare

Klokka 02.21 blir Yaqub kontakta på Facebook.

Portrett - ved blokka

Yaqub er ikkje det verkelege namnet hans. Han vil vere anonym av omsyn til barna og det nye livet sitt.

Han fortel at det ikkje er fordi han er redd for kriminelle.

Yaqub - gjengsak

Yaqub kjenner ikkje mannen som skriv til han på Facebook.

Tysdag 6. juni, kl. 02.21

Aber:Hva skjer yaqub
Yaqub:Ikke mye
Yaqub:Hvem er du bro
Yaqub:Jeg er litt dårlig med å huske
Aber:Jeg er han du har bøffa

Yaqub trur mannen køddar med han og svarer ja.

– Det skulle eg ikkje gjort, for då fekk han ekstra mistanke, seier Yaqub til NRK i ettertid.

Mannen skriv vidare:

Aber:Hehe walla du er tøff du..
Aber:Mashallah
Yaqub:Walla jeg husker deg ikke
Aber:Måtte Allah tilgi deg...
Yaqub:Å jeg er ikke en bøffer
Yaqub:Jeg er på riktig vei så ikke tenk på det mann
Aber:Hør her.. yaqub, du vet godt hva du har gjort..

Til NRK fortel Yaqub at han ikkje forstod kva mannen snakka om.

Yaqub forsøker å ringe til mannen via Facebook Messenger fleire gonger, men får ikkje svar.

Dei kommuniserer vidare skriftleg. Det er framleis midt på natta.

Aber:Hører du meg? Det er ikke så mye å prate om mann egentlif
Aber:Veldig enkelt, nr 1 første du gjør er å levete tilbake filmene du har tatt... etterpå vi tar det derifra
Yaqub:Hvilke filmer snakker du om?drømmer du?
Yaqub:Jeg er seriøs jeg også!!!
Yaqub:Ikke fuck med meg!!
Aber:Du vet hva jeg snakker om..
Yaqub:Good natt
Yaqub:

Yaqub blokkerer han.

Kort tid etterpå blir Yaqub kontakta av ein han kjenner. Dei har gått på same ungdomsskule. Mannen kjenner også han som Yaqub nettopp har blokkert.

Tysdag 6. juni, kl. 02.48

Shiman:Bro. Jeg må snakke med deg imorgon. Når er du ledig eller når våkner du opp?
Shiman:Jeg kommer hvor enn du er..ikke noe problem.
Yaqub:Ikke si det har noe med en tulling som skrev til meg at jeg har bøffa noen filmer?
Yaqub:Vet aa faen hva han snakker om
Shiman:Bror han tullingen du snakker om er kompisen min.
Shiman:Bedre å snakke sammen og løse det på en ordentlig måte før ting blir unødvendig..og hvis du ikke har noe med det å gjøre så ordner vi det også. Vil ikke ting skal gå så langt som det kan.

Snart blir Yaqub utpeikt som hovudmistenkt – ikkje av politiet, men av kriminelle. Han blir snart stilt til ansvar for hasjen som har forsvunne.

Yaqub seier til NRK at han ikkje visste at narkotika var borte og at han ikkje hadde noko med det å gjere.

Når natt blir til dag, skjer det mykje.

Møtet på Holmlia

Yaqub blir kontakta av fleire personar. Han forstår at han må gjere noko, finne ut kva som er greia. Han reiser til eit familiemedlem, som bur på Holmlia og kjenner mange, for å få hjelp.

Det blir arrangert eit møte utanfor ein Joker-butikk på Holmlia.

Det er fleire personar til stades, truleg rundt ti. I avhøyr hos politiet seier Yaqub at det er først no at han forstår kva mistanken mot han går ut på:

Dei står og pratar ei stund utanfor Joker-butikken, og til tider står dei i fleire ulike grupper. Yaqub trur han er reinvaska, at han ikkje lenger er mistenkt. Det trur også familiemedlemmen, som reiser heim.

Yaqub set seg inn i ein bil. Han blir med frivillig, men han føler han må. Det er to bilar som køyrer frå Holmlia til Gamlebyen.

– Viss eg hadde nekta, hadde eg vore «tjuv», fortel Yaqub til NRK.

Han er ikkje redd. Han seier han anar fred og ingen fare og at han trur alt er i ferd med å ordne seg.

– Eg var naiv, seier han.

Dei to bilane stoppar utanfor ei bustadblokk i eit vanleg nabolag i Gamlebyen. Yaqub får auge på ein han kjenner igjen.

Mohammed.

– Eg visste ikkje at du har slike vener, seier Yaqub til Mohammed utanfor bustadblokka.

Dei er naboar. Dei bur i same oppgang i Groruddalen.

Yaqub, Mohammed og to andre menn går inn i blokka i Gamlebyen. Snart startar mishandlinga.

Bilete av døra i bustadblokka

Dei går nedover korridoren, og i enden av den går dei inn i leilegheita til høgre. Det er ei trong hybelleilegheit.

Det er hyggeleg stemning. Dei pratar om ulike ting, mellom anna om fortida til Yaqub, som har vore prega av rus og kriminalitet. Han har ikkje vore guds beste barn. Han starta med narkotika tidleg i tenåra, og han har sona fengselsstraff for mellom anna grove ran, vald og truslar. I 2010 blei han dømt til fengsel i fire år og ni månader.

Yaqub fortel at han no var i ferd med å få livet på rett kjøl.

Nokre veker tidlegare var Yaqub i heimlandet, og då bestemte han seg for å ta tak i livet sitt. Han blei religiøs, tok religionen på alvor, som han sjølv seier. Han hadde starta å be og å faste under ramadan og vore rusfri i ein lengre periode.

Stemninga endrar seg

Det kjem fleire personar inn i den tronge hybelleilegheita. Yaqub kjenner dei ikkje. Han tek ut handa for å helse, men dei vil ikkje.

– Inga helsing og inga snakking, seier ein av dei.

Stemninga endrar seg brått. Ein av mennene legg ein pose på kjøkkenbenken. I den er det ein hammar, øks, batong og strips.

– Kor er varene? spør dei.

Yaqub seier han ikkje veit. Dei tek mobilen hans. Yaqub står framfor ein svart skinnsofa når det første slaget kjem. Dei slår med øks og dei spør om igjen og om igjen om kor hasjen er. Og for kvar gong Yaqub svarer at han ikkje veit, får han gjennomgå.

– Eg har sagt at eg ikkje veit, og då veit eg ikkje, seier Yaqub.

Yaqub trur livet er over.

Han blir slått til blods med ei rekkje slagvåpen. MC-buksa han har på seg, bergar kneskålene.

Yagub blir liggjande igjen i leilegheita i sitt eige blod. Gjerningsmennene forlèt han. Hendene er stripsa saman på ryggen, og framfor munnen har Yaqub ein gaffateip. Den er surra rundt hovudet hans to gonger.

Han klarer å hoppe ut av vindauget.

Alarmen går

Klokka 19.44 kjem den første naudtelefonen til politiet.

Fleire bilar og tilfeldig forbipasserande har stoppa i Dyvekes vei og ringt etter hjelp.

Dei har funne ein blodig mann midt i vegen.

Dyvekes vei

Det er Yaqub. Han hugsar at han la seg på magen i vegen og at han ropte etter hjelp.

La seg ned i vegen

Ei kvinne spring tilbake til bilen sin for å hente ei babybleie. Den brukar dei for å stoppe blødinga frå hovudet til Yaqub.

Dyvekes vei - 2

Ambulansepersonellet er allereie i gang med førstehjelp når den første politibilen er framme. Det har gått seks minutt sidan første melding.

Ambulansearbeidaren har forklart seg som vitne til politiet:

Ein politimann frå den første patruljen spør Yaqub kor han har kome frå. Yaqub ligg framleis på bakken. Han har fleire kutt i ansiktet og er blodig på hendene og på kleda sine. Politimannen oppfattar Yaqub som svært opprørt og stressa. Det skriv han i rapporten sin.

Yaqub svarer at han har hoppa ut frå blokka like bak.

– Det er der vindauget står opent, seier han og peikar.

Det er to meter ned.

Yaqub er fortvila og oppstemt. Han vil ikkje ligge i ro og må haldast nede. Han roar seg, blir fortvila, roar seg igjen. Han fortel at han har vore kidnappa av fleire personar og at dei har slått og mishandla han med både batong, øks og hammar.

Han fortel at dei skulda han for å ha stole partiet med hasj, men at han er uskuldig.

Yaqub blir lagd på båre. Han må til sjukehus raskt. Skadane han har fått i hovudet, kan vere store. Politiet har også dårleg tid: Dei må ta opp jakta på gjerningsmennene før dei kjem seg for langt unna.

Ein politimann tek to bilete av Yaqub før ambulansen køyrer.

I ambulansen
Foto: Politiet

Dei kan vere rett i nærleiken, gjerningsmennene. Politipatruljane som er på veg, speidar etter eventuelle fluktbilar på veg bort frå åstaden, sjølv om dei ikkje har nokon konkret informasjon å gå etter.

Politifolka har fått ordre om å væpne seg. Dei forstår tidleg at dei truleg har med farlege kriminelle å gjere. På sambandet har politipatruljane fått beskjed om at det kan vere snakk om kidnapping og at ein mann er stukken fleire gonger med kniv.

Dei første politipatruljane isolerer bygget slik at ingen kan komme seg verken inn eller ut. Snart skal dei aksjonere. Dei ventar berre på at beredskapstroppen skal komme.

Dei kjem til staden med fleire bilar. Dei aksjonerer mot fleire leilegheiter før dei finn den riktige.

Politiet på aksjon i Alnagata i Oslo

Utanfor søkjer politihundar etter spor.

9aP3YgGhen0

I ei av leilegheitene er det kaos.

Det er her mishandlinga skjedde.

Leilegheita

Vindauget som Yaqub har hoppa frå, står opent. Det er to meter ned til plenen.

Det er blod fleire stader.

Leilegheit og blodspor

Politiet finn fleire våpen.

Gjerningsmennene er borte, og dei har lagt igjen få spor.

Våpenfunn i leilegheita

Yaqub fortel til NRK at dei som mishandla han, hadde på seg hanskar.

Eit vitne som bur i blokka, sa til NRK, den same kvelden som mishandlinga skjedde, at han hadde høyrt rop om hjelp.

– Hjelp, eg døyr. Hjelp, eg døyr, skal ein mann har ropt ifølgje vitnet.

Politiets innsatsleiar på staden sa at dei ikkje visste kor lenge mannen hadde vore fanga i leilegheita før han hoppa ut av vindauget og fekk hjelp.

På sjukehuset fekk Yaqub mellom anna påvist brot i skallebeinet etter fleire slag mot hovudet.

Yaqub er tilbake utanfor bustadblokka i Gamlebyen i Oslo. Det er november 2020.

Det har gått tre og eit halvt år sidan mishandlinga skjedde. Han har ikkje vore her sidan den dagen i juni 2017.

Utanfor blokka

Han viser fram nokre bilete han har på mobilen sin.

På mobilen utanfor bustadblokka

I tillegg til brot på skallebeinet hadde han to kutt i hovudet som måtte syast med ni sting.

Bilete på mobilen - skade i hovudet

Han hadde bløding i venstre auge og fleire sårskader og blåmerke på ulike stader på kroppen.

(Yaqub har gitt NRK løyve til å bruke bilete av han. Han har endra seg sidan hendinga.)

Skader på kroppen

NRK har hatt tett kontakt med Yaqub sidan hendinga. Frå sjukehussenga skreiv han denne meldinga:

16. juni, kl. 10.50

Yaqub:jeg husker ikke så mye jeg. Jeg husker bare brutaliteten, slagene, sparkene, øksen, hammeren, teipen, og sripsene. 8-9 personer som angrep meg samtidig og drepte meg så å si.

Yaqub var på sjukehus i fleire veker etter hendinga. Dei første dagane passa politiet på han på sjukehuset, før han fekk valdsalarm.

Han var redd. Det kjem fram i sjukehusjournalane:

Yaqub var ein periode innlagd til psykiatrisk behandling. Han hadde store psykiske problem. Etter hendinga har han fått diagnosane posttraumatisk stressliding (PTSD) og panikkangst.

Tre og eit halvt år seinare skal retten kalle det som skjedde for ein koordinert aksjon og seie at Yaqub blei utsett for uprovosert, brutal mishandling som «ledd i en form for privat rettshåndhevelse».

Alt for å finne ut om han hadde noko med hasjen å gjere.

Tre personar blir tiltalte – men er det dei verkelege skurkane?

Arr i hovudet

Yaqub har arr i hovudet etter valden han blei utsett for.

Foto: SIMON SOLHEIM / NRK

Eit miljø som held kjeft

Seksjon for organisert kriminalitet i Oslo politidistrikt blei raskt kopla på saka. Det var ingen tvil om at dette var eit oppgjer i eit kriminelt miljø.

Mohammed blei arrestert av politiet klokka 21.59 same kveld. Han har ingenting på rullebladet frå før, så det er første gong han kjem i politiets søkjelys.

Narkotikaen som var borte, skal ha forsvunne frå garasjeanlegget som er knytt til blokka som Yaqub og Mohammed bur i. Yaqub trur at det er grunnen til at han blei mistenkt.

– Eg har jo ein dårleg bakgrunn. Det var lett å mistenke meg. Men eg er ingen «bøffer», og eg er heller ikkje kjent for å vere det, seier han.

Samtidig jakta politiet på mannen som bur i leilegheita der mishandlinga skjedde. Politiet fekk tak i mannen på telefon og bad han om å melde seg umiddelbart.

Det gjorde han ikkje.

Dagen etter, klokka 11.05, blei han arrestert. Han møtte sjølv på politihuset på Grønland.

Både han og Mohammed blei varetektsfengsla. Politiet aksjonerte mot fleire personar. Totalt åtte blei sikta eller mistenkte i saka.

Så skjedde det som ofte skjer i slike saker: at ingen vil snakke.

Dette er inga unik sak. Det er vanleg å ikkje snakke. I enkelte miljø kan indrejustisen vere ganske knallhard.

Anders Rasch-Olsen
Anders Rasch-Olsen

Anders Rasch-Olsen leiar seksjon for spesielle operasjonar (SO) i Oslo-politiet, som har ansvar for å jobbe mot dei tyngste kriminelle i byen.

Dei skal mellom anna avverge og avdekke drap, kidnappingar og bakmenn.

Anders Rasch-Olsen

Folka hans var sentral i arbeidet med denne saka og arresterte fleire av dei mistenkte.

– Dersom det blir kjent at nokon gir informasjon til politiet, kan det få konsekvensar, seier han.

Konsekvensar kan vere alt frå å bli fryst ut av miljøet til alvorlege valdshandlingar.

Han kallar det ein kodeks.

– Den går ut på at ein ikkje skal prate. Dei fleste vil ikkje bryte denne kodeksen, sjølv om det kan vere snakk om veldig alvorleg kriminalitet, seier Rasch-Olsen.

Det kan også handle om frykt.

– Når ein ser kva som har skjedd med fornærma i denne saka, så er det heilt naturleg at ein sjølv blir redd for represaliar.

Anders Rasch-Olsen, seksjonssjef, SO
Foto: SIMON SOLHEIM / NRK

Det er ikkje uvanleg at SO får informasjon om at narkotika er borte.

– Det skjer fleire gonger i året, seier Rasch-Olsen.

I enkelte miljø er terskelen for å bruke vald veldig låg, forklarer han, og viljen til å gå langt er ganske sterk.

– Dersom vi får vite om narkotika som er borte, gjer vi det vi kan for å unngå at noko skal skje. Vi har fleire døme på at vi har avverja valdshandlingar og oppgjer.

Denne gongen fekk dei ikkje vite at store mengder hasj var borte.

Måndag 30. november 2020 klokka 08.55 sit Yaqub klar i sal 250 i Oslo tingrett.

På tiltalebenken på motsett side sit tre personar saman med forsvararane sine.

I retten

Politiadvokat Kathrine Kristoff, som er aktor i saka, har med seg 956 sider med straffesaksdokument.

Likevel er det noko som manglar.

Aktor Kathrine Kristoff, politiadvokat

Dei som mishandla Yaqub, er ikkje her.

I retten

Rettssak utan hovudmenn og bakmenn

Dei tre dommarane tek plass. Retten blir sett, og Kristoff reiser seg og tek ordet.

– Dette er snakk om eit oppgjer i eit kriminelt miljø der det har gått føre seg ei eiga etterforsking, med ein eigen rettargang og straff, seier Kristoff.

Den som har blitt straffa i denne samanhengen, er Yaqub.

– Politiet har ikkje kome i posisjon til å finne bakmennene, dei som har bestilt denne valden, seier Kristoff.

Ho fortel at det næraste politiet har klart å kome ein bakmann, er mannen som kontakta Yaqub på Facebook midt på natta. Han døydde i ei bilulukke i eit land på Balkan kort tid etter valden mot Yaqub.

Dei som no er tiltalte, skal ikkje ha rørt Yaqub, men påtalemakta meiner dei har medverka til valden.

Siluett 1-2
Tiltalte 1: Mann (33). Leigde leilegheita der valden skjedde. Påtalemakta meiner han «medvirket ved i forkant å ha stilt sin leilighet til disposisjon for utøvelsen».

Skal ikkje ha vore til stades under mishandlinga.
Siluett 1-1
Tiltalte 2: Mann (33). Nær ven av tiltalte nr. 1. Ordna lån av leilegheita der valden skjedde. Han har ikkje forklart seg for politiet.

Påtalemakta meiner han var med på å føre Yaqub frå Holmlia og inn i leilegheita i Gamlebyen.
Siluett 1-3
Tiltalte 3: Mohammed (25). Har forklart at han var i leilegheita, men at han ikkje ville vere der. Påtalemakta meiner han medverka til valden. Vil ikkje forklare seg om andre.

Politiadvokat Kathrine Kristoff seier til NRK at dei no sit igjen med det politiet har klart «å skrape saman».

– Vi sit på ein måte igjen med restane, seier ho.

– Samtidig er det viktig å få fram at det ikkje er greitt å låne bort leilegheita si for at folk skal få juling. Det er ikkje greitt å ta fornærma med til leilegheita og å passe på han til dei andre kom, seier Kristoff.

Offer eller gjerningsmann?

– Kan det tenkast at klienten min også er eit offer her?

Advokat Inam Ghous Ali, som er forsvarar for Mohammed, tiltalte nr. 3, har reist seg og teke ordet i sal 250.

– Han har også blitt halden tilbake i fleire dagar, mot sin vilje. Politiet har sagt at forklaringa til klienten min har vore avgjerande, men så blir det brukt mot han. Retten må vere veldig bevisst på kva slags miljø som eigentleg står bak dette, seier Ali.

Mohammed har forklart at han måtte vere med fleire menn i dagane før valdshandlinga:

I retten fortel Mohammed at også han blei skulda for å ha stole hasjpartiet. Han fortel at han måtte vere med mennene i fleire dagar, rett i forkant av episoden med Yaqub. Dei budde på Tøyen Apartment.

– Dei truga med å kutte av armen min. Eg blei klapsa fleire gonger i ansiktet, seier Mohammed i retten.

– Kven var du med? spør aktor.

– Eg ønskjer ikkje å nemne namn på grunn av mi eiga sikkerheit. Men det var to personar.

Advokat Inam Ghous Ali

Advokat Inam Ghous Ali, forsvarar for Mohammed, seier miljøet det her er snakk om, er farleg og at klienten hans difor er redd for å snakke.

Foto: SIMON SOLHEIM / NRK

Kjærasten til Mohammed sit i vitneboksen. Ho er på gråten.

– Eg fekk ikkje tak i han på eit døgn. Eg visste ikkje om han levde, seier ho.

Ho fortel at Mohammed sa han var truga på livet og at det også gjaldt henne.

– Eg søkte ly hos ei venninne.

Mohammed og kjærasten sende meldingar til kvarandre via WhatsApp medan han var borte:

Søndag 4. juni 2017, kl. 01.46

Kjærast:Er de ferdig med deg?
Mohammed:Hysj
Kjærast:Ok
Mohammed:Ikke snakk mye

Søndag 4. juni 2017, kl. 05.14

Mohammed:Ikke kontakt meg før jeg kontakter deg, ikke svar på mld

Eit døgn seinare sender ho denne meldinga:

Tysdag 6. juni, kl. 20.21

Kjærast:Oppdater meg, har vært bekymra i hele natt og dag, visste ikke om du var i live engang

Politiadvokaten meiner Mohammed overdriv i retten, at han skildrar tvangen han blei utsett for, som meir alvorleg enn han gjorde i avhøyr med politiet, og at han tilpassar forklaringa si.

– Han har hatt ei eigeninteresse av at dei skulle finne det dei var ute etter. Det er sannsynleg at han hadde ei rolle i hasjen og at han stod i gjeld. Oppdraget var å ta personen som hadde teke det og å straffe han, seier Kristoff i retten.

Ho meiner det er mykje som tilseier at Mohammed har vore under press.

– Men han burde kontakta politiet, seier Kristoff.

Politiadvokat Kathrine Kristoff

Politiadvokat Kathrine Kristoff meiner Mohammed hadde handlingsalternativ.

Foto: SIMON SOLHEIM / NRK

Arresterer vitne

To av vitna som er kalla inn, møter ikkje. Kristoff seier at det ikkje er uvanleg.

– Det er symptomatisk i slike saker, seier ho.

Retten bestemmer at dei skal arresterast. Ein av dei spring frå politiet. Den andre blir arrestert og sett på glattcelle, der han må overnatte.

Han blir ført til vitneboksen av to arrestforsvararar to dagar seinare. Han var tidlegare sikta i saka. No er han vitne.

Mohammed sin forsvarar, Inam Ghous Ali, spør han om miljøet på Holmlia som skal ha vore involvert, har eit namn.

– Media kallar det Young Bloods, seier mannen.

Det er dette forsvararen vil få fram. Han meiner Mohammed har vore livredd.

– Det er svært, svært tungt å ha eit slikt kriminelt miljø etter seg. Min klient er ingen kriminell. Han burde sete på andre sida, saman med fornærma, og ikkje på denne sida, seier forsvarar Inam Ghous Ali i retten.

Sit klienten hans på svaret? Veit han kven disse mennene er? Vi spør Inam Ghous Ali når retten blir heva på siste rettsdag.

– Det er vanskeleg å seie om han kjenner til hovudmennene eller ikkje, men dei han kjenner til, har han ikkje ønskt å nemne namnet på i frykt for tryggleiken til seg sjølv og familien, seier Ali.

Advokat Randulf Schumann Hansen, som forsvarer dei to andre tiltalte saman med Thomas Øiseth, meiner saka er merkeleg og at tiltalen er feil.

– Dei som burde vore tiltalte, er ikkje her, seier han.

Fråværet av hovudmenn er nok ein viktig grunn til at klientane mine er tiltalte.

Forsvarar Randulf Schumann Hansen (til høgre)
Forsvararer Thomas Øiseth og Randulf Schumann Hansen

Det nye livet

Yaqub er glad rettssaka er over. Snart kjem dommen.

Yaqub

Han håpar han snart kan legge alt bak seg, sjølv om han må leve vidare med skadar og sjukdom.

Yaqub - gatelys

Det har kome noko positivt ut av det som skjedde. Det har ført til at Yaqub har fått lyst til å jobbe med menneske som slit med rus og kriminalitet.

For tida held han på å utdanne seg til erfaringskonsulent gjennom Oslo kommune. Han vil jobbe med barn og unge.

Dommens dag

Det er måndag 1. februar. Yaqub ringde tingretten fleire gonger førre veke. Dommen var ikkje klar.

No har han ringt på nytt og fått vite at den vil bli sendt ut i løpet av dagen.

Etter lunsj kjem dommen. Han er samrøystes. Alle dei tre tiltalte blir dømte til fengsel. Dei får fem, seks og sju månader. Dei får strafferabatt på rundt tre månader fordi saka har vore hos politi og påtalemakt så lenge.

«Retten fester ikke lit til de tiltaltes forklaringer», står det.

Dommarane meiner dei tre tiltalte har vore med på ein aksjon som har vore «koordinert og planlagt og hadde karakter av helt uakseptabel, privat rettshåndhevelse».

Dei meiner det er heilt tilfeldig at Yaqub ikkje «ble helt invalidisert av volden mot hodet».

Siluett 1-3
Mohammed var klar over kva som var i ferd med å skje, meiner retten.
Retten legg til grunn at Mohammed også blei utsett for vald.
Men dei meiner han overdreiv, at han i meldingane til kjærasten framstilte situasjonen som meir alvorleg enn han var.

Dommarane meiner likevel at Mohammed handla under ei viss form for tvang og at han følte seg pressa til å vere med på «operasjonen». Men han hadde handlingsalternativ. Han var ikkje i ein naudrettsituasjon.

«Slik retten ser det, var X (Mohammed) med på dette fordi han selv hadde interesse av at mistanken om hans egen involvering ble avsannet», står det i dommen.

Alle tre ankar dommen.

Mange spørsmål utan svar

Yaqub er glad for at nokon blir stilt til ansvar for det som skjedde. Han har nettopp lese dommen:

Yaqub:Jeg syntes det er bra at de ble dømt,men straffen er skuffende å kan sende uheldig signaler videre at man ikke får så høye straffer.

Grunnen til at han har valt å stille opp i denne reportasjen er at han vil åtvare andre mot eit liv på feil side av lova.

– Det er ikkje verdt det, seier Yaqub.

Det går berre ut over dei som er glade i deg: Mammaen din, pappaen din og resten av familien. Livet er veldig kort.

Yaqub
Yaqub i Gamlebyen

Politiet har ikkje klart å finne ut noko meir om hasjpartiet som blei borte, men politiadvokat Kathrine Kristoff seier at alt tyder på at Yaqub var eit uskuldig offer. Dei tok feil mann.

Saka med Hassan, den ungen mannen som møtte på politistasjonen midt på natta, blei sett i samanheng med hendinga mot Yaqub. Men politiet har ikkje klart å finne ut noko meir om det som skjedde.

Tisseprøvene til Yaqub har vore reine sidan før hendinga. Han får bruke tid med barna sine. No er han også i praksis som erfaringskonsulent. Han jobbar med menneske som er i aktiv rus.

Psykologspesialisten som Yaqub har gått til dei siste åra, seier han har jobba bra og teke tak i situasjonen sin.

No går livet vidare.

– Eg skulle sjølvsagt ønskt at eg hadde fått svar på kven som nemnde namnet mitt, seier Yaqub.

Han tek ein pause.

– Og kven desse gutta er.

Det får han nok aldri vite.

Hei

Takk for at du har lese heilt hit. Veit du om ei god historie som bør forteljast? Ta gjerne kontakt med meg. Alle tips blir behandla konfidensielt.

Les gjerne saka eg skreiv om dei første timane etter skredet i Gjerdrum. Sjå gjerne også Brennpunkt-dokumentaren eg laga om politiavhøyr. Trykk på knappen under for å sende meg ein e-post.

Oppdatert 13. februar: Alle dei tre tiltalte ankar dommen frå tingretten.

  • Høyr podkasten Oppdatert: