Hopp til innhold

Norske familiar tener over 570 millionar på Airbnb

Ifølgje Airbnb har over 670.000 turistar brukt tenesta i Noreg det siste året. Reiselivsnæringa meiner utleigeplattforma trekkjer til seg gjestar som elles ikkje ville kome til landet.

Feriehus i Røyken

Familien Sunnarvik-Ween på Nærsnes i Røyken leigde ut huset sitt i sommar.

Foto: Fabian Skalleberg Nilsen / NRK

– Eg trur ikkje dette berre er negativt, me ser at Airbnb opnar opp for andre typar gjester som ikkje ville kome om det berre var kommersiell overnatting her.

Pål Knutsson Medhus er turistsjef på Geilo, ein av turiststadene som ser at fleire og fleire turistar vel privat overnatting når dei tek turen til fjells.

Slik fordeler Airbnb-turismen seg

I sin eigen rapport meiner Airbnb at tenesta deira bidreg til å spreie turismen meir frå dei tradisjonelle turiststadene. Her ei oversikt over kor det finst Airbnb-overnatting i landet.

Foto: Skjermdump / Airbnb

Auke på 56 prosent

Han ser dei same trendane som Airbnb sjølv legg fram i ein rapport i dag. Det blir berre fleire som nyttar seg av tenesta der ein kan bestille private rom og leilegheiter i heilt vanlege hus.

Turistsjef Pål Knutsson Medhus liker dette.

Pål Knutsson Medhus ser at andre typar turistar kjem til Geilo via Airbnb, enn gjennom dei kommersielle overnattingsstadene.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

Heile 17 500 nordmenn har delt heimen sin på nettstaden det siste året, og dei har tent 572 millionar på overnattingsbesøk. 671 000 gjester har fått ei seng i ein privat heim. Det er ei auke på 56 prosent frå i fjor.

– Før var overnattingsmoglegheiter for familiar på reise, avgrensa til hotell der dei måtte leige to og tre rom for å få plass til alle. Med heimdeling er det lettare for dei. Me ser at dei ofte blir lenger når dei leiger ein heim, brukar meir pengar på andre ting enn overnatting, og kan besøkje stader som før var utilgjengelege for turistar, seier pressesekretær for Airbnb i Noreg, Bernard D'Heygere til NRK.

Det er nettopp av desse grunnene, turistsjefen ser at turistnæringa ikkje berre tapar pengar på at turistar vel vekk hotell og hytter.

– Kommersielle brukar også Airbnb

– Det er todelt, kommersielle aktørar vil få ein viss lekkasje, men det viser seg at dei som brukar Airbnb aldri ville ha brukt eit kommersielt tilbod. Det er veldig ofte unge par som ikkje ville hatt råd til å reise på lengre turar, om det ikkje var for denne løysinga, seier Medhus.

Dei har sjølv akkurat gjort ei undersøking som viste at Geilo hadde 83 forskjellige Airbnb-einingar med til saman 236 senger.

– Det er eit lite hotell det, kommenterer Medhus.

– Men når det viser seg at private nordmenn tener nesten 600 millionar i året på dette, må det vel bety tapte pengar for turistnæringa?

– Eg skal vere forsiktig å meine noko om det, men deler av summen er eg sikker på vil vere ekstra inntekter frå turistar som elles ikkje ville kome. Kanskje brukar dei meir pengar på mat og andre ting. Me ser jo at kommersielle aktørar også legg ut sengeplassar på Airbnb, og me har ingen indikasjonar på at det har gjort noko med overnattingsprisane her.

Karoline Sunnarvik-Ween leier ut huset i sommer

Karoline Sunnarvik-Ween er glad i å leige heimane til folk når ho, sambuaren og dei tre barna skal ut på ferie.

Foto: Fabian Skalleberg Nilsen / NRK