NRK Meny
Normal

Airbnb-utleigar: – Terskelen blir høgare for å leige ut

Regjeringa fjernar skattefritaket for Airbnb-utleige, men reiselivsnæringa meiner dei bør gjere det enda vanskelegare for at hotellnæringa ikkje skal bli konkurrert ut.

Karoline Sunnarvik-Ween leier ut huset i sommer

Familien Sunnarvik-Ween på Nærsnes i Røyken leigde ut huset sitt i sommar og håpar å kunne halde fram med Airbnb, sjølv om det blir mindre å tene på det.

Foto: Fabian Skalleberg Nilsen / NRK

– Det blir jo mindre attraktivt å leige ut. Når det skal skattleggast må ein gjere den ekstra jobben med å setje seg inn i reglane. Det gjer at eg blir meir tilbakehalden.

Karoline Sunnarvik-Ween er ein svoren Airbnb-tilhengar.

Ho og familien brukar nesten alltid utleigeplattforma når dei reiser på ferie. I staden for at huset har stått tomt heime i Røyken, har dei også leigd ut huset fleire somrar.

Eit skritt på vegen

Fram til nå har familien kunne tent opptil 20 000 skattefrie kroner i året. Regjeringa har nå gjort reglane strengare. I årets statsbudsjett stramma dei inn grensa til 10 000 kroner, og ein må skatte av 85 prosent av inntekt over denne grensa.

Det er ikkje nok, meiner Virke.

– Å fjerne skattefritaket er eit viktig skritt på vegen, men me meiner også det må bli stilt krav til skatterapportering og innlevering av statistikk, meiner direktør i Virke Reise Norge, Line Endresen Normann.

Skjermbilde frå Airbnb-nettside

Det er lett å få tak i overnattingsplass på nettplattforma. På Geilo tilby 83 forskjellige einingar privat overnatting.

Ho er ikkje overraska over den store auken til Airbnb i Noreg det siste året. Norske familiar tente over 570 millionar kroner på å leige ut heimen sin det siste året. Det går utover hotellnæringa, meiner organisasjonen.

– Me må sikre at dei som tener mykje pengar på dette, blir omfatta av dei same reglane som hotellbransjen. Elles har bransjen tapt før dei har fått vere med på konkurrere, men det er ingen tvil om at dette også bidreg til skjerpa konkurranse og større mangfald.

Det er også for å beskytte hotellnæringa regjeringa la inn endringa i budsjettet.

– Skattefritaket gjev ein fordel for private personar som me ikkje ynskjer å vidareføre. Dette (Airbnb) konkurrerer med hotellnæringa som også driver overnattingsverksemd i korte tidsrom, men som i motsetning må skatte frå fyrste krone, seier Vetle Wang Soleim, skattepolitisk talsmann i Høgre.

Slik fordeler Airbnb-turismen seg

I sin eigen rapport meiner Airbnb at tenesta deira bidreg til å spreie turismen meir frå dei tradisjonelle turiststadene. Her ei oversikt over kor det finst Airbnb-overnatting i landet.

Foto: Skjermdump / Airbnb

Perfekt for barnefamiliar

Trass i skatteendringane trur familien i Røyken at dei kjem til å leige seg inn på Airbnb på ferie, og leige ut huset til sommaren.

– Eg trur me som har gjort det før vil halde fram, men om ein ikkje har gjort det før, blir terskelen høgare når ein må setje seg inn i nye reglar. Det er ikkje så mykje ein får når ein leiger ut, men det har vore ein fin liten ekstrainntekt.

Ho meiner konseptet er perfekt for barnefamiliar.

– Som barnefamilie med tre barn er det mykje betre å leige eit hus eller ein leilegheit enn to hotellrom som blir så mykje dyrare. Då har me også meir pengar til å gå ut å ete, gå på tivoli eller akvarium.

Feriehus i Røyken

Karoline Sunnarvik-Ween har berre gode erfaringar med å leige ut huset sitt i Røyken. Ho er også glad for å bruke overnattingssida på utanlandsferie.

Foto: Fabian Skalleberg Nilsen / NRK