Folk strøymer til påskefjellet: – Beste start på seks år

Turistforeininga melder om knalltal frå påskefjellet i palmehelga. Ikkje sidan 2013 har så mange overnatta på DNT-hyttene i starten av påska.

Solheimstulen

Mange var bekymra tidlegare i vinter om snøen skulle halde i fjellet til påske. Det er rett nok mindre snø enn normalt i Sør-Noreg, men nok snø til at folk strøymer til fjells.

Foto: Marius Dalseg Sætre

– Med minusgrader om natta og strålande sol om dagen, har me fått ein knallstart på påska. Det viser også besøkstala, me har ikkje hatt så god trafikk på hyttene våre sidan 2013, seier Mari Stephansen, kommunikasjonsrådgjevar i DNT.

Bekymringa om lite snø og sein påske tidlegare i vinter har ikkje fått folk til å droppe turen til fjellheimen i påska.

Mann med pulk på tur

Solheimstulen har i mange år vore privat, men har denne sesongen blitt tatt over av DNT. Det er bilveg heilt til hytta og mange gjer som denne skituristen og brukar hytta som startpunkt for lengre turar innover til Hardangervidda.

Foto: Marius Dalseg Sætre / DNT

Mange vil nyte siste rest av vinter

Tal frå DNT den fyrste helga i påska viser ein oppgang på tre prosent i forhold til i fjor. Da var påska tre veker tidlegare og står igjen som ein av dei aller beste etter ein usedvanleg snørik vinter.

Samanlikna med snittet dei fem siste åra opplever dei betjente hyttene til DNT ein oppgang på 15 prosent på dei 31 betjente hyttene som er opna i påska. Den fyrste helga har 4554 personar overnatta på hyttene.

– Det er tydeleg at folk vil nyte siste rest av vinteren og utnytte april til fjells. Denne tida er heilt spesiell, med varme frå sola og lange lyse dagar, seier Stephansen.

Hardangervidda er området med størst oppgang på overnattingar med 22 prosent.

Går sabotørruta

Ein stor gjeng frå DNT ung går i tungtvassabotørane sine fotspor denne veka med start frå Solheimstulen og mål på Rjukan.

Foto: Marius Dalseg Sætre / DNT

Frå politi til hyttestyrar

Solheimstulen i Uvdal ved inngangen til Hardangervidda er ei av dei betjente hyttene som har hatt fullt opp med folk i palmehelga.

– Det er travelt og skikkeleg trykk. Me har rundt 40 sengeplassar og hadde litt i overkant av det med gjester i helga. Nokon sov på madrass på romma, me har jo alltid plass, fortel styrar Tor Einar Kvale på telefon.

Bestyrar Solheimsstulen

Tor Einar Kvåle har bytta ut toppjobb i politiet med fjelljobb i DNT. Kona Kristin Granne er med som ekstrahjelp i påska, men har ein anna jobb til vanleg.

Foto: Marius Dalseg Sætre / DNT

Han har si aller fyrste påske som styrar på DNT-hytta. Kvale er pensjonert politimann og kjem frå leiarjobbar i Kripos og Øst politidistrikt, til hytta som DNT har tatt over denne sesongen.

– Det har vore veldig bra og det skjer noko heile tida. Men eg er vant til å halde roa, og det kjem godt med når det kokar her.

Godt føre resten av påska

Skiføre på dei fleste kantar av fjellområda i landet vil halde seg godt utover i påskeveka. Det er hardt føre tidleg på dagen, medan sola mjukar opp føret utover dagen.

I nord er det meir snø enn normalt, medan det er mindre i Sør-Noreg.

DNT-skilt
Foto: Marius Dalseg Sætre / DNT

– Kulda gjer at snøen held seg, og med fine langtidsmeldingar ser det lovande ut for trafikken framover. Tradisjonelt blir det rolegare i siste del av påska, så me har god plass til fleire, seier Stephansen.