Hopp til innhold

– Påska er redda i fjellet

Bekymringa om lite snø i fjellet har snudd dei siste vekene. Når DNT opnar vintersesongen denne helga, har snømengda nærma seg det normale over heile Sør-Noreg.

Opnar Mårbu

På Mårbu på Hardangervidda har dei denne veka jobba hardt for å gjere hytta klar til sesongstart. Hyttedrivar Svein Arne Tyssebotn melder om 50 centimeter snø og gode forhold.

Foto: Mårbu turisthytte / DNT

– I februar var me jo bekymra for korleis snøforholda ville bli til påske, men så slo det til akkurat som me hadde håpa.

Johan Fegri er driftssjef i DNT Drammen og Omegn som opnar tre betjente hytter for skituristar denne helga. Snøforholda har endra seg drastisk frå vinterferien da fleire med han var bekymra for snøforhold langt under normalen over heile fjellheimen i Sør-Noreg.

Gode snøforhold over heile fjellheimen

Mange blei nok bekymra for at skiføre skulle forsvinne i fjellet til den uvanlege seine påska. Men mars månad har gjeve fjellfolket akkurat det dei håpa på.

– Nå er det gode forhold over alt og det er berre fantasien som stoppar deg. Snøen har sett seg godt, sjølv om det har blåst ein del og det nok varierer litt kor mykje snø det er forskjellige plassar. Men det er godt med snø og me kan seie at påska er redda nå, seier Fegri.

Mårbu sett frå lufta

Det såg innbydande ut ved Mårbu på Hardangervidda denne veka. Hytta har 38 sengeplassar og ligg nær fylkesgrensa mellom Buskerud og Telemark og grensa til nasjonalparken.

Foto: Mårbu turisthytte / DNT

Hydrolog Heidi Bakke Stranden i NVE har full oversikt over snømengdene og bekreftar det DNT fortel.

– Det såg jo ganske nattsvart ut i februar, men nå ser det betydeleg betre ut. Det ser me både frå målestasjonane våre og observasjonar. Det har nok kome ein halvmeter fleire stader i fjellet. Det er framleis under normalen, men det er ikkje på minimumsnivået som det var tidlegare i vinter, seier Stranden.

Skjermdump Senorge

På Senorge.no kan ein mellom anna sjekke snømengder over heile landet. I store delar av fjellområda varierer det frå 50 til 200 centimeter snø akkurat nå.

Foto: Skjermdump

Ny DNT-hytte

Nokre av dei betjente hyttene til Turistforeininga på Hardangervidda, i Jotunheimen og i Rondane har vore opne sidan vinterferien, men mange opnar denne helga. Og enda fleire til påske.

I fjor hadde Turistforeininga eit rekordår på hyttene sine, og hyttene ser ikkje ut til å bli mindre populære i år.

– Det er jamn vekst på alle frontar. Me får fleire medlemmar og det er større interesse for hyttene og aktivitetane våre, seier Mari Stephansen, kommunikasjonsrådgjevar i DNT.

Kalhovd

Kalhovd på Hardangervidda er ein av hyttene som opnar denne helga. Hytta med 75 sengeplassar er ein av dei mest vanlege inngangsportane til vidda.

Foto: Marius Dalseg Sætre / DNT

Solheimsstulen på Hardangervidda er eitt av dei aller nyaste tilboda deira. Hytta opnar som DNT-hytte for aller fyrste gong i helga og blir mellom anna tilrådd for barnefamiliar og andre som ikkje vil gå dei lengste turane.

– Solheimsstulen er eit godt utgangspunkt frå austsida til vidda. Det er bilveg heilt fram og ein kan kome dit med buss. Der kan du velje mellom kvista løyper innover mot fjellet, eller du kan gå i oppkøyrde løyper nedover mot låglandet, fortel Johan Fegri i Drammen DNT og Omegn som driv hytta.