DNT fryktar massiv utbygging: – Hytta vår blir redusert til ei hamburgarsjappe

TEMPELSETER (NRK): Skiheis opp til Høgevarde på 1459 meter over havet er berre ein av mange store utbyggingsplanar i området rundt Norefjell. DNT er redd planane vil øydelegge fjellområdet for fotturistar.

Høgevarde-hytta på norefjell

Den nye Høgevarde-hytta blei opna i 2017 og ligg på 1400 meter. 59 meter høgare opp og ein liten tur unna ligg Høgevarde-toppen der det er planar om skiheis.

Foto: Jan Sundberg / DNT

– Dette er noko av det villaste fjellandskapet me har på Austlandet i dag. Området vil bli heilt annleis og i mine auge bli heilt tapt som friluftsområde slik det er i dag.

Simon Torgersen, dagleg leiar i DNT Drammen og Omegn, brukar sterke ord når han beskriv planane for utbygging av området rundt Norefjell.

Dette er det nærmaste fjellområdet frå Oslo, berre 1,5 times køyring unna. I dag finst det over 7000 hytter i området og får kommunane som dei vil kan det bli bygd godt over 5000 nye hytter i området framover.

– Hytteutbygging har blitt den nye olja

Naturvernforbundet er bekymra over satsinga på hytteutbygging i distrikta over heile landet. Dei meiner ein ikkje tek rapporten frå FNs naturpanel på alvor som seier at tap av natur er ein like stor trugsel som klimaendringane.

– Hytteutbygging har blitt den nye olja for Bygde-Noreg. Me bygger jo ned den naturen som folk kjem for å oppleve, seier Martin Lindal, leiar for Naturvernforbundet i Buskerud, og legg til:

Martin Lindal på Tempelseter

Naturvernforbundet er bekymra for at kommunane sjølv sit med det meste av styringa for kor mange hytter dei kan legge til rette for.

Foto: Azad Razaei / NRK

– Det er negativt for dei som kjem på besøk og negativt for dyreliv, planteliv og naturmangfald. Om me held fram slik vil jo dette føre til at me har lite natur om 50 år.

Vil kunne ta heisen til DNT-hytta

For to år sidan opna turistforeininga den nye Høgevarde-hytta på 1400 meter. Viss planane om skiheis til toppen av fjellet blir realisert blir hytta liggande midt i eit skianlegg.

– Dei som kjem opp med heisen, kjem til å kome opp på åskammen rett bak hytta her, seier Torgersen og peikar på bilde som heng på kontorveggen.

Peikar på Høgevarde

Hytta har blitt ein av DNT Drammen og Omegn sine mest populære hytter. Men om det blir skiheis til toppen trur Simon Torgersen ikkje DNT kjem til å ha hytte der lengre.

Foto: Azad Razaei / NRK

– Da kan ein jo begynne å lure på kva me skal bruke hytte til etter kvart. Skal me begynne å steike hamburgarar og selje toddy til alpinturistar, eller skal det vere eit friluftslivsmål?

Vil ha 4000 nye hytter

Sigdal er ein av kommunane rundt Norefjell med store utbyggingsplanar. I kommunedelplanen sin, som går fram til 2030, har dei føreslått 4000 nye hytter.

Dei er også ein av mange distriktskommunar som kjem til å slite med å halde på folketalet i åra framover. Ordførar Anne Kristine Norman (Sp) meiner reiselivssatsinga derfor er heilt avgjerande.

– Dette her handlar jo mykje om at kommunen vår skal overleve. Me må klare å skape ting og arbeidsplassar som gjer at folk vil ynskje å bu og jobbe her. Det er jo slik me i distrikts-Noreg jobbar med å halde oppe folketalet.

Anne Kristine (Tine) Norman, ordførar i Sigdal

Tine Norman leiar Noregs femte største hyttekommune. Sigdal har i dag 4891 hytter, mellom anna i området rundt Tempelseter som har kort veg til Høgevarde.

Foto: Azad Razaei / NRK

– Men kan dykk bygge så mange som 4000 nye hytter når arealendringar ifølgje FN er ein like stor trussel som klimaendringane?

– Nei, det er ikkje sikkert me kan det og eg tenkjer at den diskusjonen skal me jo i gang med nå. Sjølvsagt må me ta innover oss tilbakemeldingar, også må me stå for det som me meiner er viktig for Sigdal. Dette er ikkje hogge i stein, seier Norman.

Redd dei må selje Høgevarde-hytta

Som også peikar på at skitrekket opp til Høgevarde har vore i planane til kommunen i 30 år og vil gjere det lettare for folk flest å kome seg til fjells.

Nye Høgevarde-hytta stod klar i 2017

Høgevarde-hytta har 52 sengeplassar og er open heile året.

Foto: Johan Fegri / DNT

Da kan fjellområdet miste den populære turistforeningshytta frå 2017, meiner Simon Torgersen.

– Det vil jo vere perfekt for eit skianlegg med ei varmestove der. Eg er redd det er andre aktørar, som har eit heilt anna forhold til friluftsliv enn me, som vil kjøpe hytta.