Vil at dette skal bli verdas mest miljøvenlege turisthytte

Mange av DNT-hyttene får straumen frå dieselaggregat og brukar framleis oljefyring. Eit unikt pilotprosjekt skal gjere slutt på dette og har mål om å revolusjonere hytte-Noreg.

Rauhelleren

Slik ser det ut på Rauhelleren ein vinterleg marsdag. Snart kan du sleppe motorduren frå dieselaggregatet og i staden bli ta ein varm dusj med vatn varma opp frå solfangarar.

Foto: Marius Dalseg Sætre / DNT

– Målet vårt er å ta den erfaringa og løysingane me får til her vidare til andre DNT-hytter, private hytter og kanskje også bustadhus.

Det er ikkje små ambisjonar marknads- og driftssjef Johan Fegri og DNT Drammen og Omegn har for sitt store prosjekt på Hardangervidda.

– Ei miljøbelasting

Det fyrste målet er å få gjort noko med dei store og durande dieselaggregata som forsyner mange av DNT-hyttene langt til fjells med straum.

Rauhelleren

Rauhelleren ligg rett ved Langesjøen og er ein populær hytte både sommar og vinter. Hytta er betjent, har 58 sengeplassar og er i år open frå 22. mars til 28. april og 28. juni til 20. september. Resten av året er hytta sjølvbetjent.

Foto: Marius Dalseg Sætre / DNT

DNT har 44 betjente hytter. Halvparten av dei ligg så utilgjengeleg til at dei ikkje er kopla til straumnettet og derfor er avhengig av aggregat. Dette lagar støy 24 timar i døgnet og kvar vinter må all dieselen dei brukar på Rauhelleren bli køyrd over to mil med snøskuter.

– Det er olje, støy, sot og lekkasjar. Det medfører både mykje ugreitt arbeid og er jo ein miljøbelastning i seg sjølv, fortel Hans Olav Lægreid, som har vore styrar på Rauhelleren gjennom 32 år.

Hans Olav Lægreid

Hans Olav Lægreid tok over Rauhelleren som 21-åring i 1987 og har sidan drive hytta. Det var bestefaren hans som fekk i oppdrag av Turistforeininga å bygge hytta i 1925.

Foto: Henning Hoff Wikborg / DNT

Dei siste 20 åra har han jobba aktivt for å drive hytta mest mogleg miljøvenleg. Mellom anna blir det frakta varer med hest og kjerre inn til hytta på sommartid.

Men nå er det heilt andre dimensjonar på dei miljøvenlege tiltaka.

Solfangarar og vindmøller

Skisse av solenergi-hytta

Slik kan det sjå ut på Rauhelleren når solenergi-prosjektet står ferdig. Ideen bak prosjektet var det elektroingeniør Jan Tonhaugen som fekk etter å ha ligge og irritert seg over duren frå dieselaggregatet.

Foto: Skisse / DNT
  • Eit stort solcelleanlegg som blir eit såkalla «off-grid-anlegg». Sidan ein ikkje er kopla til det vanlege straumnettet, må ein erstatte det med batteri.
  • Desse batteria er like store som to Tesla-bilar og blir lada av solcelleanlegget. Dei skal kunne drifte hytta gjennom natta.
  • Bytte ut oljefyringa med solfangarar på taket. Det er foreløpig dimensjonert med 25 kvadratmeter med solfangarar som skal fyre opp hytta og varmtvatnet.
  • Ein stor CO₂-nøytral vedomn, som også skal brukast som forbrenningsomn for å kvitte seg med avfallet.
  • I tillegg håpar ein å bli heilt uavhengig av eit naudaggregat ved å sette opp ein eller to små vindmøller. (på korte dagar med lite sol om vinteren må ha ein framleis ha aggregat tilgjengeleg om ikkje batteria blir lada nok opp)

– Dette er heilt nytt og det finst bortimot ingen anlegg av denne storleiken. Det at det er så langt frå allfarveg med dårleg mobildekning, og at me berre er på hytta seks månader i året, gjer det ekstra utfordrande, seier Fegri i DNT Drammen.

Johan DNT

Johan Fegri er ein av mange som jobbar med solenergi-prosjektet på Rauhelleren.

Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø / NRK

Stor interesse for miljøvenleg turisme

Sidan hytta er sjølvbetjent halvparten av året, er målet også å få til ei løysing som gjer at anlegget blir kopla opp mot ein vêrvarslingsteneste som Yr. Da kan anlegget få vite at det er meldt sol dagen etter som vil fylle opp batteria.

Fyrste del av prosjektet starta i vår og i sommar har ei energibu som skal huse det meste av utstyret kome på plass.

– Berre ved å få opp det synlege teiknet der merkar me at det er ei enorm interesse blant turistane på Rauhelleren. Me merkar medlemmene våre er meir opptekne av miljøet, blant anna vel fleire og fleire å bruke buss og tog til hyttene våre, seier Fegri.

Styrar Lægreid forstår professorane som tidlegare i år gjekk ut og meinte at friluftsliv var ein av klimaverstingane, men nå meiner han at ein går i riktig retning.

– Utviklinga har vore er veldig feil, men kanskje er ein på veg inn på eit spor som er berekraftig. Ein må gje rom for å utvikle seg i riktig retning også. Løysinga er ikkje å slutte med friluftsliv fordi det finst mykje fancy utstyr på marknaden, meiner hyttedrivaren gjennom 32 år.