Hopp til innhold

– Hyttebygging er ein av dei største trugslane mot norsk natur

Tapet av natur er ein like stor trugsel som klimaendringane, ifølgje ein ny FN-rapport. I Noreg er omfattande hyttebygging ein av dei største trugslane, meiner fleire politikarar.

Hyttefelt i Øystre Slidre

Hyttedraumen må kanskje ofrast som klimatiltak i framtida.

Foto: Espen Bratlie / Samfoto

Mandag kom den alarmerande rapporten frå FN. Nesten ein million artar i verda er truga av å bli utrydda. Over heile kloden må tiltak setjast i verk snarast for å snu utviklinga.

Skal vi ta betre vare på naturen, er eit av tiltaka å bygge færre hytter i norske fjell.

– Vi må bygge færre hytter og fritidshus, bygge ned mindre natur og få meir ut av kvar kvadratmeter, seier Stein Lier Hansen, administrerande direktør i Norsk Industri.

Hansen er ein aktiv jeger og friluftsmann, og har tidlegare vore generalsekretær i jegerforbundet, leiar i Direktoratet for naturforvaltning og statssekretær i Miljøverndepartementet.

Stein Lier Hansen

Administrerande direktør i Norsk Industri, Svein Lier Hansen, meiner vi må tenke oss betre om før vi bygger nye hytter og fritidsbustader.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Han meiner nedbygging er den største trugselen i Noreg mot naturen. Hansen viser til at når industrien bygger nytt, gjer dei det der det allereie har vore industri.

– Medan vi diskuterer arealplanlegging og snakkar om tap av naturmangfald, så fløymer det inn med planar om omfattande tilretteleggingar for fritidsbustader med vatn, straum og vegar. Summen av planane er i ferd med å rasere norsk natur, seier Hansen.

Kuta beach på Bali flaumer over av søppel

Kuta beach på Bali fløymer over av søppel.

Foto: Maxim Blinkov/Shutterstock.com

Det kan blant anna få konsekvensar for dei som ber på draumen om ei hytte i den norsk fjellheimen.

Hansen i Norsk Industri viser til kommunar som planlegg og godkjenner 2000–3000 fritidsbustadar. I staden ber han om at vi blir meir opptekne av å utvikle teknologi og produsere mindre avfall.

– Alle land blir styrt av økonomisk gevinst. Alle er like dårlege når det kjem til dei store spørsmåla, seier Hansen engasjert.

Tiltak for truga artar

Stortinget har allereie gjort mange vedtak som går i riktig retning.

Det er vedtatt at vi skal verne ti prosent av skogen og kartlegge gammalskog. Det er vedteke at 15 prosent av øydelagt natur skal restaurerast innan 2025, myr og vassdrag skal vernast for å redde dei mest truga artane våre.

Men det blir ikkje sett handling bak krava, meiner generalsekretær og biolog i miljøorganisasjonen Sabima, Christian Steel.

– Viss ikkje eingong vi i verdas rikaste land greier å ta vare på naturen, kven skal greie det då, spør Steel retorisk.

Dette handlar om arealforvaltning, peikar han på. Og meiner at lovverket vi allereie har, ikkje vert brukt i tilstrekkeleg grad.

– Vi har sagt vi skal setje i gong 400 redningsaksjonar for truga artar, kor mange har vi i dag? Vi har 13. Kor lang tid vil det då ta å redde desse artane? 800 år, seier biologen.

Tidlegare i år kritiserte Riksrevisjonen at lovverket ikkje blir følgt opp når det gjeld vern av naturen.

Andre levemåtar

Fleire tiltak må setjast i verk på fleire nivå samtidig, meiner Anne Sverdrup-Thygeson professor i bevaringsbiologi ved NMBU.

– Vi må både endre vår personlege måte å leve på, forbruke mindre, ete mindre kjøtt, begrense kor mykje vi flyr, ikkje kaste mat – alt dette som vi høyrer mykje om. Samtidig må det gjennomgripande endringar til på eit større nivå, og dei må styrast politisk, seier Sverdrup-Thygeson.

Ho meiner det må koste å øydelegge naturen.

– Det må bli slik at kostnaden med å øydelegge natur blir tatt med i reknestykka. No lønnar det seg å bygge ned natur, fordi det som går tapt ikkje kjem med i reknestykket, seier Sverdrup-Thygeson.

Over 75 prosent av den naturlege vegetasjonen på kloden er endra.

Avskoging på Madagaskar

Avskoging er blitt ein konsekvens av landbruket på Madagaskar.

Foto: Dudarev Mikhail/Shutterstock.com

– Vi må begynne å tenke på ein annan måte og ta vare på det som er igjen, samtidig som vi restaurerer det som har blitt øydelagt, seier Sverdrup-Thygeson.

Ho vil at vi skal bygge opp igjen fiskebestandane i havet, få tilbake blomsterengene i jordbrukslandskapet og sørge for å få nok dødt trevirke i skogane til at sopp og insekt som lever der har ein stad å leve.

Dei største naturvernarane på Stortinget ber regjeringa setje i verk tiltak snarast.

Arild Hermstad er nasjonal talsperson i Miljøpartiet De Grønne og byråd for miljø og samferdsel i Oslo kommune.

Han meiner det finst tiltak for å stoppe insektdøden, drive eit meir miljø- og klimavenleg jordbruk og beskytte bynær natur. Blant anna vil partiet opprette marine verneområde.

– Vi må seie nei til hyttebygging, motorvegar, snauhogst og giftdumping i fjordane. Vi må seie ja til vern og restaurering av natur, meir miljøvennleg landbruk, fiske og andre tiltak som spelar på lag med naturen, seier Hermstad.

AKTUELT NÅ