Ei ungdomsbok kor det offentlege systemet faktisk fungerer? Den såg eg ikkje kome.
Det er ikkje lett å vere Yousef.
Han er 16 år, og går første året på vidaregåande. Mykje der er gørr. Motivasjonen dalte då han berre fekk 3’ar i faget foto. Han, som drøymer om å bli fotograf!
Endå vanskelegare er det sosiale.
Den gamle gjengen frå barndommen er blitt splitta, med alle gutane på kvar sin skule. Yousef har mista litt kontakten med dei gamle kompisane sine. Til og med bestevenn Ilyas kjennest fjern.
Han kallar Yousef for «løkkagutt». For «vestkantsvarting».
Det er ikkje kompliment. Ilyas meiner Yousef har gløymt kor han kjem frå. At han berre heng med kvite no, og har gløymt brørne han vaks opp med lenger aust i Oslo.
Barnevernet som skurk
Med forteljaren Yousef, som historia er filtrert gjennom, har Neda Alaei skrive fram ein truverdig 16-årig gut i ein kinkig situasjon.
«På en betingelse» er ei realistisk, men også håpefull, historie.
Går det an å kome seg ut av vanskar, spør romanen. Kven skal i tilfelle hjelpe?
På ein fest hamnar Yousef i slåstkamp. Nokon trekker kniven. Livet går frå vondt til verre.
Det originale i «På en betingelse» ligg i løysinga på Yousef sine problem.
I skjønnlitteraturen er barnevernet ofte skurken. Også ute i verda, er skepsisen til barnevernet ofte stor. Kanskje særs blant familiar med annan kulturbakgrunn enn norsk, er skepsisen til barnevernet ofte stor. Mange er redde det offentlege systemet.
Hos Neda Alaei tar over barnevernet ei slags helterolle. Systemet hjelper til når familien sviktar.
TILBAKEVENDANDE TEMATIKK: Alle tre bøkene til Neda Alaei har overlappande persongalleri, og utspelar seg i det same ungdomsmiljøet. Hovudpersonen har berre ein forelder, som slit med å fylle rolla som trygg vaksenperson.
Foto: Julie PikeBarnevernet som helt
Forfattaren er sjølv utdanna barnevernspedagog.
Ho har ein tydeleg misjon: Å nå ungar som slit. Ho vil dei skal kjenne seg sett. Vil vise at ting kan bli betre.
Dessutan vil ho opplyse unge som har det enklare, om kor vanskeleg livet kan vere for andre. Gjerne også vaksne som er i kontakt med unge. Lærarar. Ungdomsarbeidarar.
Neda Alaei har trua på Den Eine – at eitt menneske som verkeleg ser deg, kan redde liv.
Mantraet er baka inn i alle dei tre ungdomsbøkene hennar.
Barnevernet som trussel
Yousef er son av ei aleinemor. Far forsvann for lenge sidan. Storesøster Iman bur på ein institusjon barnevernet driv. Det siste synest mora er vanskeleg. Skammeleg.
Men ho skjuler skamma si. Når Yousef gjer ting ho ikkje likar, trugar ho han slik:
Kunsten som veg ut
Men visse vaksne er altså til å stole på. Yousef får hjelp. Han får også ein ny kompis, som er annleis enn dei gamle. Saman opplever dei ein opptur som har med fotografering å gjere.
Dessverre er foto-oppturen også noko av det mest klisjéfylte i boka.
I verda utanfor litteraturen, er det ikkje slik at alle unge som slit heime, går rundt med eksepsjonelle talent innan kunst eller idrett. Dei vil ikkje automatisk blomstre så lenge dette talentet blir heia fram av snille vaksne.
Men i «På en betingelse» støttar Alaei seg på klisjéen. Det treng ho ikkje. Yousef er interessant nok også utan eksepsjonelle eigenskapar.
Yousef er innimellom særs reflektert. Andre gonger umoden og korttenkt. Ein typisk 16-åring, kanskje. Slik tenker han om mora:
Språket i boka er enkelt, og lite variert. Setningane er korte. Også mindre lesesterk ungdom vil få med seg dramaet. Her er litt slang, men heldigvis ikkje så mykje at det blir cringe.
Moralen er veldig klar: Stol på vaksne som vil hjelpe. Også om dei kjem frå barnevernet.
Neda Alaei har skrive ei snill og sympatisk bok, til støtte og opplysning.
Hei!
Eg er litteraturkritikar i NRK, med særleg interesse for norsk og omsett skjønnlitteratur. Les gjerne meldinga mi av dei historiske romanane «Xiania» av Lotta Elstad og «Skråpånatta» av Lars Mytting, eller av «Uønska åtferd» av Olaug Nilssen.
Skriv gjerne til meg!
Bok-influensar ReadyGoRead (Malin Adriaensen) fortel kvifor du bør lese Neda Alaeis prisvinnande debut «Dette er ikke oss»: