Hopp til innhold
Anmeldelse

Kunsten å halde sjela ved like med berre nevane

Advarsel: Denne boka inneheld snikreklame for eit meir praktisk retta liv.

Siri Helle i ferd med å felle et tre med motorsag iført verneutstyr

TØFF JOBB: «Dette er stort, tungt tre mot nylært dame», skriv Siri Helle.

Foto: Frode Grimelid / Samlaget
Bok

Med berre nevane

Siri Helle

Sakprosa

2020

Samlaget

Det er ikkje ofte eg kjem over bøker der bygging av ein utedo er sjølve motoren i handlinga, men det er det som er oppgåva i Siri Helle si nye bok «Med berre nevane».

Forfattaren har arva ei straumlaus hytte i det fylket som inntil nyleg heitte Sogn og Fjordane, etter bestefaren, og set i gong doutbygginga med dødsforakt. Ho sagar ned Sitka-gran, og grev stokkane som et fundament ned i jorda.

Skeivt og smertefullt

Ho tar det ikkje så tungt at det blir litt skeivt. Det er ikkje til å sjå bort frå at det vil vere litt smertefullt for folk som verkeleg kan bygge hus å lese denne boka.

Siri Helle

Siri Helle har glede av det praktiske arbeidet.

Foto: Marit Brennset / Samlaget

For Siri Helle er agronom, ikkje snikkar. Ho er rå på å mjølke geiter, men har ikkje formell utdanning i å bygge hus. «Dette er stort, tungt tre mot nylært dame», som ho skriv så fint.

Sjølv om gleda ved det praktiske arbeidet er den same, står boka til Siri Helle nærast som eit motstykke til Lars Mytting sin bestseljar «Hel ved», og andre bøker der forfattaren sin uendelege kunnskap om emnet er så sjølvsagt at det ikkje er verd å nemne det ein gong.

Det er nok av bøker som fortel oss korleis vi strikkar genser, tenner bål og stablar ved. Siri Helle tar i tillegg eit steg tilbake og spør kvifor vi gjer alt dette også når vi ikkje lenger strengt tatt må.

Kunnskap vi alle bør ha

På hytta ved Holmedal reiser utedoen seg sakte, men sikkert. Ho lærer seg å slipe reiskapen på ein handverksskule oppe på Dovrefjell. Om kvelden les ho seg til kunnskap om korleis ho skal kunne veve inn einebuskar i veggen. På toppen av det heile vil ho dekke veggen med spon, som ho grev ut av vedkubbane med ein dertil eigna kløyvekniv.

Siri Helle iført arbeidsklær med motorsag i hånda utenfor et rødt hus

Siri Helle meiner det ikkje er nok å satse meir på yrkesfag i skulen.

Foto: Frode Grimelid / Samlaget

Innimellom slaga tenkjer ho gjennom kor lågt prioritert dei praktiske handverksfaga var då ho gjekk på skulen. Siri Helle tek til orde for at det ikkje er nok i seg sjølv å satse meir på yrkesfag. Den praktiske kunnskapen bør ikkje berre vere til for dei som skal bli snikkarar og røyrleggjarar. Den er noko vi alle bør få inn i fingrane.

Naudsynt vedlikehald

Å ha ein fungerande utedo på ei straumlaus hytte må kunne seiast å sortere under kategorien naudsynt vedlikehald. Det er ikkje alle som vert lukkelege av eit forbrenningstoalett.

Kanskje er det nettopp saknet etter det praktiske arbeidet som var grunnen til den fortvilinga mange nordmenn følte på då vi vart nekta å reise på hytta i påsken? Det var ikkje berre hytta, men sjølve kroppen og sjela vi skulle halde ved like. Hytta har kanskje vore i familien i generasjonar. Når ein fiksar på hytta sit dei daude slektningane og nikkar nøgde.

Nikkar nøgd

Eg nikkar nøgd når eg les denne boka. Siri Helle svingar pennen like sikkert som motorsaga.

«Med berre nevane» er ei god bok å ha liggande når øksa kviler i hoggestabben og du set deg i solveggen og funderer på kva som skal bli neste prosjekt. Den er ikkje skrive for skolerte handverkarar, men for dei av oss som verker etter å gjere meir med hendene, men som ikkje heilt trur vi har det i oss.

Utedo bygget av Siri Helle

Det ferdige dohuset.

Foto: Siri Helle / Samlaget

Anbefalt lesing: