For få månadar sidan tok Noreg farvel med ein av sine store forfattarar, Tor Åge Bringsværd.
No plaskar ein av dei mest kjente karakterane hans inn på kinolerretet i eit fargesprakande eventyr for heile familien.
Det er store sko å fylle, men «Ruffen: Sjøormen som ikke kunne svømme» er ei sjarmbombe med mykje å elske, sjølv om han ikkje alltid treff blink.
Symjeskrekk og skjerf
Ruffen (Mudit Gupta) er ein ung sjøorm som ikkje kan symje.
Sjølv om Bestemor (Anne Marit Jacobsen) synest han er fin som han er, ler dei andre sjøormane av han, og Ruffen skammar seg.
SJØFARAR: Ruffen (Mudit Gupta) tek taxikvalen Henrik (Stig Henrik Hoff) til Skottland i jakta på grandtanta.
Foto: Nordisk Film DistribusjonDå onkel Ludvig (Dennis Storhøi), som beskyttar sjøormøya med røyken sin, mistar det magiske skjerfet sitt, står dei i fare for å bli oppdaga.
Ruffen legg då ut på ei farleg reise for å finne grandtanta si Bessie (Gisken Armand), slik at ho kan lage eit nytt.
På vegen møter han både vener og fiendar, og då han blir fanga og send til ein dyrehage, må alle mann på dekk for at han kan komme seg fri og vende heim.
Ruffen anno 2025
Eg las ikkje sjølv bøkene om Ruffen i barndommen, men eg har hatt sansen for Thore Hansen sine bokillustrasjonar sidan eg først såg dei.
Eg sat meg derfor ned for å lese dei to første bøkene før eg såg filmen.
Uttrykket har blitt eit anna i overgangen frå Thore Hansen sine detaljerte illustrasjonar i blekk og vassfarge til mjuk og spretten 3D-animasjon på kino.
Preget hans kjem likevel fram i ulike teksturar og sjøormane sine ikoniske utsjåande.
SJØORMØYA: Ruffen si verd er meir fargerik i filmform, men Thore Hansen sin stil skimtast stadig.
Foto: Nordisk Film DistribusjonSjølv om eg gjerne skulle sett det litt mørke og fantasifulle i stilen hans komme klarare fram, er det ikkje eit dårleg kompromiss.
Det er vanskeleg å ikkje trekkje på smilebandet av kor gledeleg mykje liv det er på skjermen. Ein herleg absurd actionsekvens der Ruffen og dei nye venane hans trillar gjennom ein skotsk småby, er eit høgdepunkt.
Samtidig byr filmen på overraskande vakre og stemningsfulle sekvensar, frå nydelege solnedgangar til småskumle scener i tåka.
Legg til eit strålande ljodspor frå Peder Capjon Kjellsby, og du har ein film som i alle fall aldri blir kjedeleg.
Filmen renn over av sprellande skaparglede, og ein kjenner verkeleg på kjærleiken som utvilsamt er lagt ned i å bringe Ruffen til filmen si verd.
Animasjonsstilen er leiken og stappa med personlegdom, som skin enda klarare med hjelp frå ein god gjeng med stemmeskodespelarar.
SKURK: Janne Formoe høyrest ut til å storkose seg i rolla som mannvond dyrehagedirektør.
Foto: Nordisk Film DistribusjonSpesielt Janne Formoe høyrest ut til å storkose seg som mannvond dyrehagedirektør i høghæla slangeskinnsko, men nivået ligg høgt over heile linja.
Også Mudit Gupta, som Ruffen sjølv, fortener ros, med ein prestasjon som greier å balansere karakteren sin usikkerheit og livsglede på finstemt vis.
Saknar det underfundige og absurde
«Ruffen: Sjøormen som ikke kunne svømme» er heilt kurant familieunderhaldning, men det manglar eit visst særpreg som skil han frå dei mange barnefilmane der ute.
NYE VENAR: I dyrehagen blir Ruffen kjent med ei gruppe dyr som gjerne vil flykte.
Foto: Nordisk Film DistribusjonBringsværd og Hansen sine bøker har ein underfundig, nesten litt filosofisk, sans for absurd humor som eg saknar her.
Filmen kombinerer dei første to bøkene om Ruffen på ein måte som fungerer godt som langfilm, men samtidig blir innhaldet filtrert slik at resultatet blir ei ganske standard forteljing om ein helt på eit oppdrag og venane han møter på vegen.
Den handlingsnødvendige prompehumoren er heldigvis godt på plass.
Hei!
Eg er frilansar som skriv om film og seriar for NRK.