Lars Saabye Christensen

FERDIG: Har denne mannen verkeleg skrevet si siste bok?

Foto: Javier Auris / NRK

Sterk avslutning på «Byens spor»

BOKMELDING: Det vibrerer eit spesielt lys over «Skyggeboken».

Lars Saabye Christensen tillet seg både sidespor og sidesprang i siste roman av Oslo-trilogien «Byens spor». Dette dyttar trebindsverket litt ut av vater. Akkurat det som skulle til for å gjere trilogien nødvendig.

Ja, nødvendig.

Men det nødvendige får vente. Her skjer nemleg fleire spesielle ting i «Skyggeboken». Og då tenkjer eg ikkje på at handlinga startar mot slutten av 60-talet, 10-året der generasjonskløfta for alvor opnar seg mellom den flittige etterkrigsgenerasjonen og ungdommane, som heller vil drive dank i parken med lørvete skjorter og kassegitar.

Dette tidshoppet var venta; første bok, «Ewald og Maj», starta rett etter krigen, i den andre boka, «Maj», var vi ute på 50-talet og då stod 60-talet for tur.

Eg tenkjer heller ikkje på at både byen og folka har endra seg i pakt med tida som går. Vi har jo tre hovudpersonar i «Byens spor», den eine er byen- eller meir presist: bydelen Fagerborg i Oslo.

Den andre er tida, som no er spent frå tidleg etterkrigstid til tidleg 70-tal.

Og den tredje er eit lite dusin med hovudpersonar som lever innanfor dette avgrensa nabolaget. Dei tre heng nøye saman.

Utsikt over Fagerborg i Oslo, ca. 1950

FAGERBORG: I ein av desse oppgangane har Saabye Christensen plassert Maj Kristoffersen og Fru Vik og fleire figurar i «Byens spor».

Foto: Ukjent / OSLO MUSEUM

Den indre kjernen av personar er nokolunde intakt: Enkefru Maj Kristoffersen med barna Stine og Jesper, den originale venen Jostein, son til slaktaren, enkefru Vik som uheldigvis dessverre har gifta seg på ny med enkemannen Olaf Hall. Dei er der alle saman og fleire kjem til.

Alt dette er som ein kunne vente av eit tredje bind.

«Skyggeboken» er ute av vater

Det uventa ligg altså ikkje her, i forteljinga. Nei, det ligg i sjølve teksten, der forfattaren stadig grip inn. Han har ulike ærend:

Han vil ta oss med i diskusjonar om korleis han skriv denne romanen, og han vil la oss ta del i dilemma han slit med når det gjeld kva personane må tole. Men forfattaren blandar seg meir direkte inn også.

Han kjenner seg att blant ungdommane som kjenner seg som ein heilt ny type menneske på jorda. Han har nådd fram til si eiga ungdomstid, og krydrar historia med minne om liv og kunstnarkollegaer, levande som døde: slike som Nils Yttri, Kjell Heggelund, Jan Erik Vold.

Romanen «Beatles» av Lars Saabye Christensen

GJESTEROLLE: Kim Karlsen frå «Beatles» og fleire personar frå tidlegare bøker dukkar opp i «Skyggeboken».

Foto: Cappelen Damm

Og som om det ikkje var nok, så dukkar han opp under eige namn, med ein høgst verkeleg kreftdiagnose frå tida då boka blir skriven, som altså er nokså nøyaktig 50 år etter handlinga i boka.

Lars Saabye Christensen fortel korleis det står til med helsa (ikkje så bra), og korleis han synst det står til i verda (ikkje så bra der heller).

«Det er romanforfatterens redsel at alt som kan distrahere, det vil si, min redsel for å stille meg mellom leseren og romanens sanne vesen, som er det vesentlige, som er, i det minste skal være et slags menneskelig speil.

Det er sannsynligvis det jeg gjør nå. Jeg er en uvedkommende. Jeg stiller meg lagelig til for hugg. Jeg gjør det likevel. Jeg kan ikke annet denne gangen.»

Eit konglomerat

Mens dei to første bøkene av «Byens spor» er ryddige oversiktlege historier, der personane får spele hovudroller etter tur som i ein godt førebudd jazz-improvisasjon, er «Skyggeboken» høgt og lågt. Forteljaren tek ordet og køyrer debattinnlegg, kåseri, epikriser og eigne eksistensielle refleksjonar på sida av hovudsporet.

Dette har mange gjort før. Det sjølvbiografiske og essayistiske er i høgste grad til stades i samtidslitteraturen. Men i låg grad hjå Saabye Christensen, som tvert imot har uttrykt ein viss velformulert skepsis til utbroderingar av eigne greier i romans form.

Derfor verkar det sterkt, og ja, nødvendig her. Men det nødvendige må vente litt til, for det er på høg tid å kome inn på handlinga i «Skyggeboken».

Eit emosjonelt hardkøyr

Denne gongen har Saabye Christensens tidsmaskin altså landa på 1960-talet.

Våre folk har fått sine skrammer: Enkefruene Margrete Vik og Maj Kristoffersen har prøvd seg på ny kjærleik, slikt kostar. Kunstnarsjela Jesper, som drog til sjøs i sterk affekt, har kome tilbake med reven pels. Vesle Stine er blitt stor og skal velje mellom medisinstudiar og sjølvproletarisering, og Jostein er ein laus kanon på dekk.

Universitetsgata i Oslo ca. 1960

UNIVERSITETSGATA PÅ 60-TALET: Universitetet spelar ei viktig rolle når forfattaren tek figurane sine inn i 60-talet.

Foto: Ukjent / OSLO MUSEUM

Og så har vi dei tapre kvinnene i Røde Kors på Fagerborg. Dei dreg på åra og registrerer at dei er i utakt med tida. Folk har rett og slett mista interessa for loddsal og tombola til inntekt for ei god sak. Kven går på basar for å spele på ein festleg vams eller ei handvoven fillerye? Den veksande velstanden går til forbruks- og statusvarer i staden.

Her møter den vesle historia den store. Og den store slår kraftig inn og skaper splid: Ja til EF eller kamp mot EEC? Gå inn i AKP eller i fotspora til dei vaksne? Skal Jesper kjempe vidare eller sleppe alt og la medisinane styre kroppen? Skal Jostein omsider stå på eigne bein? Det store og det vesle flettar seg saman, og knutane strammar seg. Det er til tider hardt for lesaren å forsone seg med alt det forfattaren utset personane sine for,

Dette er nemleg den typen romanar der du blir glad i personane og ønskjer at det skal gå bra med dei. Ikkje alle, rettnok. Somme bipersonar har fått få og eintydig dårlege trekk, dei markerer først og fremst posisjonar: Den valdelege ektemannen, den sleipe AKP-aren.

Kunsten ligg i detaljen

«Byens spor» konsentrerer seg om eit uvanleg lite område, geografisk sett. Tidsspennet er heller ikkje særleg stort, nokre få tiår, berre.

Det som løftar trilogien er nettopp måten livet til ei gruppe menneske på Fagerborg er skildra på: Dei har sin inngang og sin utgang, dei har kjærleiksgleder og kjærleikssorger, dei har helseplager, eksistensielle kriser og pengeproblem. Og alt dette allmenne har dei i ei spesiell tid og på ein spesiell stad i eit spesielt språk.

Kunsten ligg i detaljen. Der ligg som kjent også djevelen på lur. I tilfellet «Byens spor» murrar han når personane blir dregne for langt, når språket blir feil, eller når longørane blir for lange.

For meg skjedde dette i midtromanen, «Maj». Trass i at den har ein reinare og meir gjennomført komposisjon, lyser han langt svakare enn den rotete tredjeboka. Som så mange trilogiar har også denne form lik ei hengekøye: Den i midten er ikkje dårleg, men dei på sidene er betre.

Melding av bind ein: På sitt beste

Melding av bind to: Når ikkje opp til førsteboka

Det nødvendige

Eg har, kanskje ein gong for mykje, insistert på det nødvendige ved «Skyggeboken». Kanskje inspirert av forfattaren, som ein gong for mykje spør om han står i vegen for si eiga historie, eller om han driv og varmar opp gamle restar frå tidlegare bøker. Svaret er fleire gonger «ja».

Vi kjenner att og vi kjenner det kan bli vel mykje av refleksjonar kring eige arbeid og ropar stille: Kom tilbake til personane!

Men det finst eit eksistensielt alvor både i repetisjonane og i spørsmåla, eit alvor som ligg langt frå fikse grep som skal skape ein estetisk effekt.

Vi les ei bok som kanskje er den siste Lars Saabye Christensen skriv. Då gjeld det å få med det som er viktig.

Det eksistensielle trykket blir understreka og jamvel styrka av dei mange avbrota, der forfattaren grip ordet like hyppig og insisterande som ein møteplagar i Studentsamfunnet på 70-talet. Eg seier ikkje at dette ikkje er komponert. Det er trass alt ein roman og ikkje eit lass med tekst vi snakkar om her, men komposisjonen følgjer andre prinsipp enn i dei føregåande bøkene.

Rådhuskaia ca. 1950

RÅDHUSKAIA: Lars Saabye Christensen tillet seg både sidespor og sidesprang i siste roman av trilogien «Byens spor».

Foto: Ukjent / OSLO MUSEUM

Siste boka?

Alle som har lese ein trilogi før, vil sjå at det går fint an å kalle dette for eit avslutta verk.

Men det går også overraskande fint an å tenkje seg eit fjerde bind, for her er det lause trådar i fleng. Ikkje minst når det gjeld den yngre generasjonen, som alle står midt i overgangen til nye livsfasar. Dessutan finst her gåter; eg skulle gjerne hatt svar på ei uavklart farskapssak, til dømes. Slikt kan ein håpe på, men inntil vidare er det berre å roe seg ned med at dette er ein trilogi og vere nøgd med det.

Heilt til slutt: Det finst berre éi bok som er den første. Men det kan finnast mange bøker som blir kalla den siste etter tur, på same måte som det å halde den eine avskjedskonserten etter den andre slett ikkje er uvanleg i musikkverda.

Eg berre nemner det.

Lars Saabye Christensen har varslet at hans aller siste bok kan bli hans siste. Den folkekjære forfatteren avslutter trilogien "Byens spor" hvor han denne gangen har skrevet seg inn i romanen.

Lars Saabye Christensen har varsla at den nyaste romanen kan bli hans siste. Den folkekjære forfattaren avsluttar trilogien «Byens spor» der han denne gongen har skrive seg sjølv inn i romanen.

Anbefalt videre lesing: