Hopp til innhold

Breivik: - Rettspsykiatrane var emosjonelt ustabile

OSLO TINGHUS (NRK.no) Anders Behring Breivik meiner den første rapporten om hans mentale helse var eit bestillingsverk frå regjeringa og at rettspsykiatrane var emosjonelt ustabile då dei skreiv den.

Anders Behring Breivik og forsvarar Tord Jordet

Anders Behring Breivik diskuterer med forsvarar Tord Jordet i rettssal 250 onsdag.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

rapport

Den første vurderinga av Breiviks mentale helse blei levert tingretten den 29.november i fjor. Rettspsykiatrane som har ført den i pennen meiner breivik er paranoid schizofren og ikkje kan straffast.

Foto: Cornelius Poppe / SCANPIX

– Dersom eg hadde lese dette ville eg ha tenkt at denne personen høyrer heime på galehus, og blir innesperra med det same. Det er likevel ikkje meg som vert skildra. Eg ville trudd at denne personen ikkje kunne stå oppreist og trengde rullator. Det er ikkje meg, seier Breivik om psykiatrirapporten som erklærer han psykotisk og utilrekneleg.

På spørsmål om kvifor dei svært erfarne rettspsykiatrane skulle lyga i eit så viktig arbeid, svarar Breivik at han har fem teoriar om det, men trekkjer fram ein av desse som den mest sannsynlege:

– Husby og Sørheim, var emosjonelt ustabile og prega av 22. juli då dei skreiv rapporten. Det er dette eg trur har skjedd, hevdar Breivik i retten onsdag.

Den terrortiltalte har gått hardt ut mot dei sakkunnige rettspykiatrane som står bak rapport nummer éin, Torgeir Husby og Synne Sørheim. Psykiater-duoen konkluderte med at Breivik er paranoid schizofren, ein diagnose som kvalifiserer til straffefritak og overføring til tvunge psykisk helsevern.

Breivik hevdar 80 prosent av innhaldet i rapporten er oppspinn, og har varsla at han vil angripa 200 punkt i erklæringa i løpet av rettssaka. I dag fekk han høve til å kommentera rapporten for dommarane i rettssaka.

– Fem teoriar om kvifor dei lyg

NRK har lese heile notatet som Breivik presenterer for retten i ettermiddag.Breivik har rangert dei fem teoriane sin etter kva for ein han har mest tru på:

  1. Emosjonell ustabilitet og inkompetanse på området politisk motivert vald: Husby og Sørheim var emosjonelt ustabile då dei skreiv rapporten, som følgje av grusomheitene.
  2. Frykta for rekruttering og ideologisk inkompabilitet: Dei ville verna samfunnet frå hans farlege bodskap og ideologi ved å "brennmerkja seljaren".
  3. Økonomisk avhengigheit: Husby og Sørheim er avhengige av økonomiske kontraktar og er difor ikkje sjølvstendige. Dei fryktar at Breiviks ideologi vil resultera i ei rørsle som trugar det økonomiske eksistensgrunnlaget deira.
  4. Hemnmotiv: Dei fekk kjennskap til at Breivik såg på ei utilreknelegheits-erklæring som det verste som kunne skje han og den ultimate audmjukinga.
  5. Eit bestillingsverk frå regjeringa: Husby og Sørheim blei kontakta av ein representant frå regjeringa som formidla at det var viktig at samfunnet blei verna frå ideologien hans, og at "nasjonal harmoni måtte sikrast".

Tek sjølvkritikk for pompøsitet

– Dei har skrive at eg meiner eg kan avgjera kven som skal døy. Eg har svara at militante nasjonalistar driv ein legitim kamp som Castro og Che Guevara på Cuba. Eg ser ikkje på meg sjølv som ein dommar som avgjer kven som skal få leva eller døy, argumenterer Breivik onsdag.

– Er det eigentleg så feil det Husby og Sørheim skriv da? spurde aktor Holden.

– Måten dei legg det fram på verkar heilt absurd. Dei skriv at eg vil frelsa Europa. Eg har aldri brukt ordet frelse, seier Breivik,

Tiltalte påpeikar at "ein politisk høgreekstremist som ønskjer å avretta politiske aktivistar", er den korrekte framstillinga.

Torgeir Husby og Synne Sørheim

Synne Sørheim og Torgeir Husby i rettssal 250, Oslo tingrett.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Breivik legg til at han sjølv kan ha bidrege til at rettspsykiatrane fekk oppfatning av at han var psykotisk.

– Eg kan nok ha framstilt det på ein litt pompøs måte, både overfor dei sakkunnige og politiet. Eg tek absolutt sjølvkritikk på det.

Breivik seier på spørsmål frå aktor Svein Holden onsdag at han opplevde samtalane med Husby og Sørheim som bra.

– Eg fekk god sans for begge to. Dei verkar som profesjonelle menneske, svarar Breivik.

Han seier han ønskte å vera så open så mogleg, og fortalde det same som han hadde opplyst om i politiavhøyr.

– Eg rekna med at dei ville gjera eit objektivt arbeid og håpa at dei ikkje ville vera for prega av 22.juli.

Mediterer på tinghuset

Etter fleire av samtalane Husby og Sørheim har hatt med Breivik, oppsummerer dei blant anna med at Breivik framstår med manglande evne til å visa kjensler: "Observanden framstår emosjonelt avflatet, og uten reaksjoner."

Breivik forklarar i retten dette ved at han tek i bruk vernemekanismar for å kunne overleva.

– Eg brukar då litt akademisk språk for å distansera meg, saman med teknikkar for å av-emosjonalisera meg sjølv.

Han viser til japansk bushido-meditasjon.

– Den meditasjonen som eg gjer, og som eg også gjer nede i cella her, er veldig effektiv. Den fungerer ulikt, men for meg fungerer den veldig bra, meiner Breivik.

– Vil framstilla meg som tilbakeståande

Tiltalte seier han fekk inntrykk av at dei konkluderte veldig tidleg, og at dei var på jakt etter spesifikk informasjon.

– Men profesjonelle rettspsykiatrar skal jo vera objektive , tenkte eg då, så eg var ikkje så veldig uroa.

Breivik hevdar vidare at dei sakkunnige har teke ting han har forklart seg om ut av samanheng, og at forklaringane han har gitt på spesialord ikkje er tekne med.

Han hevdar også at Husby og Sørheim,gjennom heile rapporten, har spesifikt fjerna pronomen framst i setningane hans.

– Det får den dei skriv om til å verka svært lite intelligent. I svært mange samtalar verkar eg heilt tilbakeståande. Det er vel målet deira, trur Breivik.

Han viser til eit døme henta frå rapporten: «Var flink på skolen».

«Asbjørnsen og Moe»

Fredag førre veke tok Husby ordet i retten og spurde Breivik om kvifor han og kollegaen skulle lyga i rapporten.

– Eg har ein teori med minst fem moglegheiter. Dei kjem eg tilbake til når me snakkar om den rapporten. Eg ønskjer ikkje å svara på det før måndag, svara Breivik.

Sidan hovudforhandlingane starta den 16. april har han fire gonger referert til Husby og Sørheim, som er til stades i salen, som «Asbjørnsen og Moe». Fagdommar og administrator Wenche Elizabeth Arntzen har no irettesett Breivik for dette.

Breivik har sagt han frykta at sakkunnig-rapporten som kom i november i fjor ville bli eit «karaktermord» på han. Den terror-tiltalte blei svært fornærma då forsvararane orienterte han om konklusjonen - psykotisk og utilrekneleg både på gjerningstidspunktet og under observasjonen.

«Eg skal ærleg innrømma at det å bli vurdert som utilrekneleg er det verste som kunne skje og den ultimate audmjukinga», skriv Breivik i eit 38 sider langt brev som han sende frå fengselet til blant anna VG i starten av april.

Etterlatte og overlevende hadde møtt opp for å høre Stoltenbergs tale. En av dem var Line Nersnæs som ble skadet under angrepet.

– Jeg er her for å hedre kollegene mine

For to år siden gikk bildet av Line Nersnæs med en pinne i hodet verden rundt. I dag synes hun det er viktig, men også vanskelig å minne de som ikke kom fra angrepet i live.