Hopp til innhold

Nyoppdaga vevkjerring har beinspenn på 33 cm

Ekstremt langbeint vevkjerring oppdaga i asiatisk hole.

Vevkjerring med 33 cm lange bein

Nyoppdaga vevkjerring har bein som strekk seg over 33 centimeter.

Foto: Senckenberg

Er du blant dei som får frysningar berre av tanken på vevkjerringar med lange, kravlande bein? Då bør du ikkje lese vidare.

I ei hole i Laos, har den tyske forskaren Peter Jäger frå Senckenberg Forschungsinstitut nemleg funne ein ny art av vevkjerring med eit beinspenn på heile 33 centimeter.

Nyttar beina som antenner

Vevkjerring med 33 cm lange bein

Den nye vevkjerringa frå Laos tar utruleg nok likevel ikkje det lengste steget blant artsfrendar, det gjer ei søramerikansk vevkjerring som slår den nye langbeinens beinspenn med ein centimeter.

Foto: Senckenberg

Vevkjerringa eller langbeinen som ho også blir kalla, blir ofte tatt for å vere ein edderkopp, men høyrer i verkelegheita til ei eiga grein av edderkoppdyr. Namnet har ho fått fordi det andre beinparet lagar rørsler som minner om veving.

Det er dette beinparet, som fungerer som antenner eller følarar, som er ekstremt langvokst hos den nye arten.

Edderkoppdyrforskaren Jäger var i Laos i samband med innspeling av eit TV-program, men nytta tida mellom opptaka til å samle inn edderkoppdyr frå holer i den sørlege provinsen Khammouan i Laos.

Det var her han gjorde det funnet av den ekstremt langbeinte vevkjerringa.

Førebels slumrar funnet blant andre innsamla dyr, som ventar på å bli sortert og få etikettar.

Jäger som eigentleg er ekspert på jaktedderkoppar, har bede om hjelp av ein brasiliansk ekspert på vevkjerringar for å klassifisere den nye arten.

Vevkjerring med 33 cm lange bein

Det andre beinparet hos vevkjerringar fungerer som følarar og er lenger enn dei andre beina. Men få vevkjerringar kan slå lengda på desse antennebeina.

Foto: Senckenberg

– Fare for å snuble i eigne bein

Kva mekanismar eller faktorar som er ansvarleg for dei ekstremt lange beina, er framleis uklart.

Men ein mogleg forklaring kan vere at veksten går seinare i holer. Det gjer at dyra når storleiken sin seinare, men at dei også kan vekse seg lenger enn vanleg.

Likevel finst det grenser for kor lange bein langbeinen kan få, fortel forskaren til Die Welt.

– Med ei viss beinlengde vil det ikkje lenger vere nok oksygen inne i kroppen til edderkoppar, vevkjerringar og andre leddyr, seier Jäger.

For lange bein kan også gjere dyret for treigt når det må unngå fare eller skal fange bytte. Det gir rett og slett ei fare for å bokstaveleg talt snuble i eige bein, fortel edderkoppdyrforskaren.