Hopp til innhold

Astronomiske motiv som tar pusten frå deg

Snabelstjernetåker og dansande nordlys i astronomisk fotokonkurranse.

Mektige utbrot på sola, fargesprakande nordlys og stjernetåker tusen av lysår unna er blant motiva for årets påmelde bilete i fotokonkurransen Astronomy Photographer of the Year.

Konkurransen som blir arrangert for fjerde år på rad av Royal Observatory Greenwich i samarbeid med Sky at Night Magazine får inn bilete frå både proffe fotografar og entusiastiske amatørar over heile kloden.

– Alltid gode bilete frå Noreg

Norske Ole Christian Salomonsen frå Tromsø var blant fjorårets vinnarar av konkurransen med eit spektakulært bilete av nordlys over Sommarøy.

I år er han representert med nordlysbiletet «Celestial Illumination» som viser nattehimmelen opplyst av eit mektig og fyrverkeriliknande fargeshow.

Nordlyset som oppstår når ladde partiklar frå sola krasjar med molekyl høgt oppe i atmosfæren, er også motivet i biletet frå norske Tommy Eliassen. Han har fanga fargespelet over fjellet Høgtuva i det lyset speglar seg i eit vatn på fjellet.

Det er alltid mange fantastiske foto frå Noreg fordi de har slik ein vakker himmel, seier Jenny Stewart ved Royal Observatory Greenwich til NRK.no.

Sky Show

Himmelsk nordlysshow fanga i biletet av den norske fotografen Tommy Eliassen.

Foto: Tommy Eliassen

Mjølkevegen og det fjerne verdsrom

Ein vakker himmel er også fanga i Masahiro Miyasakas bilete av nattehimmelen over Kisofjella i Japan der vår heimlege galakse, Mjølkevegen, er synleg som eit tåkete band over snøkledde fjell.

Christmas Stars Diamond

Mjølkevegen over Kisofjella i Nagano i Japan.

Foto: Masahiro Miyasaka/ Royal Obervatory Greenwich

Andre har peika kamera sine mot motiv som ligg endå lenger borte, mot objekt i vårt nære solsystem, eller mot svakt glødande stjernetåker i det fjerne verdsrommet.

Blant motiva her finn vi for eksempel biletet av stjernetåka «Elefantens snabel» som ligg om lag 2400 lysår unna jorda i stjerneteiknet Kefeus.

Månen og sola er representert i konkurransen, som i biletet «Sunny Airlines» der eit jetfly synest å fly strakt mot sola.

Sunny Airlines

Jetfly og flystripe over sola. Store solflekker er også synlege i biletet.

Foto: Dunja Zupanic

Konkurransen har fire hovudkategoriar, Jorda og rommet, vårt solsystem, det fjerne verdsrommet, og beste unge astronomifotograf for deltakarar under 16 år.

I tillegg premierer juryen tre spesialvinnarar for tema Mennesket og rommet, beste nykommar og beste Robotic scope-bilete for bilete tatt med datastyrte teleskop.

Vinnarane av konkurransen blir annonsert i London 19. september i år, og vinnarbileta vil bli utstilt ved Royal Observatory Greenwich fram til februar 2013.

Sjå fleire av våre biletgalleri og videoar med astronomiske motiv her:

Slik har du aldri sett Melkeveien

Norsk nordlys-video får NASA-skryt

Nærkontakt med Saturns ringar