Hopp til innhold

Dette er årets beste astronomibilete

Nordmann er blant vinnarane i den internasjonale kåringa av årets astronomifotograf 2011. Sjå vinnarbileta her.

Norske Ole Christian Salomonsen frå Tromsø var einaste skandinav blant finalistane i den internasjonale fotokonkurransen Astronomy Photographer of the year 2011.

Salomonsen tok andreplassen i kategorien Earth and space med eit fantastisk nordlysbilete frå Sommarøy.

Stolt

Divine Presence

Dette fantastiske biletet av nordlys over Sommarøy utanfor Tromsø gav tromsøfotografen Ole Christian Salomonsen ein plass i finalen i Astronomy Photographer of the year 2011.

Foto: Ole Christian Salomonsen
Ole Christian Salomonsen

Nordlysfotografen Ole Christian Salomonsen frå Tromsø.

Foto: Arctic light photo

Nesten 800 bilete var påmeldt til den internasjonale konkurransen Astronomy photographer of the year om å ta årets beste astronomibilete i 2011.

– Eg er veldig stolt. Dette er ein konkurranse der det er utruleg mykje flotte foto. Eg hadde ikkje forventa å komme så høgt, fortel Salomonsen på telefon frå London der han har delteke på ei høgtideleg prisoverrekking saman med dei andre vinnarane.

– Det har ikkje heilt gått opp for meg enno, seier Salomonsen.

– Premien var ein symbolsk sum, men det viktigaste var heider og ære, fortel Salomonsen.

Dette var første gong Salomonsen deltok i konkurransen, som vart arrangert for tredje år av Greenwich observatory i England.

Nordlysbiletet som skaffa tromsøfotografen andreplassen er teke på Sommarøy utanfor Tromsø, på ein av dagane i sist sesong då det var best nordlysforhold.

Ole Christian Salomonsen var også ein av finalistane som Royal Observatory Greenwich plukka ut til å få besøk av eit filmteam.

Sjå videoen der Salomonsen fortel om korleis nordlysbiletet vart til (NB! videoen er på engelsk):

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Utfordrande å ta nordlysbilete

Ole Christian Salomonsen er eigentleg utdanna siviløkonom, og har blant anna jobba som aksjemeklar. Fram til nylig har fotografering vore ein hobby for tromsømannen, men no lever han av hobbyen sin.

Nordlyset er eit ynda foto-objekt for Salomonsen, men det er ikkje det lettaste fenomenet å ta bilete av, fortel fotografen.

– Mjølkevegen er der kvar kveld, og du kan gå ut og ta bilete så lenge det er ein skyfri kveld. Men med nordlyset veit du aldri kvar det dukkar opp. Det er mykje meir utfordrande å ta eit godt nordlysbilete, seier tromsøfotografen.

– Det handlar om å vere i stand til å vie nok tid, for ein må leggje utruleg mykje tid i dette. Det er mykje som skal klaffe, seier nordlysfotografen.

– Heldigvis har eg ein hyggeleg kjærast som lar meg gå ut på kveldane for å fotografere nordlyset, seier Salomonsen som også er tobarnsfar.

Same kveld som Salomonsen tok finalebiletet, tok han også fleire videoopptak som er med i ein nordlysvideo som Salomonsen har sett saman.

Sjå heile nordlysvideoen frå Arctic light photo her:

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Vinnarane

Stargazing

Sjølvportrett under mjølkevegen gav førsteplass i spesialkategorien Mennesket og verdsrommet.

Foto: Jeffrey Sullivan
Lunar Eclipse and Occultation

Indiske Jathin Premjith fekk prisen for beste unge astronomifotograf for biletet av månen under ei total måneformørking.

Foto: Jathin Premjith

Astronomifotokonkurransen kåra vinnarar innanfor fire hovudkategoriar, i tillegg til tre spesialkategoriar.

Innanfor kvar kategori har juryen også plukka ut eit bilete som kom på andreplass, og tre bilete som får heiderleg omtale. Til saman er 24 bilete blant vinnarane i 2011-konkurransen.

Dette er kategoriane:

  • Jorda og rommet: denne kategorien er for foto som inkluderer landskap, menneske og andre jordiske objekt - i tillegg til eit astronomisk objekt. Her vann tyrkiske Tunc Tezel med biletet Galactic Paradise. Norske Ole Christian Salomonsen kom på andreplass med sitt nordlysbilete Divine Presence.
  • Solsystemet vårt: Vinnarbiletet i denne kategorien er teke av britiske Damien Peach. Han vann med eit bilete av Jupiter med månane Io og Ganymede. Vinnaren her er også hovudvinnaren av heile konkurransen. Andreplassen gjekk til australske Paul Haese med biletet Dragon Storm.
  • Det fjerne verdsrom: alle motiv som ligg utanfor vårt solsystem, inkludert stjerner, stjernetåker og galaksar høyrer heime i denne kategorien. Her vann italienske Marco Lorenzi med biletet Vela Supernova Remnant. Andreplassen gjekk til Edward Henry frå USA med biletet Leo Triplet.
  • Den fjerde kategorien er for unge astronomifotografar. Vinnaren i denne kategorien var 15-år gamle Jathin Premjith frå India med Lunar Eclipse and Occultation. Nicole Sullivan frå USA kom på andreplass med biletet Starry Night sky.

I tillegg valde juryen også ut tre vinnarar i kategoriane beste nykommar, beste prosesserte fjernteleskopbilete, og mest kreative astronomibilete som har med eit menneske.

Du kan sjå alle årets- og tidlegare påmelde bilete til Astronomy Photographer of the Year-konkurransen på fotodelestaden Flickr.