Hopp til innhold

– Grunn til å bekymre seg over villsvin i Noreg

Villsvinet kan true norske artar og har potensial til å spreie seg over store delar av Noreg, ifølgje norsk professor.

Villsvin

Dette synet blir meir og meir vanleg i Noreg.

Foto: Gerhard Lachs/Code 20416 / SCANPIX

Den seinare tida har villsvin som er rekna som ein uønska framand art i Noreg (sjå faktaboks), stadig oftare blitt observert i landet.

I byrjinga av februar vart det første villsvinet på 1000 år observert og skote på Aurskog, og i helga skaut eit jaktlag eit 80 kilo tungt villsvin på Eidsberg.

– Når det gjeld norske stadeigne artar er det grunn til å bekymre seg over villsvinets inntog i Noreg, ifølgje professor Øystein Wiig ved Universitetet i Oslo.

Wiig var med i ekspertgruppa for pattedyr i arbeidet med den nyaste "Svartelista", Artsdatabankens liste over framande artar i Noreg.

– Villsvinet kan bringe med seg fleire sjukdommar, blant anna trikinose som kan overførast til norske rovdyr som rev og gaupe, noko som igjen kan påverke deira overleving, seier Wiig.

Potensial til spreiing langs kysten

I den siste Svartelista er villsvinet oppført med svært høg risiko.

Risikovurderinga viser til at villsvinet har potensial til å spreie seg til store delar av landet saman med effekten han har på stadeigne artar.

– Villsvinet vil kunne spreie seg langs kysten av Austlandet og oppover til Vestlandet, samt til Hedmark, viss det ikkje blir stansa, seier han.

Kor langt nord villsvinet kunne gå kjem an på klimaendringar. For fleire tusen år sidan levde det villsvin kanskje så langt nord som i Trøndelag, men dette var i ein varmare klimaperiode.

– Spreiinga til større delar av landet vil sannsynlegvis gå sakte under eit regime med fri jakt, trur Wiig.

–Vil ikkje leggje til rette

– Hovudårsaka til at vi ser så mange villsvin i år er den milde vinteren, fortel Erik Lund i Direktoratet for Naturforvalting.

Mens det stort sett berre var vaksne som klarte seg gjennom dei to føregåande kalde vintrane, er det fleire av fjorårets villsvinungar som har overlevd denne vinteren, seier Lund.

Synet av ville svin i skogane på Austlandet vil sannsynlegvis berre bli meir vanleg, sjølv om det ikkje er grunn til å frykte ein flaum av innvandrarar.

– Vi snakkar ikkje om ein invasjon, men om hyppigare besøk, ifølgje Lund.

– I Sverige er det ein svært veksande villsvinbestand som er så stor ein kan skyte mellom 70 000 og 100 000 dyr i året. Då er det ikkje unaturleg at vi oftare får besøk til Noreg også, fortel Lund.

Ifølgje Lund har omfattande flytting av dyr og fôring ført til den store auken i villsvinbestanden i nabolandet vårt. Så mykje som halvparten av villsvinets fôr i Sverige kan vere mat som er lagt ut til det. Så venlege ønskjer ikkje Noreg å vere mot skogsgrisane.

– Miljøvernmyndigheitene vil ikkje leggje til rette for etablering av villsvin på norsk side, men vi kan likevel ikkje unngå å få det, seier Lund, og minner om at villsvin er nattaktive dyr som er relativt flinke til å halde seg i skjul.

Må hauste hardt

Ifølgje Artsdatabanken har vi alt fått «fastbuande» villsvin i Noreg i med ynglande villsvinbestandar i Østfold-kommunane Halden og Aremark.

Lund fortel at jakt er den beste måten å halde bestanden nede på, og Direktoratet for Naturforvaltning rår jegerar til å skyte ungdyr. Sjefssugga ønsker ein derimot at jegerar held seg unna.

– Villsvin lever i såkalla matriarkat der det er eit stort vakse hodyr, som er sjefen for flokken. Viss ein skyt sjefssugga aukar det sjansen for at nye grupper etablerer seg, men viss ein haustar hardt frå dei unge kan ein halde bestanden i sjakk, seier Lund.

I Noreg er villsvinjakt tillate over heile landet, heile året. Det er med andre ord fritt fram for alle med jegerprøve å skaffe seg ei steik á la Obelix.

Villsvin skutt i Eidsberg

Villsvinet som vart skote i Eidsberg i Østfold laurdag 23. februar.

Foto: Privat

Ikkje aggressiv

I villsvinkommunane fortel fleire at dei er redde for å møte på villsvinet. Men dette er det ikkje særleg grunn til ifølgje biolog Kjetil Bevanger ved Norsk Institutt for Naturforvaltning:

– At villsvinet skal vere ein aggressiv art er definitivt overdrive. Det høyrer med til sjeldenheitene at eit villsvin angrip, men eit kvart dyr kan bli aggressivt dersom det blir trengt opp i eit hjørne eller er skadeskote, fortel Bevanger.

Men i slike tilfelle kan det til gjengjeld bite frå seg:

– Ein råne kan jo vege 200 kilo, og har skarpe hoggtenner, så det er jo eit skummelt dyr slik sett.