Unikt funn av mayakalender

Kalenderutrekningar skribla rett på veggen er avdekt i utdøydd mayaby. – Dei gamle mayaene rekna seg til at verda ville halde fram, seier arkeolog bak funnet.

Maleri av mannlege figurar, og hundrevis av nedskribla tal som blant anna er kopla til mayakalendarane, er blant dei unike veggmaleria arkeologane har funne i den utdøydde mayabyen Xultún i Guatemala (sjå faktaboks).

Veggmaleria er funne i eit hus som arkeologar trur kan ha vore arbeidsplassen til byens skrivar, personen som hadde som oppgåve å nedteikne all informasjon som var viktig for maysamfunnet.

Forskarane presenterer funna sine i siste nummer av tidsskriftet Science.

Sjå ein video om funnet på National Geographics nettsider:

Oisann, innholdet som skulle vises her støttes ikke lenger. Vi beklager!

– Aldri sett noko liknande

– Veggen er dekka av små glyfar, strekar og prikkar som representerer kolonner av tal. Dette er noko vi til no berre har sett i Dresden Codex, som mayaene skreiv mange hundre år seinare. Vi har aldri sett noko liknande, seier David Stuart, som er professor i Mesoamerikansk kunst og skrift ved University of Texas-Austin.

– For første gong får vi sjå kva for oppteikningar som vart gjort av skrivaren, som hadde som jobb å nedteikne mayasamfunnets kollektive hukommelse, seier arkeolog William Saturno ved Boston University som har leia utgravingane.

– Det er som om dei har brukt veggen som tavle for nerdete utrekningar som i ein episode av Big Bang Theory, seier Saturno.

Kalenderutrekningar på mayavegg - Fire lange tal på nordveggen i mayahuset representerer utrekningar knytt til mayakalenderen, trur arkeologane. - Foto: William Saturno og David Stuart/National Geographic /

Fire lange tal på nordveggen i mayahuset representerer utrekningar knytt til mayakalenderen, trur arkeologane.

Foto: William Saturno og David Stuart/National Geographic

Konge i blå fjør

Huset inneheld tre intakte veggar, som kvar fortel si historie, men som også gir arkeologane nye mysterium å løyse.

Nordveggen ligg rett framfor ein når ein går inn i rommet. På denne veggen er det malt ein bilete av ein sitjande konge iført blå fjør.

Ein lang stav av bein var montert på veggen og gjorde det mogleg å dekke veggmaleriet av kongen med ei gardin, samtidig som eit anna veggmaleri vart avdekka.

Dette maleriet viser ein mann kledd i oransje, som held ein fjørpenn. Mayateikn nær andletet kallar ham «Younger Brother Obsidian» eller «Yngre bror Obsidian», ein underleg tittel som sjeldan er sett i mayatekstar.

Saturno trur dette kan vere snakk om ein son eller yngre bror av kongen, og kanskje også kunstnaren/skrivaren som budde i huset.

– Portrettet av kongen tilseier at det var eit forhold mellom den som budde i dette huset og den kongelege familien, seier Saturno.

Mayaveggkunst - Arkeolog William Saturno ved maleriet av personen med tittel Yngre bror Obsidian. - Foto: Tyrone Turner/National Geograhics / NTB/Scanpix

Arkeolog William Saturno ved maleriet av personen med tittel Yngre bror Obsidian.

Foto: Tyrone Turner/National Geograhics / NTB/Scanpix

Tidspunkt 7000 år fram i tid

Fire lange tal på nordveggen representerer 750 000 til 2,5 millionar dagar som mest sannsynleg bringer saman alle dei astronomiske syklusane som var viktige for mayaene, syklusane til Mars, Venus og måneformørkingar.

Datoane som desse tala representerer strekkjer seg om lag 7000 år fram i tid, altså svært mykje lenger enn til 12. desember 2012.

Dette er den første funnet mayaarkeologar har gjort som synest å vise alle syklusane på denne måten.

Austveggen er ikkje like godt bevart som dei to andre veggane, men her kan ein også sjå maleri av eit menneske og skimte restar av andre menneskefigurar.

Veggen er elles dominert av tal som blant anna var knytt til månefasar.

– Det mest interessante er at vi no ser at mayaene gjorde slike utrekningar hundrevis av år før dei nedteikna dei i Dresden Codex, og at dei også nedteikna dei andre stader enn i bøker, seier professor Aveni.

– Ingen teikn til at verda skal ende

– Trass kva mange synest å tru, er det ingen teikn til at mayakalenderen, eller verda, skal ende i 2012, det er berre ein kalendersyklus som tar slutt, seier forskarane.

– Det er som kilometerteljinga på ein bil, mayakalenderen rullar berre frå 120 000 til 130 000, seier Anthony Aveni som er professor i astronomi og antropologi ved Colgate University.

– Dei gamle mayaene rekna seg til at verda ville halde fram, at 7000 år fram i tid ville alt vere nøyaktig som dette, seier William Saturno.

– Vi leiter stadig etter endepunkt, mens mayaene leita etter garantiar for at ingenting ville endre seg. Det er ein tankemåte som er heilt annleis frå vår.


Vi setter pris på at mange bidrar med meninger, erfaringer og synspunkter i kommentarfeltet. Takk for at du begrunner dine meninger og avstår fra personangrep. Innlegg som ikke følger våre regler for deltakelse kan bli slettet.
Orienteringsevnen blir bl.a satt på prøve i dagens program, når deltakerne må spille krokett i blinde, med seg selv som ball! Vi møter også den blinde 18-åringen Dave Janischak, som orienterer ved hjelp av sin egen sonar, tungen! (2:6)
Hvor brennbar er en bursdag? Eller en laptop i sofaen? Vi tester om gardiner av bomull brenner raskere enn gardiner av polyester og oppdager at den samme madrassen brenner dårligere i England enn i Norge.
Norsk dokumentarserie. Folkeopplysningen ser på fenomenet matallergi og intoleranse. En million nordmenn oppgir at de har matallergi eller er intolerante, men hvorfor tåler vi ikke lenger melk og brød? Programleder Andreas Wahl blir kurert for egne brødtraumer hos en kinesiolog og sender kjernesunne Eva til allergitesting på alternativmarkedet. Sesong 2 (4:6)