Hopp til innhold

Havtemperaturen har aldri stige raskare dei siste 10.000 år

Delar av Stillehavet tar opp varme 15 gongar raskare enn ved nokon periode i løpet av dei siste 10.000 år, ifølgje ny studie. – Stadfestar kor uvanleg oppvarminga er i historisk samanheng, seier norsk klimaforskar.

Hav

Ein ny klimastudie viser at temperaturauken i havet aldri har gått raskare dei site 10.000 åra.

Foto: Colourbox

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

I ein rekonstruksjon av temperaturen i eit område av Stillehavet har amerikanske forskarar funne at havtemperaturen på midtre djup, frå 450-900 meters djup, har blitt varma opp 15 gongar raskare i løpet av dei siste 60 åra enn ved noko liknande hending i dei siste ti tusen åra.

– Vi kan ha undervurdert rolla hava har med å lagre varme og energi, seier klimaforskar Yair Rosenthal ved Rutgers University i ei pressemelding. Rosenthal er hovudforfattar bak studien som er publisert i Science i dag.

– Det kan kjøpe oss noko tid, sjølv om det er usikkert kor mykje tid. Men det vil ikkje stoppe klimaendringar, seier han.

– Studien gir endå ei stadfesting på kor uvanleg den pågåande oppvarminga er i historisk samanheng, seier CICERO-direktør og oseanograf Cecilie Mauritzen til NRK.no.

Auka med 0,18 grader

Instrumentelle målingar av havtemperatur går berre tilbake til 1960-talet. For å kunne vite korleis temperaturane var langt tilbake i tid, har forskarar derfor brukt fossil av den eincella organismen Hyalinea balthica til å berekne temperaturen i havet i tidlegare tider.

Dette har forskarane gjort ved å sjå på forholdet mellom stoffa magnesium og kalsium i skalet på organismen.

Berekningane viser at sjølv om klimaet dei siste 10.000 åra har vore relativt stabilt, har dei midtre djupa av Stillehavet generelt kjølna i denne perioden. Frå om lag 1600 byrja havtemperaturen sakte men sikkert å auke, og dei siste 60 åra har temperaturen auka med om lag 0,18 grader.

– Det høyrest kanskje lite ut, men tilsvarer ein oppvarmingsfart som er 15 gongar raskare enn ved noko anna periode i løpet av dei siste 10.000 år, seier medforfattar Braddock Linsley.

Klimaforskar Braddock Linsley analyserer H. balthica-fossil

Klimaforskar Braddock Linsley analyserer Hyalinea balthica-fossil.

Foto: Rudy Diaz, Columbia University

–Menneske har dominert klimaendringane

Cecilie Mauritzen

Cecilie Mauritzen, direktør i CICERO Senter for klimaforskning.

Foto: met.no

I siste klimarapport blir det vist til at havet dei siste 50 år har blitt varma opp, og at oppvarminga dei siste 15-20 åra har nådd heilt ned på fleire tusen meters djupn.

Studien frå Stillehavet samanliknar denne perioden med andre oppvarmings- og avkjølingsperiodar i løpet av dei siste ti tusen åra.

– Det som gjer dei siste femti åra unik i denne studien, er at oppvarminga har gått mykje raskare enn andre oppvarmingsperiodar i løpet av dei siste 10 000 år, fortel Mauritzen.

–Det er kun dei siste femti åra som vi med veldig stor sikkerheit kan seie at menneske har dominert klimaendringane, seier Mauritzen.

–Viktig å studere heile energibudsjettet

– Denne studien understrekar kor viktig det er å studere heile energibudsjettet på jorda og ikkje berre ta for seg den eine biten som er mest kjent og mest følbar, nemlig bakketemperaturen, seier Mauritzen.

Jorda er alltid i ei viss ubalanse energimessig, i nokre periodar kjem det meir energi inn enn det som går ut, slik som no, og i andre periodar er det motsatt.

– Endringar i havets varmeinnhald er den absolutt viktigaste indikatoren på denne ubalansen fordi det aller meste av ekstra-energien blir lagra og tappa frå havet, seier Mauritzen.