Hopp til innhold

Giftekspert unngår sprøyta mat

Vi veit ikkje nok om blandingseffekten av sprøytemiddel, seier ekspertar. – Ingen grunn til å frykte helserisiko, seier norske matmyndigheiter.

Kresen

Dei fleste grønsakene vi kjøper har blitt behandla med plantevernmiddel. Kva skal vi forbrukarar tru når ekspertane stridast om sprøytemiddel er ok eller ikkje?

Foto: Colourbox.com

I sommar publiserte Folkehelseinstituttet ein studie som viste at barn av mødrer som åt økologiske grønsaker hadde mindre risiko for å bli fødd med misdanning på penis.

Både internasjonalt og i Norge er det eit aukande fokus på at sprøytemiddel kan ha ein effekt på kroppen også i små mengder fordi dei kan fungere som hormonforstyrrarar (sjå faktaboks).

Samtidig forsikrar Mattilsynet at dei verdiane av sprøytemiddel vi får i oss ikkje er farlege. Kva skal vi forbrukarar tru? Vi tar ein runde blant myndigheiter, fagfolk og miljørørsle for å forstå kva innvendingane går ut på.

– Vi veit for lite

Professor Ketil Hylland

Ketil Hylland meiner vi ikkje veit nok om eventuelle skadelege effektar av sprøytemiddel.

Foto: Universitetet i Oslo

– Når det er mogleg kjøper eg økologiske grønsaker og frukt, seier Ketil Hylland til NRK. Hylland er professor i akvatisk biologi og toksikologi ved Universitetet i Oslo.

Hylland meiner at vi ikkje veit nok om eventuelle skadelege effektar, og han støttar prinsipielt tanken om matproduksjon utan bruk av giftige stoff.

– For å kunne vite kor mykje vi toler av eit stoff bruker vi mus og rotter som modellorganismar. Men vi kan ikkje bruke studiar på mus og rotter til å måle om sprøytemidla på sikt gir auka risiko for kreft eller redusert immunforsvar, seier han.

Han ser tre hovudutfordringar med den risikovurderingane som blir gjennomført av myndigheitene: Dei tar ikkje høgde for blandingseffektar, mus og rotter har kortare livssyklus og rekk ikkje nødvendigvis å utvikle sjukdom, og forsøksdyra har ein annan fysiologi enn menneske.

Vi veit for lite, derfor bør vi få i oss så lite som mogleg.

Ketil Hylland, professor i toksikologi ved Universitetet i Oslo.

– Når det gjeld kjemiske stoff så viser historia oss at vi aldri finn at dei er mindre giftige enn vi trudde. Forsking og ny kunnskap fører i staden til at vi finn ut at stoff er meir giftige, fordi ein oppdagar nye verkemekanismar, seier han.

Fristende jordbær fra Valldal

95 prosent av norske jordbær er sprøyta, viste ein rapport frå i fjor. Men gjer det noko?

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– Ikkje grunn til å frykte helserisiko

– Dagens kunnskap gir ikkje grunn til å frykte helserisiko når det gjeld restar av plantevernmiddel i det som blir tilbydd av frukt og grønsaker på den norske marknaden, seier toksikolog Edgar Rivedal.

Han er koordinator for faggruppa for plantevernmiddel i Vitenskapskomiteen for mattrygghet (VKM), som har i oppgåve å gjere risikovurderingar på oppdrag frå Mattilsynet og miljødirektoratet.

Den trygge grensa for kvart plantevernmiddel blir bestemt hovudsakleg ved forsøk på dyr. Ein finn den største dosen som ikkje gir nokon effekt, og deler denne på 100 igjen for å finne ein verdi som er rekna som toksikologisk akseptabel.

– Men kva med den såkalla cocktaileffekten, kva veit vi om korleis plantevernmidla verkar saman i kroppen?

– På dette området skjer det mykje på forskingsfronten både i Noreg og internasjonalt, seier Rivedal.

Han meiner likevel at tryggleiksgrensene som er sett for enkeltstoffa er store nok til å ta høgde for kombinasjonseffekten av sprøytemiddel.

– Det er viktig å vere klar over at plantevernmiddel ikkje er det einaste vi blir utsett for. Vi blir utsett for 10.000-vis av kjemikaliar. Når ein tenker på dette og kompleksiteten i ein organisme kan ein bli litt starstruck, og føle at ein har ei svær oppgåve.

– Det komplette svaret på kombinasjonseffektar ligg langt fram, seier Rivedal.

– Arbeider for å få meir kunnskap

Hanne Marit Gran

Hanne Marit Gran i Mattilsynet meiner at vi alt opererer etter føre var-prinsippet når det gjeld sprøytemiddel.

Foto: Privat

– Alle stoff og plantevernmiddel som ikkje er vurdert, får automatisk ein grenseverdi på 0,01 milligram per kilo, som er det minste vi vanlegvis klarar å analysere for. Dette er i seg sjølv eit føre var-prinsipp seier Hanne Marit Gran i Mattilsynet.

Når det gjeld blandingseffekten, rettar Mattilsynet seg etter VKM sine vurderingar om at stoff med same verkemåte i nokre tilfelle kan gi risiko for helseskade.

– Mattilsynet arbeider både nasjonalt og internasjonalt for å få meir kunnskap på området. Det er sett i gang fleire prosjekt for å identifisere stoff som verkar på same måte og for å utvikle metodar for å vurdere desse samla, seier Gran.

Bonde sprayer plantevernmiddel over rismark

Ein bonde sprayar plantevernmiddel over ei rismark. Omsynet til bønder si helse er ein viktig grunn til at øko-rørsla ønsker å avgrense bruk av sprøytemiddel.

Foto: Colourbox

– Vi bør vere føre-var

Maiken Pollestad Sele

Maiken Pollestad Sele meiner at føre-var-prinsippet bør vere viktig når det gjeld sprøytemiddel i mat.

Foto: Oikos / Nadin Martinuzzi

Oikos er ein medlemsorganisasjon for folk som har interesse for økologisk mat. I produksjon av økologisk mat skal det som regel ikkje nyttast kunstige sprøytemiddel.

– Hovudargumentet frå vår side er miljøomsyn, at matproduksjon skal vere meir helsevenleg og miljøvenleg, seier seniorrådgivar Maiken Pollestad Sele i Oikos.

Når det gjeld helseaspektet, så er det først og fremst helsa til bøndene som skal bruke sprøytemidla, ho er opptatt av. Særleg i land der ein ikkje har nok ressursar til å beskytte seg.

– Sprøytemidla kan jo også påverka helsa til forbrukarane, det veit vi lite om. Men det har jo komme ein del forsking som tyder på at det kan ha det, seier Sele.

– Når forskarane finn at nordmenn ligg i verdstoppen når det gjeld miljøgifter i kroppen, då må vi gjere noko, seier ho.

– Vi meiner at føre var-prinsippet bør gjelde.

– Kjem på toppen av alt det andre

Ved Universitetet i Tromsø arbeider forskar Torkjel Sandanger på miljøgifter. I fjor publiserte han og kollegaene hans måleresultat som viste at nordmenn er blant dei nasjonalitetane som har flest miljøgifter i kroppen. Kvar og ein av oss har mellom 200–400 miljøgifter i kroppen, og mange av desse er sprøytemiddel.

Slik som grenseverdiane fungerer i dag kan vi vere trygge for at verdiane for enkeltstoff er sett med god margin. Men problemet blir at det kjem på toppen av alt det andre vi har i kroppen.

Torkjel Sandanger, førsteamanuensis ved Institutt for samfunnsmedisin, Universitetet i Tromsø.
Torkjel Sandanger

Torkjel Sandanger forskar på effektar av ulike miljøfaktorar på human helse.

– Viss desse stoffa påverkar immunsystem eller reproduksjon så kan det ta fleire generasjonar før vi ser effekten. Det er all grunn til å tru at det ikkje vil vere dramatiske effektar, men det kan tenkast å ha ein effekt på populasjonsnivå.

Han meiner derfor at føre-var-prinsippet bør vege tungt

.– Men finst det ikkje også naturlege stoff som verkar hormonforstyrrande?

– Jo, ei rekke naturlege stoff er hormonforstyrrande, til dømes metylparaben i blåbær. Men vi er nok utsett for kunstige hormonforstyrrarar i større grad enn dei naturlege, seier Sandanger.

– Positiv helseeffekt overgår negativ

 Håkon Lindahl Rådgiver

Håkon Lindahl er rådgivar i Framtiden i våre hender. Han meiner at dei positive helse- og miljøeffektane av frukt og grønt overgår dei negative.

Foto: Framtiden i våre hender

Framtiden i våre hender informerer på sine nettsider om kvar ein kan kjøpe økologiske, usprøyta jordbær. Men for dei er det effekt på natur og jordbruksarbeidarar som tel tyngre enn helseeffekten på forbrukarar.

Rådgivar Håkon Lindahl i Framtiden i våre hender synest det har skjedd mykje positivt i Noreg dei siste åra når det gjeld mindre bruk av sprøytemiddel og bruk av andre tiltak, og han meiner at økologisk landbruk har vore ein spydspiss i dette arbeidet.

– Det er ingen som vil bruke plantevernmiddel, og den massive sprøytinga av heile åkrar er over, seier Lindahl.

Organisasjonen er opptatt av å redusere inntak av kjøt, og i staden gå over til å ete meir grønsaker. Dei synest derfor at fokuset på sprøytemiddel må balanserast opp mot andre omsyn.

– Ut ifrå det vi veit i dag ser det ikkje ut til at den eventuelle hormonforstyrrande effekten av plantevernmiddel overgår den positive helseeffekten frå frukt og grønt, seier han.