Hopp til innhold

Yrkessjåførar vil ha krav om varslingssystem etter gangbru-ulukka i Bergen

Alle lastebilar bør få eit varslingssystem for å hindre at dei køyrer med kran eller lasteplan oppe, meiner fagforeiningar for yrkessjåførar.

Dødsulukke Olsvik der lastebil reiv ned granbru

SJÅFØR OMKOM: Lastebilen med kran vart knust av betongbrua som berre låg laust oppå stolpane som heldt den oppe.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

– Alle kan gjere feil, men har du eit varslingssystem inne i bilen når du set deg, ser du at det er noko gale, og får ikkje starta bilen, seier Jan Arne Laberget, leiar for logistikkavdelinga til Yrkestrafikkforbundet (YTF).

Ein 51-årig lastebilsjåfør omkom då han måndag i køyrde inn i ei gangbru i Olsvik i Bergen. Krana på bilen stod truleg oppe, og reiv dermed gangbrua laus. Brua bestod av eit betongelement som ikkje var festa i endane.

Betongbrua fall ned og knuste førarhuset.

Dagen etter ulukka opplyste selskapet at både lastebilen og krana var godkjende og i god teknisk stand.

– Det var ikkje montert noko varsel eller black box som kan indikere om krana var oppe ved uhellet. Dette er heller ikkje påkravt, skreiv dagleg leiar Roald Toppe i Steinsenteret Åsane Sand og Singel.

Politiet etterforskar no kvifor krana stod oppe, om det er menneskeleg eller teknisk svikt.

Dødsulukke då ein lastebil reiv ned ei gangbru i Olsvik i Bergen

Gangbroen kollapsa då lastebilen køyrde inn i den.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Ingen alarmkrav

Vegdirektoratet stadfestar at det i dag ikkje er krav til at lastebilane må ha eit varslingssystem når dei køyrar med krana, lasteplanet eller betongpumpa oppe. Heller ikkje Arbeidstilsynet har eit slikt krav, sjølv om forskriftene deira har krav til bruk av kran.

Men i vegtrafikklova paragraf 3 er det eit generelt krav om at ein ved køyring skal vere «aktsam og varsam så det ikkje kan oppstå fare eller voldes skade».

Elles skal Statens vegvesen gi ei teknisk godkjenning når kraner blir monterte på lastebilar.

Statens vegvesen er positiv til endringar som kan ha ein positiv innverknad på trafikksikkerheita, seier pressevakt Frida Gunnestad Johansen i Vegdirektoratet.

Men det er Arbeidstilsynet som må vurdere dette, understrekar ho.

Tilsyn er gjennomført

Arbeidstilsynet gjennomførte tilsyn med bedriften før helga, men ville fredag ikkje kommentere funna. Det kan ta minst tre veker før dei publiserer ein rapport, opplyser Runar Hauge, seksjonsleiar i avdeling for tilsyn.

På spørsmål om han vil støtte eit krav om å ettermontere varslingssystem, svarar han:

– Vi ønsker å vurdere kva funn som blir gjort i denne konkrete saken før vi uttalar oss om tiltak, skriv han i ein e-post til NRK.

Lastebilen rev ned gangbroen ved Sollihøgda

I februar falt ei gangbru ned på Sollihøgda på grensa mellom Hole og Bærum då den blei treft av ein lastebil med kran.

Foto: Anne Kirstine Libæk

Åtvara om 89 sårbare bruer

I mai fekk fylkeskommunane ei åtvaring frå Vegdirektoratet om bruer som er sårbare for å falle ned viss dei blir påkøyrde.

Fylka blei bedne om å registrere slike bruer og starte arbeidet med å sikre dei. Lista Vegdirektoratet har i dag er ikkje fullstendig, men dei kjenner til 89 bruer i ni fylke:

I tillegg opplyser Vestland fylkeskommune om ti betongbruer i Bergen som er av same type som ulukkesbrua i Olsvik.

Fleire har dei siste dagane etterlyst tiltak for å hindre at slike ulukker kan skje. Vegdirektoratet meiner ulukka kunne vore unngått.

No kjem også fagforeiningar for yrkessjåførar på bana.

Jan Arne Laberget – leder i YTF Logistikk

Jan Arne Laberget i Yrkestrafikkforbundet meiner det må komme krav om ettermontering av varslingssystem for å unngå at sjåførar gløymer å ta ned kran eller lasteplan før dei køyrer.

Foto: Per Christian Lind

Krev raud lampe på alle bilar

Eit krav om varsling eller alarm bør innførast snarast på alle bilar med kran, vippeplan eller betongpumpe, meiner Laberget.

– Det er jo så enkelt som at ein kan installere ei lampe, for eksempel, seier han.

Laberget køyrer sjølv ein lastebil med lasteplan. Den har ei raud lampe som lyser på dashbordet når han brukar liften bak.

Etter ulukka opplyste fylkesleiar Jan Ove Halsøy i Norges lastebileierforbund at nyare køyretøy sidene om lag 2015 har slikt varslingssystem.

– Viss bilen likevel skal flyttast med krana oppe, må sjåføren kvittera ut at dette er eit medvite val, seier han.

Kan ettermonterast

Men eldre lastebilar køyrar som regel rundt utan noko varslingssystem. Halsøy viste til at å ettermontere systemet vil vere ein ekstrakostnad for næringa.

Laberget meiner likevel dette må til:

Dette bør ettermonterast på alle bilar. Sjølvsagt kostar det pengar, men sikkerheit er veldig viktig. Det er opp til styresmaktene kor fort dei får til det, men eg meiner det bør skje snarast råd, så me unngår slike ulukker.

Jan Arne Laberget leiar for logistikkavdelinga, Yrkestrafikkforbundet (YTF).

Fellesforbundet støttar å innføre eit krav om varslingssystem i lastebilar, seier forbundssekretær Dag-Einar Sivertsen.

– Det vil vere formålstenleg for å berge liv når vi ser ulukka som skjedde i Bergen nyleg.

Dag-Einar Sivertsen, Fellesforbundet

Dag-Einar Sivertsen i Fellesforbundet vil ha både krav om varslingssystem i bilane og sikring av eldre bruer.

Foto: John Trygve Tollefsen / Fellesforbundet

Krev sikring av bruer

Men først og fremst er Fellesforbundet oppteke av å sikre dei eldre bruene som ikkje toler ein støyt.

– Det kan ikkje vere slik at ein risikerer å få ei bru ned på køyrehytta si fordi brua ikkje er sikra på tilfredsstillande måte, seier han.

Det er Bergen kommune som eig brua og har vedlikehaldsansvar, medan Vestland fylkeskommune har ansvar for å gjere inspeksjonar kvart femte år.

Kommunen har varsla ein større inspeksjon av alle bruene i kommunen til hausten.