Den filippinske vermeldingstenesta Pagasa opplyser at vinden har ei fart på 210 kilometer i timen. Sjølv om vindstyrken ikkje kjem opp mot den katastrofale tyfonen som ramma landet i november i fjor, er dette den sterkaste stormen som har ramma landet hittil i år.
Truleg er «Hagupit» verre enn tyfonen som ramma landet i juli i år, då minst 100 menneske miste livet.
– Tak rivne av
– Bølgjeblekktak blir rivne av, mange tre har velta og det er ein del flaum, sa Stephany Uy-Tan, borgarmeister i byen Catabalogan på Samar til AFP like etter klokka 16 norsk tid.
Truleg er Filippinane langt betre førebudd på denne tyfonen enn dei var i november i fjor. Denne gongen har det vore omfattande evakuering, og det er håp om at «Hagupit» ikkje vil bli like øydeleggjande som tyfonen «Haiyan» i november i fjor. Då miste minst 7350 menneske livet, og dei materielle øydeleggingane var enorme.
I Tacloban, ein av byane som vart hardast ramma av tyfonen i fjor, er det ikkje meldt om skadar hittil. Over 600.000 menneske i byen er evakuerte frå heimane sine til idrettshallar, kyrkjer, forsamlingshus og andre bygningar som blir rekna som trygge.
– Dystert og spent
Nordmannen Erlend Johannesen, som driv barneheimen Streetlight i Tacloban, sa til NRK i går kveld at han var redd for kva
, som enno ikkje er skikkeleg gjenoppbygd etter tyfonen i fjor.Hittil er det ikkje meldt om skadar i byen, men han karakteriserte stemninga i byen som svært spent og dyster.
Det er natt i Filippinane no, landet ligg sju timar føre norsk tid. Tyfonen, som har ein radius på 600 kilometer, er venta å svekkje seg når han går vidare vestover. Men tyfonen er like fullt så kraftig at han kan gjere omfattande skade på vegen.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Største evakuering i fredstid
– Eg veit at de er trøytte, at de har fått for lite mat og svevn og for mykje kaffi, sa innanriksminister Manuel Roxas i ein fjernsynstale i dag. Talen var ei siste oppmoding til folk om å søkje dekning før stormen.
FN opplyser at evakueringa som er gjennomført i Filippinane dei siste dagane ei av dei største nokon gong i fredstid.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: