Hopp til innhold

Hizbollahs historie

Hizbollah – Guds parti. Eit skjellsord i Israel. Sentrale i den syriske borgarkrigen. Verdas stormakter kallar dei for terroristar. Kva er eigentleg Hizbollah, og kva vil dei?

Den libanesiske sjiamuslimske militsen Hizbollah har laget et museum i Hermel over egen virksomhet.

SE BILDER FRA MUSEET: Det er Hizbollah-leder Hassan Nasrallah som via video ønsker besøkende velkommen til Hizbollah-museet i Hermel.

Den syriske borgarkrigen har rast i over to år, og det siste halve året har Hizbollah-gruppa blitt stadig meir involvert i kamphandlingane.

Erklært som terroristar

USA, Storbritannia, Frankrike og Canada har alle erklært dei som ei terroristgruppe. Gruppa er også eit politisk parti i Libanon.

Ved hjelp av pengar frå Iran, Syria og deira eigen politiske avdeling har den militante vingen av Hizbollah blitt verdskjend for å kjempe mot Israel.

Hizbollah såg dagens lys i 1985, då dei starta kampen mot den israelske okkupasjonen av Sør-Libanon. Etter kvart har gruppa vakse til å bli ei mektig rørsle i Midtausten, og det reknast med at den militante gruppa har mange rakettar på lager.

Israel er på tå hev, og følger nøye med på kva Hizbollah gjer.

Israel er hovudfienden

I januar skaut Israel rakettar inn i Syria. Dei hevda målet var ein rakettransport Hizbollah. Gruppa si deltaking i Syria-krigen gjer ikkje konflikten noko enklare. Med den turbulente fortida Hizbollah og Israel har, er faren for ein regional krig til stades.

Hizbollah meiner den jødiske staten er bygd på okkupert, muslimsk land, og meiner at Israel ikkje har rett til å kunne eksistere.

Gruppa har utført fleire kidnappingar, og kjemper for islamsk påverknad på dei fleste område i samfunnet.

Hizbollah har blitt populær hos mange i Midtausten for den motstanden dei har vist mot Israel. I tillegg bidreg dei med både økonomiske og sosiale hjelpetiltak.

Hizbollah sier de lover president Bashar al-Assad i Syria all støtte, noe som ikke er overraskende, sier Midtøstenkorrespondent Sigurd Falkenberg Mikkelsen.

NRKs korrespondent Sigurd Falkenberg Mikkelsen om Hizbollah i Syria.

SISTE NYTT

Siste nytt