Hopp til innhold

Syriske opprørarar truar med å jage Hizbollah til helvete

Ein syrisk opprørsleiar truar med å angripe Hizbollah inne i Libanon om den sjiamuslimske organisasjonen ikkje trekkjer krigarane sine ut av Syria innan 24 timar.

Salim Idris

Salim Idriss er general i den frie syriske hæren, FSA. Han truar Hizbollah med hemn.

Foto: Bela Szandelszky / Ap

Hizbollah har den siste tida sendt nesten 1700 væpna menn til den opprørskontrollerte byen Qusair for å delta i den syriske regjeringshæren sin offensiv for å ta tilbake den viktige byen nær grensa til Libanon.

– Om ikkje Hizbollah stansar angrepa sine mot syrisk territorium innan 24 timar, vil vi setje i verk tiltak for jage Hizbollah heilt inn i helvete, sa opprørsgeneralen Salim Idriss til fjernsynskanalen Al Arabiya i dag,

Han retta åtvaringa til både Libanons president Michel Suleiman, leiar for Den arabiske liga Nabil al-Arabi og generalsekretæren i FN, Ban Ki-moon.

Idriss er den øvste leiaren for Den frie syriske hær (FSA). Han sa i fjernsynsintervjuet at han ikkje lenger vil greie å halde medlemene av FSA tilbake frå å gjennomføre angrep mot Hizbollah. Han skuldar også Hizbollah for folkemord.

– Eg håper at alle vil tilgi at Den frie syriske hær hemnar seg, sa han blant anna i intervjuet.

Syriske regjeringsstyrkar og krigarar frå Hizbollah har no kringsett grensebyen Qusair, der det bur 25.000 menneske.

SISTE NYTT

Siste nytt