Hopp til innhold

Gerry Adams avhøyrt i drapssak

Sinn Fein-leiaren Gerry Adams blir i kveld avhøyrt i samband med drapet på ei kvinne i Belfast i Nord-Irland i 1972, opplyser partiet hans.

Gerry Adams

Gerry Adams er i avhøyr om eit drap i Nord-Irland i 1972.

Foto: Peter Morrison / Ap

Det skal vere bortføringa og drapet på Jean McConville det er snakk om. Ho vart brutalt bortført frå husværet sitt i Belfast og seinare drepen.

– Sist månad sa Gerry Adams seg villig til å bli avhøyrt av politiet om Jean McConville-saka. Dette skjer i kveld, heiter det i ei fråsegn frå Sinn Fein.

Helen McConville held fram eit bilete av mora Jean McConville.

Helen McConville held fram eit bilete av mora Jean McConville, som vart drepen av IRA i 1972.

Foto: Peter Morrison / Ap

Nokre kjelder seier at Gerry Adams er arrestert, men dette er ikkje stadfesta.

Enkje og mor til ti

Adams sjølv seier i ei fråsegn at han ikkje har noko med drapet på McConville å gjere, ei enkje og tibornsmor som vart bortført og drepen av IRA i 1972. IRA skulda henne for å ha ytt hjelp til britiske soldatar.

– Eg meiner at drapet på Jean McConville var ein feil og ein grov urett overfor både henne og familien hennar, heiter det i ei fråsegn frå Adams.

Adams seier at det har vore retta feilaktige skuldingar mot han i denne saka, men at han står fast på at han aldri var med på drapet.

– Eg har aldri distansert meg frå IRA, og det vil eg aldri gjere heller. Men eg er uskuldig i McConville-saka, heiter det i fråsegna hans.

Liket funne i 2003

Liket av McConville vart funne på ei strand i County Louth i 2003, fire år etter at IRA vedgjekk å ha teke livet av henne.

Politiet i Nord-Irland opplyser at ein mann har møtt opp for å gi forklaring i saka i kveld, utan å seie noko om kven det er snakk om.

Innslag fra Kveldsnytt

London-korrespondent Espen Aas om Gerry Adams.

Den irske republikanske hær IRA er no oppløyst, men har stått bak mange politiske drap under den tilnærma borgarkrigen i Nord-Irland. Sinn Fein var rekna som den politiske fløya til IRA.

– Politisk motivert

Nestleiar i Sinn Fein, Mary Lou McDonald, meiner at politiet sin aksjon mot Gerry Adams i kveld er politisk motivert, og ho meiner at politiet ynskjer å skade Adams og politiet.

LES OGSÅ: Fredsprosessen strandet i Nord-Irland

LES OGSÅ: Et historisk håndtrykk i Nord-Irland

LES OGSÅ: Marsjerte for siste gang i Derry

SISTE NYTT

Siste nytt