Hopp til innhold

– Vi har jaga Boko Haram ut av Bama

Nigerianske regjeringsstyrkar har greidd å jage terrorgruppa Boko Haram ut av den nordaustlege byen Bama, heiter det i ei kunngjering frå den nigerianske hæren.

Nigerianske regjeringsstyrkar på frammarsj nord i Nigeria.

Nigerianske regjeringsstyrkar har kasta Boko Haram ut av byen Bama nordaust i Nigeria, heiter det i ei fråsegn frå den nigerianske overkommandoen.

Foto: NIGERIAN ARMY PRESS SERVICE / Afp

Boko Haram har hatt kontroll over Bama, som ligg i delstaten Borno, sidan september i fjor. Dersom det viser seg at Boko Haram verkeleg er jaga ut av Borno, så er det ein stor siger for regjeringshæren, berre to veker før det er tillyst val i landet.

Boko Haram har i over seks år kjempa for å opprette eit islamsk kalifat etter mønster frå mellomalderen i den nordlege delen av Nigeria. Nyleg sverja islamistgruppa truskap til terrororganisasjonen IS, som kontrollerer store landområde i Irak og Syria.

Rå brutalitet

NIGERIA-VOTE -

President Goodluck Jonathan håpar på siger ved valet om to veker.

Foto: - / Afp

Boko Haram har vist ein brutalitet i framferda si som verda knapt nok har sett i dette området tidlegare. Landsbyar er totalt øydelagde og menneske har vorte regelrett slakta av krigarane. Organisasjonen brukar også sjølvmordsbombarar, særleg kvinner og born.

Framgangen i kampen mot Boko Haram for den nigerianske regjeringshæren kjem etter at landet har fått hjelp frå nabolanda Niger, Tsjad og Kamerun. Regjeringshæren har også fått mykje nytt militært utstyr den siste tida, og det har styrkt kampmoralen.

Det har fleire gonger tidlegare vorte meldt om at regjeringsstyrkane ikkje har teke sjansen på å gå i kamp mot dei langt betre utstyrte Boko Haram-krigarane. Med nye våpenleveransar og hjelp frå nabolanda, kan dette no vere i ferd med å snu.

– Boko Haram og IS drar vekslar på kvarandre

Håper å knuse Boko Haram

Pinleg for presidenten

Det faktum at hæren ikkje har greidd å slå tilbake Boko Haram, har vore svært pinleg for president Goodluck Jonathan og hans regime

Boko Haram kontrollerte i januar i år eit område på størrelse med Belgia i det nordlege Nigeria. Islamistorganisasjonen har ikkje greidd å innføre eit skikkeleg sivilt styre i områda dei har okkupert, og forholda for innbyggjarane som ikkje har kome seg unna, har vore svært vanskelege.

Flyktningar frå Bama i Maiduguri.

Desse menneska flykta frå Bama til delstatshovudstaden Maiduguri i fjor haust. No har dei håp om å få reise tilbake til heimbyen.

Foto: Jossy Ola / Ap
Nigeria Violence

Fleire tusen menneske har flykta frå Bama etter at Boko Haram tok kontroll over byen.

Foto: Jossy Ola / Ap

Fleire tusen menneske er drepne i konflikten og fleire hundre er bortførte, blant anna over 100 jenter frå ein skule. Mange av desse jentene vart trua til å omvende seg til islam og til ekteskap med Boko Haram-krigarar.

BBC: Boko Haram sverger troskap til IS

– Mange barn drept i Boko Haram-angrep i Nigeria

Oppryddingsaksjonar

– Nigerianske soldatar har i ettermiddag jaga terroristane ut av Bama i delstaten Borno. Oppryddingsaksjonar held fram, heiter det i ei Twitter-melding frå Det nigerianske militære hovudkvarteret.

Kampen om Bama har halde på sidan sist veke, og framgangen for regjeringsstyrkane starta i helga, seier tryggingskjelder til nyheitsbyrået Reuters.

Bama, som har rundt 270.000 innbyggjarar, ligg rundt 60 kilometer søraust for delstatshovudstaden Maiduguri.

Boko Haram angrep provinshovedstad i Nigeria

– Boko Haram er verre enn IS

SISTE NYTT

Siste nytt