Hopp til innhold

Fem av Rashidats barn er kidnappa av bandittar i Nigeria

Det går føre seg ein intens leiteaksjon etter at 287 skulebarn vart bortført i Nigeria. Kidnapping er blitt ein næringsveg for Nigerias kriminelle.

Fem av Rashidat Hamza sine seks barn er kidnappa av bandittar i Nigeria.

REDD: Rashidat Hamza veit ikkje kor fem av hennar seks barn er. Mange foreldre er redde for kva som no skjer med barna deira.

Foto: AP

– Vi veit ikkje kva vi skal gjere, anna enn å tru på Gud, seier Rashidat Hamza til nyheitsbyrået Ap.

Ho er mor til seks barn. No er fem av dei borte, og ho aner ikkje kva som kjem til å skje med dei. Barna hennar er blant dei 287 nigerianske barna som vart kidnappa då væpna menn gjekk til angrep ein grytidleg morgon førre veke.

– Nokre sterke barn klarte å flykte. Mindre barn gret og vart dytta og tvinga til å følgje kidnapparane.

Den fortvilte mora fortel kva augevitne har fortalt ho. Dei fem sakna borna hennar spenner frå sju til 18 år.

skolebarn bortført i Nigeria

STILLE: Skulegarden i Kuriga i Nigeria.

Foto: HAIDAR UMAR / AFP

Kidnappingane i delstaten Kaduna, nord for hovudstaden Abuja, kom ikkje heilt ut av det blå.

Væpna islamistiske grupper har herja lenge og gjort kidnappingar til ein næringsveg. Dei tek folk med makt og vil ha pengar for å sleppe frigjere dei igjen.

En folkeansamling venter på nyheter om de kidnappede ute på en plass i Kaduna, Nigeria.

VENTAR: Eit folkesamling ventar på nyheiter om dei bortførte ute på ein stad i Kaduna, Nigeria.

Foto: Sunday Alamba / AP

Krev løysepengar

Gjerningsmennene som bortførte elevane krev løysepengar, melder Reuters.

Dersom det ikkje blir betalt kring 6,5 millionar kroner, innan 20 dagar, vil dei starta å avretta gislar, opplyser lokale styresmakter.

– Dei kom plutseleg

No er det heilt stille i skulegarden i Kuriga i Nigeria. Leikeapparata er tomme, sjokket har ikkje lagt seg heilt endå.

Ut av ei dør på skulebygget i raud murstein kjem ein trist og alvorleg viserektor, Nura Ahmad.

viserektor Nura Ahmad i Nigeria

SKULESJEF: Viserektor Nura Ahmad.

Foto: Sunday Alamba / AP

– Dei kom plutseleg, på motorsyklar og dei skaut rundt seg, fortel viserektoren.

– Dei omringa skulen og blokkerte alle rømmingsvegar ut av skulegarden, held han fram.

Gøymde seg

Desperate foreldre fortviler etter det som har skjedd.

– Hjernen min held på å bli sprengd i fillebitar. Eg klarer ikkje gjere nokon ting fordi eg heile tida tenker på korleis barna har det, seier Shehu Lawal som er far til eit av barna som er bortført.

Shehu Lawal er far til to av barna som er kidnappa.

FAR: Shehu Lawal er opprørt og fortvila etter kidnappingane førre veke.

Foto: AP

– Kona og eg har ikkje klart å få noko søvn, seier han.

I kaoset som oppstod klarte nokre få å gøyme seg. Aminu Abdullahi fortel korleis han slapp unna.

– Då bandittane kom på motorsyklar og begynte å skrike og skyte, løp elevane i alle retningar, seier guten til nyheitsbyrået Reuters.

– Då eg sprang, følgde ein av bandittane etter meg på motorsykkel. Eg klarte å krysse vegen og løp inn i skogen kor eg gøymde meg, fortel Aminu.

Omfanget av kidnappingar har lenge vore ei brennheit politisk sak i Nigeria, og omfanget av kidnappingane førre veke har skapt sterke reaksjonar.

No søker tryggingsstyrkar gjennom store skogar nordvest i Nigeria på leiting etter elevane som vart kidnappa frå barneskulen i Kuriga.

sikkerhetsstyrker i Nigeria leter etter skolebarn

LEITEAKSJON: Sikkerheitsstyrkane leiter etter bortførte skulebarn.

Foto: Sunday Alamba / AP

Så langt har det ikkje kome meldingar om at nokon er funne.

Ifølge rektoren i byen Kuriga nordvest i landet vart 287 elevar kidnappa av væpna menn etter morgonsamlinga torsdag. Minst hundre av barna er under 13 år.

Vaksne bortført denne veka

Fleire titals personar har blitt bortført frå ein landsby nordvest i Nigeria tysdag i denne veka.

Det skjer berre dagar etter bortføring av nesten 300 skoleelevar.

Væpna menn storma ein landsby i Kajuru-distriktet. Dei gjekk få hus til hus for å bortføre folk og opna eld sporadisk, fortel ein lokal folkevald til TV-kanalen Channels, skriv NTB.

Ein FN-kjelde opplyser til AFP at væpna menn storma landsbyen.

– Den første oppteljinga viste at 40 personar blei bortført, men talet har steget til rundt 60, seier kjelda til FN.

Utbrytargruppe frå Boko Haram?

Det er ikkje heilt klart kven som stod bak angrepet. Men BBC skriv at Ansaru er mistenkt, ei utbrytargruppe frå Boko Haram, som kontrollerer mykje territorium i denne delen av Nigeria.

Boko Haram er ein islamistisk terrororganisasjon. Namnet «Boko Haram» betyr «Vestleg utdanning er synd» og jentene blei kidnappa nettopp då dei var på skulen.

Boko Haram leder Abubakar Shekau

LEIAREN: Islamistbevegelsen Boko Haram sin leiar, Abubakar Shekau.

Foto: HANDOUT / AFP

Det har vore ei auke i angrep og kidnappingar den siste tida. Fleire kriminelle grupper er aktive, nokre meir kjente enn andre. I tillegg til Boko Haram har også IS ei forgreining til Nigeria og Vest-Afrika.

«Kidnapping er lukrativt»

Ofte er det også lausrivne kriminelle grupper som står bak kidnappingar. Dei livnærer seg på å bortføre folk for å få løysepengar. Kidnapping har altså blitt ein slags næringsveg.

skole i Nigeria der barn er bortført

KLASSEROM: Tomme klasserom på skulen i Kuriga i Nigeria etter at elevane vart bortført.

Foto: HAIDAR UMAR / AFP

Enkelte meiner det er landets økonomiske krise som gjer at desperate menneske tyr til dramatiske handlingar.

– Alt handlar om pengemangel og fattigdom, seier Emeka Okoro til nyheitsbyrået AFP.

Han er analytikar i Nigerias SBM Intelligence.

– Kidnappingar er ein lukrativ geskjeft. Enorme summar er betalt til kidnapparar ved dei to siste redningsoperasjonane etter at skulebarn er blitt bortført, seier han.

Truar presidentens posisjon

SBM, som analytikar Okoro jobbar for, seier til AFP at dei har registrert 3964 kidnappingar sidan Tinubu tok over som president i mai – altså ti månader sidan.

Tinubu hadde kampen for tryggleik og kampen mot kriminelle grupper, som ei av sine viktigaste saker under valkampen i fjor.

Dei mange angrepa i det siste har for alvor skapt trøbbel for Tinubu, og legg press på han. Dette kjem i tillegg til ein dårleg økonomisk situasjon for Nigeria.

«Bring Back Our Girls»

Det er vanleg med tvangsekteskap og seksuell vald mot jenter og kvinner som vert kidnappa.

«Bring Back Our Girls» var eit slagord for ti år sidan, då fleire hundre jenter vart kidnappa frå ein jenteskule av Boko Haram.

Skuespiller Salma Hayek med plakat "Bring back our girls"

2014: Bring back our girls vart eit slagord verda over. Dette er skodespelar Salma Hayek på raud løpar i Cannes 17. mai, 2014.

Foto: YVES HERMAN / Reuters

Det som har skjedd no liknar mykje på hendinga som fekk stor merksemd for ti år sidan. Også den gong vart det lova å få frigjort skulejentene. Ein del vart redda, men mange er sakna den dag i dag.

Historia gjekk verda rundt etter at dei 276 skulejentene vart kidnappa i det nordaustlege Nigeria 14. april 2014. Den gong var det terrorgruppa Boko Haram.

Bortføringa førte til raseri over heile verda og eit ofseleg engasjement. Emneknaggen #BringBackOurGirls blei brukt av alle frå Michelle Obama via Kim Kardashian til paven.

SISTE NYTT

Siste nytt

Eksklusivt intervju med Israels nye talsperson: – Vi er den mest humane hæren nokosinne

Israel hevdar UNRWA-tilsette er knytte til terror, at 18 Hamas-bataljonar er knuste og sår tvil ved talet på drepne palestinarar. Men bevisa er få.