Hopp til innhold
Urix forklarer

Håpet om eit nytt Nigeria

I Nigeria bur det mange millionar pessimistiske ungdommar. Men kanskje kan helgas presidentval vekke framtidsoptimisme.

Ein ung mann kikkar opp på kamera. Han er ein av mange som støtter presidentkandidat Peter Obi.

Tusenvis av unge nigerianarar hadde møtt opp for å vise støtte til Peter Obi.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Ola Nordmann er neppe klar over det, men Nigeria er verdas mest hurtigvoksande stormakt. Innan 2050 vil dei ha gått forbi USA og blitt verdas tredje mest folkerike land.

Ei slik folkevekst kunne betydd moglegheiter og utvikling. Men for Nigeria er det ikkje heilt slik no. Landets økonomi klarer ikkje å halde tritt med folkeveksta. I 2023 er det venta at arbeidsløysa vil vokse til heile 37 prosent.

Mange nigerianarar drøymer om å forlate heimlandet og søke lukka andre stader. For Nigeria er eit land kor pilene snart bør snu. Økonomien er i nedoverbakke, mens kriminalitet, vald og kidnappingar skjer det stadig meir av.

Økonomi og tryggleik er dei to store sakene når Afrikas mest folkerike land i dag går til urnene.

Tilhengjarar av Peter Obi markerer motstand mot politivald

Ei knytt hand i vêret markerer motstand mot politivald.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

I denne artikkelen kan du lese om:

Unge pessimistar

– Arbeidslivet er berre eit einaste stort kaos. Massevis av nyutdanna unge får ikkje jobbar. Dei som er heldige får for lite jobb. Dei fleste av mine vener har måtte forsøke å skape sin eigen jobb, seier Udodiri Onuoma til NRK.

På scena framfor Onuoma og venene hennar står Peter Obi. Han er mannen som akkurat no er svaret på Onuoma sine problem. Obi surfar på ei bølgje av misnøye, og den bølga kan han kanskje klare å ri på heilt fram til målet: Å bli Nigerias neste president.

– Me kan ikkje lengre ha desse gamle folka som kastar bort tida vår. Det er difor me må ha leiarar som er fødde etter sjølvstendet. Dei som er fødde før sjølvstendet kan gå heim og kvile seg. Så kan me andre bygge landet vårt, seier Obi frå scena.

Peter Obi, til venstre, kikkar ut over publikum på valarrangementet han og kampanjen hans arrangerte i Lagos.

Peter Obi, til venstre, er ingen ung mann, men likevel populær blant mange unge.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

61-åringen er ikkje akkurat nokon ungfole sjølv, og er fødd knappe ti månader etter sjølvstendet. Likevel klarer han å fenge mange unge med sin retorikk.

Afrobarometer stiller med jamne mellomrom afrikanarar i ulike land dei same spørsmåla. Tendensen blant folk i Nigeria har vore tydeleg dei siste åra.

Økonomien går dårleg, og mange opplever at landet deira er utrygt. Talet på kidnappingar har gått kraftig opp, og kriminalitet er og blir verande eit problem.

Og folk stoler heller ikkje på demokratiet.

For mange representerer Peter Obi noko nytt, fordi han ikkje kjem frå dei to etablerte partia i Nigeria. Difor klarer han å skape ei kjensle av håp og endring for dei som i dag er pessimistar på Nigeria vegner.

Dei gamle og rike presidentkandidatane

1. Peter Obi er 61 år, kristen og med muslimsk visepresidentkandidat. Han har vore guvernør i Anambra-delstaten, søraust i Nigeria. Han fekk skryt for den jobben han gjorde der, og er spesielt populær i sin del av landet.

Seier han vil ha:

  • Meir pressefridom
  • Fleire arbeidsplassar
  • Mindre korrupsjon.

Men heilt plettfri er han ikkje. Graveprosjektet Pandora Papers avslørte at Obi hadde skjult enkelte investeringar han hadde gjort i utlandet, og at noko av dette var sendt til skatteparadis.

2. Bola Tinubu er regjeringspartiets kandidat, og dermed sentral del av dagens politiske styre. Alderen er det mange spørsmålsteikn ved. Men mellom 70 og 80 år.

Tinubu har måtta tole ein del kritikk. Dei mest alvorlege skuldingane kjem frå amerikanske styresmakter, som antyda at Tinubu stod som eigar til kontoar som kunne ha band til heroinhandel. Men også skulda for å misbruke offentlege middel til eiga vinning.

Valplakatar i Lagos. Bola Tinubu er regjeringspartiets kandidat.

Rundt om i Lagos kan ein sjå Bola Tinubu, smilande frå valplakatar.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Støttespelarane til Tinubu meiner han representerer stabilitet og erfaring.

Tinubu er muslim og har også ein muslimsk visepresidentkandidat. Det bryt med ein uskriven regel i eit land der både kristendom og islam er store religionar. Det har skapt nokre overskrifter at Tinubu ikkje stiller til val saman med ein kristen.

3. Atiku Abubakar er den siste storfavoritten. Han blir mest tydeleg når det blir snakk om finans og økonomi.

Han vil privatisere det statlege oljeselskapet og bruke pengane frå eit slikt sal til å få fart på små og mellomstore selskap. Målet er å skape arbeidsplassar, som Nigeria verkeleg treng fleire av.

Han har også teke til orde for å reforhandle gjeldsavtaler, og skaffe meir internasjonal støtte til Nigerias tech-sektor.

Atiku Abubakar står oppå ein buss, saman med sine støttespelarar og vinkar til publikum rundt bussen.

Atiku Abubakar forsøker seg for sjette gong.

Foto: Radeno Haniel / AP

Hans planar om å stanse drivstoff-subsidiar kan skape bråk. For då vil drivstoffprisane gå opp i eit land der det allereie er lange køar rundt dei fleste bensinstasjonane.

Det er sjette gong Abubakar forsøker å bli Nigerias president. Forretningsmannen har skifta parti fleire gonger. No er Abubakar presidentkandidaten til det største opposisjonspartiet, People's Democratic Party.

4. Så er det også verdt å merke seg at mannen med den raude hatten, Rabiu Kwankwaso, kan kapre ein del stemmer i sine heimeområde nord i Nigeria. Det kan føre til at dei to etablerte kandidatane, Tinubu og Abubakar, mister ein del stemmer dei elles ville fått.

Rabiu Kwankwaso er jokeren som kan gjere Nigerias presidentval endå meir spennande enn det allereie er.

Rabiu Kwankwaso er jokeren som kan gjere Nigerias presidentval endå meir spennande enn det allereie er.

Foto: Gbemiga Olamikan / AP

Med valkampen med seg i bukselomma

220 millionar nigerianarar og kanskje 440 millionar mobiltelefonar?

Det kan i alle fall sjå slik ut når ein går rundt i Lagos, ein storby der mange har fleire mobiltelefonar til ulikt bruk.

Og på dei små skjermane har det skjedd mykje i dagane før valet.

– Sosiale medium har vore heilt avgjerande for at folk skal bli interessert i valet. Det er spesielt nyttig når ein skal forsøke å nå ut til unge menneske, seier Japheth Omojuwa.

Han er ekspert på sosiale medium, og ein aktiv debattant på fleire flater. På Twitter er det over 1,2 millionar som følger det han har å seie.

Japheth Omojuwa, nigeriansk samfunnsdebattant og ekspert på sosiale medium

Japheth Omojuwa meiner Peter Obi ville vunne om sosiale medium var avgjerande. Men heilt slik er det ikkje, seier han.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Omojuwa fortel om eit Nigeria der politikk i mange år har vore noko som eliten dreiv på med. Debattar er sjeldan vare, og vanlege folk har ofte berre engasjert seg om dei får betalt.

Det har ein også kunne sjå på valoppslutninga, som ved førre val berre var 35 prosent.

Men med mobiltelefonen har ting endra seg.

– Folk kjem saman og har samtaler på ulike vis. Dei er både einige og ueinige. Det er nesten som eit virtuelt parlament, seier Omojuwa.

Det er spesielt ungdomsfavoritten Peter Obi som får mykje merksemd på TikTok og Instagram. Gjennom all aktiviteten på internett har han kanskje også fått mange journalistar til å tru at han er storfavoritt.

Nigerias valkamp blir veldokumentert og spreidd rundt på nettet til alle som ikkje kjem til dei ulike arrangementa.

Mange kamera dokumenterte Obis valkamparrangement, og fleire gjekk direkte frå artrangementet og ut på sosiale medium.

Men heilt så enkelt er det ikkje, meiner Japheth Omojuwa.

– Enormt mange veljarar bur på stader der dei ikkje bryr seg om sosiale medium. Dei stemmer på personane dei har høyrt om lokalt, og partia dei kjenner frå før, forklarer Omojuwa.

Mange i Nigeria er einige om at det lenge har vore slik at vinnaren er den som klarer å kjøpe seg stemmer, og at det er eit nettverk av folk heilt ned til landsbynivå som påverkar utfallet av valet ved å betale pengar for å få folk til å stemme på «sin» kandidat.

På slike stader har TikTok lite påverknadskraft.

Ein liten nigeriansk demokrati-revolusjon som kan ende med bråk?

Årets val skil seg ut. Sidan 1999 har Nigeria vore eit demokrati der to hovudkandidatar og to parti har kniva om å vinne.

Men med Peter Obis suksess tydar alt på at Nigeria no blir eit fleirpartisystem.

Dermed kan det også, for første gong, bli to valrundar. For å vinne må ein kandidat ha flest stemmer nasjonalt, og samtidig meir enn 25 prosent støtte i minst 24 av 36 delstatar. Om ingen får dette, må det haldast ein ny runde innan det har gått tre veker.

Så er spørsmålet kva som skjer om det blir eit jamt val. Dei etablerte partia har framleis brei støtte, og mange nigerianarar har personleg interesse av at deira kandidat ender opp med makt.

Ein vakt passar på at alt går rett føre seg.

Det var mange vakter som passa på at ingen vart skadde under Peter Obi sitt valkamparrangement i Lagos.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Samtidig har Peter Obi klart å skape håp blant mange unge. Om han taper kan frustrasjonen frå tidlegare demonstrasjonar føre til nye protestar. Og retorikken rundt valet har ikkje berre vore av det fredelege slaget.

Det finst også fleire separatistgrupper, og andre aktørar som kan ha interesse av eit destabilisert Nigeria.

Val og vald har lenge vore to sider av same sak. Valkommisjonen i landet har åtvara om frykt for vald i dagane rundt valet. Og fleire observatørar meiner at jo tettare eit val blir, jo meir aukar risikoen for vald.

Ifølge ACLED, som fører statistikk over konflikt over store delar av Afrika, har det vore 53 hendingar sidan nyttår og fram til 17. februar, der folk har blitt angripe fordi dei støttar ein spesifikk kandidat. Dette har ført til at 25 menneskeliv har gått tapt.

Nesten 95 millionar menneske er registrerte til å kunne delta i valet i Nigeria. Eit resultat er venta innan tysdag 28. februar.

Hei

Jambo!

Du må gjerne lese meir. For eksempel om nokre av dei mange millionane av sudanarar som akkurat no er på flukt. Eg møtte nokre av dei som har reist til Sør-Sudan, verdas minst utvikla land.

Har du fått med deg alle kuppa i fransktalande Afrika? Kvifor er det eigentleg slik?

Og om du likar å høyre på podkast: Høyr på Oppdatert. Kvifor eksploderte krigen i Sudan? Kven er Burkina Fasos folkehelt, Thomas Sankara, og kvifor er han aktuell 36 år etter sin død? Kva er grunnen til at fredfulle Mali i løpet av ti år endra seg til eit sentrum for terror?

SISTE NYTT

Siste nytt