Hopp til innhold

35 drepne – minst 185 bortførte av Boko Haram

Den islamistiske terrorgruppa Boko Haram tok livet av minst 35 menneske og bortførte minst 185 under eit angrep mot landsbyen Gumskiri nordaust i Nigeria, opplyser tryggingskjelder.

Boko Haram-leder Abubakar Shekau

Abubakar Shekau er truleg den øvste leiaren for Boko Haram.

Gumskiri ligg svært aude til i delstaten Borno, mobiltelefonsambandet er dårleg i området, slik at det er vanskeleg å få ut opplysningar om det som har skjedd. Det er klart at angrepet skjedde sist søndag og at det tok den nigerianske hæren fleire dagar å nå fram til landsbyen.

– Bortførte koner og døtrer

Innbyggjarane i landsbyen har hatt store problem med å få full oversikt over situasjonen, men dei siste tala går ut på at minst 185 kvinner og born er bortførte av krigarane frå Boko Haram.

– Etter å ha drepe ungdomane våre har opprørarane bortført konene og døtrene våre, seier Mukhtar Buba, ein av dei som klarte å flykte frå Gumskiri til Madiuguri, distriktshovudstaden i Borno. Andre overlevande fortel at angriparane også brann ned eit medisinsk senter, fleire hus og butikkar.

– Legitime mål

Boko Haram har som mål å opprette ein islamsk stat i det nordlege Nigeria. Dei har ei lang historie med å angripe særleg kristne område på svært brutalt vis. Organisasjonen har tidlegare sagt at alle kristne som ikkje reiser frå det nordlege Nigeria, er legitime mål for dei.

Organisasjonen har teke livet av fleire tusen menneske dei siste fem åra og fleire hundre er bortførte.

LES OGSA: Møter med Boko Harams ofre

LES OGSÅ: – Sju drept av ekstreme islamister i timen

LES OGSÅ: Jaktar dei skuldige etter ei av Nigerias blodigaste hendingar

LES OGSÅ: Minst 120 drepne i angrep mot moske i Nigeria

SISTE NYTT

Siste nytt