Jaktar dei skuldige etter ei av Nigerias blodigaste hendingar

Utbrente bilar, ein blodig moske, fulle likhus og over ein million på flukt. Sjokket har framleis ikkje lagt seg i Nord-Nigeria, etter gårsdagens terror i Kano, der så mange som 120 menneske kan ha døydd. No skal dei skuldige tas, seier presidenten.

Gå til forsiden

Angrep på moske i Kano, Nigeria

NIGERIA-VIOLENCE/ Bomb detection security personnel inspect the wreckage of a car believed to be used in the Kano Central Mosque bombing

Angrep på moske i Kano, Nigeria

11 bilder

    – Desse folka har bomba moskeen. Eg står ansikt til ansikt med folk som skrik, sa frilansjournalist Chijjani Usman til nyheitsbyrået Reuters i går kveld.

    – Folk sprang hals over hovud

    Han var sjølv på veg til den største moskeen i Nigeria, Kano Central Mosque, då tre bomber eksploderte, og menn med skytevåpen skaut rundt seg. Han overlevde, men så mange som 120 vert rapportert drepne av nyheitsbyrået AFP. Andre kjelder har førebels dødstal rundt 80 menneske. Fleire hundre er skadde.

    – Imamen skulle til å starte bøna då nokon i ein bil prøvde å tvinge seg inn i moskeen. Når folk prøvde å stoppe han, så detonerte bomba. Folk starta å springe hals over hovud, fortel eit augevitne til BBC.

    Morten Bøås, forskningssjef FAFO

    Seniorforskar ved NUPI, Morten Bøås, meiner Boko Haram er vanskelege å slå.

    Foto: NRK

    Terrorgruppa Boko Haram har ikkje teke på seg skulda, men er mistenkte for å stå bak. Moskeen har sannsynlegvis vore mål for angrepa fordi moskeens leiar, Emiren av Kano, i førre veke oppmoda folk til å ta opp kampen mot Boko Haram. Emiren var ikkje til stades under gårsdagens fredagsbøn.

    – Boko Haram gjer dette for å vise at det var eit ganske så makteslaus utsegn han kom med, sa Nigeria-ekspert og seniorforskar i NUPI, Morten Bøås til NRK i går.

    Nigeria Violence

    Terrorgruppa, her med leiar Abubakar Shakar i midten, har stått bak mange blodige angrep dei siste vekene.

    Foto: Ap

    Han meiner gruppe er i ferd med å vakse seg sterkare, og at den viser seg veldig vanskeleg å slå for Nigerias militære.

    – Dei er ein kombinasjon av ein godt organisert geriljagruppe som opererer på bakken, og fleire sovande celler. Og desse cellene vert anten aktivisert via fjernkontroll, eller dei aktiviserer seg sjølve, seier Bøås, og viser til at ei slik sovande celle finst i nettopp Kano, der angrepet fann stad.

    (Saka held fram under videoen)

    Video frå etterdønningane av angrepet i Kano, fredag 28. november 2014.

    Sjå video frå Kano, både då skytinga framleis haldt på, og etter at angrepet var over. NRK beklager at det ikkje er lyd tilgjengeleg på deler av klippet.

    Over ein million på flukt

    Gårsdagens angrep er berre det siste i ei lang rekke med blodige hendingar i Nigeria dei siste vekene. Torsdag vart 40 personar drepne lengre aust i landet, og rundt 200 menneske er stadfesta omkomne berre dei siste vekene.

    Samstundes vert det rapportert om store flyktningstraumar frå nordaust-Nigeria.

    – Det er ein ekstremt farleg situasjon. Folk flyktar særs fort. Mange kvinner, eldre og mange barn er dei som møter store vanskar under flukta. Familiar vert splitta opp, barn kjem bort frå foreldra. Folk må reise frå alt dei eig. Dette får særs alvorlege følgje for dei involverte, seier ein talsmann for FNs høgkommissær for flyktningar.

    Over ein million skal vere på flukt i Nord-Nigeria no, ifølgje organisasjonar som Flyktninghjelpen og Røde Kors.

    – Styresmaktene gjer ikkje nok

    Sjølv om representantar for nigerianske styresmakter hevda at dei hadde signert ein våpenkvileavtale med Boko Haram i oktober, så er det lite som tyder på at herjingane til Boko Haram vil ta slutt med det første.

    – Det er så fælt at eg nesten ikkje har ord lenger. Dette har pågått over lengre tid, men ingenting skjer, sa Amina Sana til NRK i går.

    Ho bur i Abuja, hovudstaden i Nigeria, der det også har skjedd fleire terrorangrep frå Boko Haram tidlegare. Det var i eit av desse angrepa den 30 år gamle FN-juristen Ingrid Midtgaard vart drepen i august 2011.

    – Er du nøgd med korleis terroren vert forsøkt stoppa?

    – Nei, dei gjer ikkje nok. Styresmaktene må gjere noko med dette, og våre soldatar må handle, seier Sana.

    (Saka held fram under klippet)

    I gatene i Abuja er folk redde etter at minst 120 menneske vart drepne i eit angrep lengre nord i landet i dag.

    NRK møtte Amina Sana på gata i Abuja i går. Ho er redd etter fleire angrep dei siste vekene.

    Presidenten fordømmer angrepa

    Han som får mest kritikk for å vere makteslaus er landets president Goodluck Jonathan. Han har fleire gonger sagt at Boko Haram skal straffast, men mange i Nigeria meiner han ikkje evner å leve opp til desse utsegna.

    Mellom anna skal landets soldatar vere for dårleg utstyrte til å ville ta opp kampen med Boko Haram, og i sommar velte enkelte soldatar å trosse ordre og nekta å krige før dei fekk betre utstyr.

    Også i dag går han hardt ut mot Boko Haram sine handlingar. Han lovar full etterforsking av hendingane i Kano, og at dei skuldige skal bli stilt til ansvar.

    – Presidenten seier nok ei gong at terrorisme i alle slags former er ein forakteleg og urettvis handling mot vårt samfunn, heiter det i eit utsegn frå presidenten i dag.

    Brende: – Djupt uroa over utviklinga

    Også Noregs utanriksminister, Børge Brende, fordømmer angrepet mot moskeen i Kano.

    – Eg er djupt uroa over utviklinga i Nigeria. Terrorangrepa mot sivile mål dei siste dagane, er sjokkerande og må fordømmast på det sterkast, seier Brende i ei pressemelding.

    Han legg til at han håper Nigeras styresmakter lukkast i nedkjempe terroristane og styrke menneskerettane i Nigeria.

    – Mi djupaste medkjensle går til alle dei som har mista sine næraste i desse angrepa, seier Brende.

    Vil fikse sine eigne problem

    Førebels har ikkje Nigeria ville ta mot noko hjelp utanfrå, og har vore opptekne av å løyse sine eigne problem. Morten Bøås trur heller ikkje dei kjem til å be om hjelp no.

    – Det er mogleg at dei kunne trengt nokre gode råd utanfrå, men om dei vil ha det er eit anna spørsmål, seier Bøås.

    Boko Haram har herja i Nigeria sidan 2002, men har blitt særskild sterke dei siste åra. Gruppa er mot vestleg utdanning, og er i opposisjon til både Vesten og nigerianske styresmakter. Boko Haram står bak mange terrorangrep og kidnappingar, mellom anna kidnappinga av 276 skulejenter i april i år.

    Laster innhold, vennligst vent..
    Laster innhold, vennligst vent..

    SISTE NYTT

    Siste nytt