NRK Meny
Normal

Minst 120 drepne i angrep mot moske i Nigeria

Minst 120 menneske er drepneetter at tre bomber eksploderte i ei folkemengde ved ein moske i byen Kano i Nigeria i dag, seier lokalt hjelpemannskap til nyheitsbyrået AFP. 270 skal vere skadde. Boko Haram er mistenkte for å stå bak.

Nigeria Violence

Folk som er nysgjerrige, eller som vil hjelpe, har samla seg rundt moskeen der eksplosjonane skjedde.

Foto: Muhammed Giginyu / Ap

Eksplosjonane skjedde utandørs i det moskeen var i ferd med å fyllast opp med menneske som skulle delta på fredagsbønna.

– Eg høyrer menneske som skrik her eg står, seier ein lokal journalist på telefon til nyheitsbyrået Reuters.

– Etter fleire eksplosjonar opna angriparane eld. Eg veit ikkje kor mange som er drepne eller såra, for me sprang bort alle saman, seier eit vitne til nyheitbsyrået AFP.

Kan vere motangrep på emir

Det var den viktigaste islamske skriftlærde i området, emiren av Kano, som skulle leie bøna i moskeen, ved namn «Kano Central Mosque».

Emiren, som heiter Sanusi Lamido Sanusi, kom seinast i førre veke med ei oppmoding til folk i Nord-Nigeria, om å «gjere det ein må» for å stoppe terrorgruppa Boko Haram. Han kritiserte også militæret sin respons, og sette spørsmålsteikn ved deira evne til å stoppe terrorgruppa og trygge folket.

Emiren, som er ein veldig sentral leiar for dei 80 millionane muslimar i Nigeria, skal ifølgje BBC vere i Saudi-Arabia, og difor ikkje vere skaddi angrepet.

Sanusi har tidlegare vore ein sentral politikar i Nigeria, og leia landets sentralbank. Han har mellom anna vore aktiv i kampen mot regjeringskorrupsjon.

Ikkje slått fast kven som står bak

Det er førebels ikkje kjent om det er Boko Haram som står bak dagens eksplosjonar, men terrorgruppa har over lang tid spreidd mykje frykt i Nord-Nigeria. Kano, der eksplosjonane fann stad i dag, er den største byen i Nord-Nigeria, og ligg lengre vest enn der Boko Haram vanlegvis herjar.

Boko Haram er ei islamistisk gruppe, som ser på vestleg utdanning som synd. Dei har stått bak mange terrorangrep, kidnappingar og drap både i Nigeria, og i seinare tid også Kamerun og Tsjad.

Også i går var det eksplosjonar i Nord-Nigeria. Då vart 40 personar drepne på ein busstasjon, nordaust i landet. Røde Kors opplyste på ein pressekonferanse i dag at meir enn ein million menneske er på flukt i Nigeria, etter Boko Haram sine herjingar.

Styresmaktene i landet, og president Goodluck Jonathan, har fått mykje kritikk for å ikkje klare å stoppe terrorgruppa.

Laster kart, vennligst vent...

Her i Kano, sentralt i Nord-Nigeria skjedde eksplosjonane.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt