Statsråden gjer det klart at skriveria i
etter stortingsvalet, må korrigerast, fordi det har skapt eit omdømmeproblem både for Framstegspartiet og Noreg.Nestleiar i Framstegspartiet, Ketil Solvik Olsen, er godt nøgd med hjelpa frå UD, men kritiserer statsrådane Heikki Holmås og Jonas Gahr Støre for å nøre opp under desse haldningane ved å kalle Frp eit høgrepopulistisk parti.
– Ikkje høgreekstremt parti
– Framstegspartiet er ikkje eit høgreekstremt parti som deler haldningane til Anders Behring Breivik. Partiet vil no prøve å kome til orde internasjonalt for å korrigere påstandane, og det er naturleg at Utanriksdepartementet hjelper dei med det, seier Espen Barth Eide til NRK.
Han fortel at UD vil bruke sitt apparat rundt om i verda til å samle informasjon om kva som blir sagt og skrive om Noreg, fordi det er fare for at Noreg sitt omdømme internasjonalt står i fare for å bli svekt av desse artiklane.
Fleire aviser i mange land som er viktige for Noreg har gjort eit nummer av at Anders Behring Breivik ein periode var medlem av Framstegspartiet. I artiklane UD har registrert, er det eit poeng at partiet no for første gong skal i regjering. Frp blir samanlikna med høgreekstreme parti i andre europeiske land.
LES OGSÅ:
– Grunnleggjande demokratisk
– Det er viktig at vi klarer å vere tydelege på det som skil Framstegspartiet frå desse høgreekstreme partia, blant anna at Framstegspartiet er eit grunnleggjande demokratisk parti, seier Barth Eide.
Dei norske ambassadane i utlandet skal samle inn informasjon om korleis denne saka utviklar seg vidare. Framstegspartiet vil få hjelp til å få fram sitt syn på det som er skrive om dei, blant anna gjeld dette assistanse ved omsetjing til dei ulike språka.
Utanriksministeren fortel at UD kjem til å bruke ein del ressursar på dette arbeidet framover, fordi det er viktig at det ikkje blir sitjande på Noreg at landet har gått i ei retning som mange land vil sjå på som svært negativt.
Kritiserer Holmås og Støre
LES OGSÅ:
Fredag var det eit møte mellom statssekretær Torgeir Larsen i UD og representantar for leiinga i Framstegspartiet, der dei diskuterte korleis UD kan hjelpe partiet til å kome til orde i utanlandske medium.
Nestleiar Ketil Solvik Olsen i Framstegspartiet er godt nøgd med hjelpa partiet no får frå UD. Han meiner det er eit godt første steg i å få fram det partiet står for. Han fortel at det første tilsvaret frå partiet står i svenske Dagens Industri i dag, og at dei vil publisere artiklar i fleire land i dagane som kjem.
– Det er eit større problem at norske statsrådar som Heikki Holmås og Jonas Gahr Støre verkar å gjere det dei kan for å halde liv i desse misforståingane om Framstegspartiet, seier Solvik Olsen. Han refsar også norske akademikarar som gjer sitt for å grunnfeste desse karakteristikkane av partiet.
LES OGSÅ:
– Ikkje høgrepopulistisk
Han meiner at karakteristikken av Framstegspartiet som eit høgrepopulistisk parti ikkje stemmer med den moderne definisjonen av populisme, og at Frp først og fremst er eit liberalistisk parti.
Ketil Solvik Olsen meiner denne saka også viser at folk i utlandet veit langt mindre om Noreg enn det vi trur.
LES OGSÅ: