Navarsete set seg ved pc-en kl 07:45 i morgon, klar for å svare på spørsmål frå lesarane. Ikkje uventa vil ho aller helst bli spurt om distriktspolitikk.
Send inn spørsmål til nettmøtet her
– Kvifor me vil ta heile Noreg i bruk – og kva det betyr i konkret politikk, seier Navarsete.
– Kva for spørsmål vil du helst sleppe?
– Eg er ikkje så oppteken av å sleppe spørsmål, men ein kan bli sliten av dei gamle schlägerane som handlar om at Sp framleis er eit bondeparti. Eg er stolt over at vi har den beste landbrukspolitikken, men våre verdiar viser veg på alle samfunnsområde, seier Sp-sjefen.
- LES:
- LES OGSÅ:
Ikkje nokon Usain Bolt
Men sjølv om Navarsete har eit hjarte som brenn for distrikta, treng ikkje alle spørsmål å handle om landbruk og landsbygd.
– Nei, hjelpe meg – det ville vore kjedeleg både for meg og veljarane!
– Kva er det raraste spørsmålet du har fått frå ein veljar?
– Oi, eg får mange spørsmål når eg går rundt, og eg set stor pris på engasjementet til folk. Men nokre gonger kan det nok gå litt over styr for interessa til folk. Kva tida mi på 60 meteren er trur eg for eksempel ikkje bør avgjere kva folk stemmer.
– Så; er du rask? Eller kanskje meir uthaldande?
– Eg er nok meir den uthaldande fjellvandraren enn ein Usain Bolt!
- LES OGSÅ:
Åtvarar mot ny regjering
Det er særleg to saker frå Sps program som skapar høg temperatur og er flittig debattert på nettet og andre stader: Nynorsk og rovdyr. Navarsete kastar seg gjerne inn i desse diskusjonane.
– Debattar om nynorsk og rovdyr er viktige. Det er saker som skil Senterpartiet frå andre parti, og derfor vert det interessant både for dei som høyrer på og meg å debattere dette.
– Kva tema har fått for lite merksemd denne valkampen?
– Bak alt prat om spel og kaos har det vi veit at ei ny regjering vil gjera drukna. På nokre felt er dei jo faktisk einige; kutt i næringssatsing i distrikta, frontalangrep på landbruket og ei massiv tvangssamanslåing av kommunar.
Ni parti skal i elden
Navarsete er den nest siste partileiaren som skal gjennom NRKs partileiarutspørring, for så å svare på spørsmål frå lesarane i nettmøte på NRK.no.
Dette er datoane for dei kommande partileiarutspørringane:
- 26. august Siv Jensen (Frp)
- 28. august Liv Signe Navarsete (Sp)
- 30. august Hanna Marcussen (MDG)
På NRK.no kan du følgje utspørjingane direkte. Dei vil også ligge på nett i ettertid. Når politikarane er ferdige i studio går dei rett over i eit nettmøte, der dei skal svare på spørsmål frå lesarane.
Du kan allereie no stille spørsmål til partileiarane her.
På radio går utspørjinga direkte på P2 og Alltid Nyheter. I tillegg sender P1 ein kortare versjon ca. 8.50. Sendinga blir direkteoverført på NRK1, i tillegg går den i reprise på same kanal kl. 12.10.
Fleire sjansar på P3
Nettmøtet er ikkje det einaste høvet til å stille partitoppane spørsmål direkte.
På NRK P3 har programleiarane i Hallo P3, Tuva Fellmann og Jørn Kaarstad, ansvaret for folkeutspørringane. Her kan publikum ringe inn og snakke direkte med partileiarane. Alt blir strøyma på nett.
Programmet går måndag-torsdag kl. 17.00-17.45.
- 27. august: Bjørnar Moxnes (R)
- 2. september: Audun Lysbakken (SV)
- 4. september: Knut Arild Hareide (KrF)
- 5. september: Liv Signe Navarsete (Sp)