Hopp til innhold

– Smart trekk av Sp

Sp-leiar Liv Signe Navarsete har blinka ut kampen mot kommunesamanslåing som den viktigaste valkampsaka for Senterpartiet. – Kan vere eit særs smart trekk, seier valforskar.

Navarsete og Borten Moe

Senterparti-leiar Liv Signe Navarsete og nestleiar Ola Borten Moe trur kommunesamanslåing er noko som vil fenge veljarane.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

– For første gong har vi eit politisk fleirtal som vil slå saman kommunar med tvang. Heile det demokratiske Noreg kan bli drastisk endra om dei borgarlege vinn valet, seier Navarsete til NRK.

Ho minner om at fleire i Høgre har teke til orde for å slå saman alle kommunar med mindre enn 10.000 innbyggjarar.

– Over ein million nordmenn bur i slike kommunar, så det vil gjelde utruleg mange, seier Navarsete til NRK.

Difor har ho tru på at kommunesamanslåing er noko som kan fenge veljarane.

Skil Sp frå dei andre

Navarsete meiner også at det er lett å vise skiljelinjene no som alle dei borgarlege partia, samt Arbeiderpartiet, har gått inn for å slå saman kommunar med tvang.

– Det er sjølvsagt fint for Senterpartiet å vere åleine om ei sak. Vi skil oss jo frå andre parti i landbrukspolitikken òg, men dette vedkjem absolutt alle som bur i små kommunar, seier Navarsete.

Ho peikar på at fleire undersøkingar viser at folk synest det er greitt å slå saman kommunar; men ikkje der dei bur sjølve.

– Smart trekk av Sp

Anders Todal Jenssen

Valforskar Anders Todal Jenssen ved NTNU ser ikkje bort frå at det kan vere eit særs smart trekk frå Sp å bruke kampen mot kommunesamanslåing som valkampsak.

Foto: NRK

Valforskar Anders Todal Jenssen ved NTNU ser ikkje bort frå at dette kan vere eit særs smart trekk frå Sp.

– Interessa er kanskje ikkje stor i Oslo 3, men engasjementet kan vere veldig stort der folk forstår at deira kommune er blant dei som vil forsvinne. Dette er dessutan eit spørsmål som Sp har eit sterkt engasjement i, og det er viktig for truverdet til eit parti, seier Jenssen.

Han ser rett nok eitt skjær i sjøen for Sp:

– Dei kan få eit problem med gjennomslag i media, for dei satsar på ei sak dei er åleine om å ville prioritere på topp i valkampen. Alle dei andre partia kan sjå seg tent med å ignorere dette, seier Jenssen.

Meiner NHO starta «korstog»

I dag skriv Dagens Næringsliv at også kommunanes eigen interesseorganisasjon, KS, vil at Stortinget skal ta initiativ til nye kommunesamanslåingar. Navarsete ser dette i samanheng med det ho kallar «NHO sitt korstog» mot små kommunar.

– NHO starta eit korstog for samanslåing i 2003, og sidan har dei halde på. No har Civita og Høgre teke over stafettpinnen.

Navarsete viser til at KS-leiar Sigrun Vågeng kjem frå NHO, medan KS sin styreleiar Gunn Marit Helgesen er politikar for Høgre.

– Kanskje eller kanskje ikkje tilfeldig

– At dei tek side med NHO og Høgre i denne saka, er ikkje overraskande. Dette er ei kampanje som NHO har køyrt i mange år. No får vi sjå kva landsstyret i KS seier når dei skal diskutere denne saka i neste veke, seier Navarsete.

På spørsmål om ho trur dette er ei bevisst kampanje frå NHO- og KS-toppane, svarar Navarsete slik:

– Det kan vere heilt tilfeldig at KS for første gong går inn for kommunesamanslåing, og det kan hende det ikkje er tilfeldig. Eg veit ikkje.

Styreleiar i KS Gunn Marit Helgesen tykkjer kritikken frå Navarsete er urimeleg.

– Det er landstinget i KS som i fjor gav oss i oppdrag å greie ut kommunestrukturen, og det har vi no gjort, seier Helgesen.

Les mer om stortingsvalget

Flere hundre mennesker møtte opp i Dronningparken for å gå et glimt av Erna Solberg og den nye borgerlige regjeringen.

– Siv får gjennomført det hun lover

Den nyvalgte regjeringen ble mottatt som superstjerner da de møtte folket i Dronningparken i Oslo i ettermiddag.

– Eg veit at eg kjem i et departement der det jobbar dyktige folk, seier påtroppande kommunalminister Jan Tore Sanner. Han har lang erfaring frå Stortinget, og seier at han føler seg godt førebudd til jobben.

– Har sommerfugler i magen

Statsminister Erna Solberg ringte aldri Jan Tore Sanner da hun skulle tilby ham statsrådspost. – I vår moderne tid driver vi med dørbank, så Erna kom og banket på hos meg, sier han.

Jens Stoltenberg sa at han har fått et nært og fint forhold til kongen idet han gikk inn til sitt siste statsråd i denne omgang.

Stoltenberg: - Gleder meg til å bo hjemme!

– Det har vært veldig fint å bo i statsministerboligen med mye praktisk hjelp og nærheten til Slottet og Stortinget, men det skal bli godt å bo hjemme!

Slik blir trolig kabalen

Desse blir statsrådar

Her er lekkasjane frå statsrådskabalen til den nye regjeringa. Onsdag får du se om kabalen går opp.