Hopp til innhold

Her tar kvikkleireskredet med seg straumlina

– Det var som å sjå på sakte film, seier maskinføraren som heldt på i området da jordmassane i Ogndal raste ut. Han fekk sjå ein sprekk framfor seg, og fekk rygga bulldosaren unna.

Jord- og leirskredet i Ogndal ble filma med mobiltelefon. Her siger trærne borti strømlinjene.

Maskinføraren vart ståande makteslaus og sjå på at grunnen sklei sakte ut i elva. Tre falt inn på straumlina og førte til straumbrot opp gjennom Ogndalen.

Geoteknikarar undersøker området

Geoteknikarar frå vegvesenet undersøkte staden onsdag.

Foto: Rita Kleven / NRK
Overrein-gardane

Dei som bur på Overrein-gardane, rett ved skredet, vart evakuerte. Dei fekk flytte heim etter eitt døgn.

Foto: Espen Nilsen Holtan / NRK

Maskinføraren var innleigd for å gjere om eit myrområde til dyrkamark. Dei siste dagane var det kjørt på masse like ved staden der leire og jord sklei ut.

– Som å sjå sakte film

Kvikkleireskredet starta rett før klokka 15 tysdag ettermiddag.

– Det var som å sjå på sakte film. Raset gjekk veldig sakte, og i løpet av ein knapp time var det heile over, seier maskinføraren til NRK.

Han fekk filma noko av det, mellom anna da trea som sklei ut, kom borti kraftlinene. På videoen både ser og høyrer ein at linene kortsluttar.

Skredområdet ligg ved fylkesveg 762, ved Overrein i Ogndal. Dei som bur på og i nærleiken av Overrein-gardane vart evakuerte, og vegen vart stengt, noko som førte til at opp mot 370 personar var isolerte fram til klokka 16 onsdag.

Kvikkleire registrert på kvikkleirekart

Vegvesenet skal i dagane som kjem, gjere fleire undersøkingar av grunnen.

– Det kan sjå ut som at det er nydyrkings- og anleggsarbeid som har løyst ut raset, seier Roar Gartland, senioringeniør i NVE.

– Det viktigaste no blir å finne ut kor stabil grunnen er, seier han.

Jan Morten Boneng, byggeleiar i Statens vegvesen, fortel at kvikkleirekarta viser at det er registrert kvikkleire både på nedsida og oversida av vegen.

– No er vi usikre på stabiliteten, og tar ingen sjansar. Derfor stenger vi vegen om kveldane og nettene framover, seier han.

Vegen vil vere open mellom klokka 06 og 19 framover, og trafikken vil gå med følgebil for tryggleikens skuld.

Burde ha opplyst om rasfare

– Grunneigarane hadde fått lov til å planere i området, seier plansjef og beredskapsansvarleg i Steinkjer kommune, Svein Åge Trøbakk. Men kommunen hadde ikkje godkjent at det skulle fyllast opp med ny masse.

Kommunen erkjenner at dei burde ha opplyst grunneigaren om at det var eit rasutsett område.

Dei evakuerte fekk flytte tilbake til heimane sine onsdag ettermiddag.

Kvikkleireskredet i Ogndal sperra vegen, delte bygda i to, og gjorde at flere hundre personer var isolert. De nærmeste beboerne måtte evakueres. Vegvesenet skal nå undersøke grunnen nærmere. FOTO: NRK Luftfoto

Se midtnyttreportasjen fra Ogndal. NRK Luftfoto/Tariq Alisubh