Hopp til innhold

36-årig kvinne varetektsfengsla i åtte veker

Den 36 år gamle kvinna som er sikta for forsetteleg drap på Vibeche Falck Danielsen - eller for å ha medverka til det, er varetektsfengsla i åtte veker. Kvinna anka avgjerda på staden.

Vibeche Falch Danielsen

FUNNET I ELVA: Drapsofferet Vibeche Sofie Falch Danielsen (48) ble 20. januar 2014 funnet i Nidelva etter å ha vært savnet i flere dager.

Foto: Henrik Sundgård/Privat

Den 36-årige kvinna vart i går pågripen og sikta i drapssaka mot Vibeche Sofie Falck Danielsen.

I kjennelsen frå Sør-Trøndelag tingrett viser domaren til mellom anna blodspora som er funne på T-skjorta til den sikta.

Politiadvokat Mette Kollstrøm og dommer Frode Hansen i rettssaken om Vibeche Sofe Falck Danielsen

I RETTEN: Politiadvokat Mette Kollstrøm og dommer Frode Hansen under fengslingsmøtet for kvinna som er sikta for drapet på Vibeche Sofe Falck Danielsen.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Det er mogeleg at den 49 år gamle tiltalte prøver å få mildare straff ved å legge noko av skulda for drapet på eks-sambuaren, heiter det i kjennelsen.

Men likevel er mistanken mot den sikta så sterk, at retten meiner sikta kan fengslast.

Politiet ba om åtte vekers varetekt for hindre at bevis går tapt, og omsynet til rettskjensla.

Avviste forklaring

Kvinna sa seg ikkje skuldig i fengslingsmøtet i Sør-Trøndelag tingrett i dag.

Ho sa at ho ikkje ønskte å forklare seg utover det ho fortalde under rettssaka som vitne og til politiet i fjor.

Blodspor

BLODSPOR: I kjennelsen frå Sør-Trøndelag tingrett viser domaren til mellom anna blodspora som er funne på T-skjorta til den sikta. Dei kvite sirklane signaliserer blod.

På spørsmål frå politiadvokat Mette Kollstrøm om sikta var i rommet da Vibeche vart drept, svarte 36-åringen nei.

I ankesaka i Vibeche-saka i lagmansretten tirsdag vedgjekk kvinnas eks-sambuar, ein 49-åring mann, å ha drepe Vibeche Falck Danielsen.

elektrisk scooter

RULLESTOL: Kvinna som no er sikta har tidlegare vedgått at ho har frakta liket av Vibeche Falck Danielsen på hennar elektriske rullestol.

Foto: Politiet

Kvinna avviste onsdag denne forklaringa, og sa at 49-åringen berre seier det for å få lågare straff.

«Ikkje nok bevis»

Forsvarer Thomas Øiseth sa i fengslingsmøtet at han meiner det ikkje er nok bevis til å sikte og fengsle klienten hans.

Øiseth stilte også spørsmål ved truveret til den tiltalte, som også tidlegare har kome med ulike og uklare forklaringar om det som skjedde i Kjøpmannsgata i fjor.

Forsvaren meinte også at kvinna, som er funksjonshemma, vanskeleg kunne ha gjort det som den drapsdømte ekssambuaren hennar sa i går.