Screenshot frå NRK-serien Skam

NRK-serien «Skam» får ros for å opplyse og informere ungdom om alvorlege tema som mellom anna overgrep og nakenbilde.

Foto: NRK

– Dette skulle vore snakka mykje meir om

Ungdommen i Harstad roser politiet for å drive førebyggande arbeid i sosiale medium. NRK-serien «Skam» er viktig draghjelp for å nå unge, seier politiet.

– På skulen snakkar vi lite om seksuelle overgrep og kva ein skal gjere om ein har blitt utsett for overgrep. Det skulle ha vore mykje meir.

Det seier Kamilla Heggelund, som går i tredjeklasse på Heggen vgs. Ho er elevrådsleiar på skulen, og er i tillegg leiar i ungdomsrådet i Harstad.

Det blir snakka for lite om kva ein skal gjere om ein har blitt utsett for overgrep, og kunnskapen er låg, meiner Heggelund. Det vil politiet i Harstad gjere noko med, og dei har funnet inspirasjon i NRK-serien «Skam». Serien tar for seg tema som overgrep, festvaldtekt og nakenbilde av barn under 18 år.

– Eg synest det er veldig bra at «Skam» har aktualisert overgrep og nakenbilde. Det er kjempeflott at dei har klart å illustrere dette så godt, og viser at det er moglegheiter for å få hjelp, seier Marius Bergan, som er etterforskar i Harstad-politiet og jobbar med førebyggande arbeid retta mot ungdom.

Vil ha «Skam» som pensum

NRK-serien «Skam» har vore på alle sine lepper i vår.

I serien følgjer vi ein venninnegjeng som går i førsteklasse på Hartvig Nissen VGS i Oslo. I denne sesongen er det Noora som er hovudpersonen, ei sterk og sjølvstendig jente som er i eit av-og-på-forhold til tredjeklassingen William, som har rykte på seg for å vere ein rundbrennar.

Eit stykke ute i sesongen hamnar Noora på fest hos broren til William, Nikolai, og det endar på verst mogleg måte: Noora fryktar at ho har blitt valdtatt etter å ha blitt dopa. Seinare blir det klart at Nikolai har tatt eit nakenbilde av ho, og til slutt ender det opp med at Noora meldar han.

Episoden har fått det til å gå varmt i nettavisene, og fleire har tatt til tastaturet for å diskutere og analysere innhaldet og konsekvensane av hendinga. Mellom anna skreiv legen Kaveh Rashidi ein kronikk i Aftenposten kor han skriv «Noora har blitt utsatt for et seksuelt overgrep. Uansett om hun ble voldtatt av Nikolai eller ikke». Dixi ressurssenter har også skrytt av NRK for å ta opp tema som valdtekt og overgrep, mellom anna i ein artikkel i Dagbladet. Landsforeningen mot seksuelle overgrep har tatt til orde for at desse episodane bør vere pensum.

SKAM sesong 2 følger Noora gjennom våren i førsteklasse på Nissen vgs i Oslo. Du kan følge serien hver dag på skam.p3.no http://skam.p3.no. Hver fredag kan du se alle ukens filmer samlet i en episode her. Anbefalt målgruppe 15 år.

Forskjell frå klasserom til smarttelefon

Fleire hundre tusen følgjer Noora og resten av gjengen i «Skam», og sjølv om det er folk i alle aldrar som får med seg serien, er den hovudsakleg retta mot ungdom på 15–16 år. Det er politiet i Harstad glad for.

Etterforskar ved Harstad politistasjon, Marius Bergan, driv saman med kollega Roger Alrek Strømmen, førebyggande arbeid, spesielt retta mot ungdom. Dei brukar no sosiale medium for å nå fram til ungdom – med nettopp Skam.

Førebyggande arbeid i politiet blir ofte utført ved at politiet reiser rundt på skular og snakkar med elevar om tema som nettvett, seksuelle overgrep og deling av nakenbilde.

Denne tradisjonelle forma for førebyggande arbeid driv politiet i Harstad framleis med, men Bergan meiner det er vel så viktig å møte ungdommen i sosiale medium.

– Vi ser at Instagram er ein god kanal for å nå ut til ungdom. Det er rett og slett fordi vi veit at ungdommen er der, og i tillegg ønsker vi å ha ein kvalitet og ein kontinuitet i det vi held på med. Eg veit om andre avsnitt i politiet som bruker både Snapchat, Facebook og Twitter, men vi har starta med Instagram, for det klarer vi å følgje opp.

Er det stor forskjell på å møte ungdom i klasserom og i sosiale medium?

– Det er nesten meir skummelt. Det er enklare å stå framfor ein klasse og møte dei ansikt til ansikt. I sosiale medium må ein passe på at ein klarar å nå dei, og vi ser at det er vanskeleg å nå dei. Skam-innlegga har treft godt og nådd mange. Det er kjempeflott. Vi ser også at andre avsnitt har delt vårt innlegg og når barn og unge i sine regionar. Det er bra at vi kan dra nytte av det fenomenet som Skam er for å nå ungdom, fortel Bergan engasjert.

Er det lettare å snakke om tema som seksuelle overgrep og deling av nakenbilde når det har blitt ein del av eit kulturelt fenomen som ungdommen sjølv følgjer med på?

– Ja, det trur eg. Det er mange misforståingar blant barn og unge om kva som er lov og ikkje lov.

Marius Bergan, etterforskar i politiet i Harstad

Politietterforskar Marius Bergan og hans kollega Roger Alrek Strømmen styrer instagramkontoen Forebyggende Harstad, som retter seg mot ungdom.

Foto: Privat
  • Her kan du følgje det førebyggande arbeidet til politiet i Harstad på Instagram.

Ungdomsrådsleder: – Få er klar over korleis ting skal skje

Ungdomsrådsleiar og elevrådsleiar Heggelund har fått med seg at dei som driv med førebyggande arbeid i politiet i byen har fått seg Instagram-profil.

– Eg synest det er veldig bra. Da dei starta kontoen var det ei sak her på skulen med ei jente som blei hengt ut på ein instagramprofil som nokon oppretta anonymt. Så eit av dei første innlegga handla om deling av bilde, fortel ho.

– Var dette noko dokker snakka om på skulen?

– Det var nok ikkje noko vi hadde tenkt på før det faktisk skjedde, men etterpå har vi snakka om det ofte og hatt mykje dialog med politiet.

Portrettbilde av Kamilla Heggelund i Harstad ungdomsråd

Kamilla Heggelund er leiar i Harstad ungdomsråd, og synest det er bra at politiet opplyser om prosessar rundt overgrep i sosiale medium.

Foto: Sarah Solheim

Heggelund meiner det er eit godt tiltak at politiet no går nye vegar for å nå ut til ungdommen på. Sjølv om ikkje alle unge i Harstad har fått med seg at politiet er på Instagram, veit ho at fleire har fått det med seg. Postane som tar for seg prosessen etter eit overgrep, er viktige, meiner ho.

– Det er nok veldig få som faktisk er klar over kva ein har krav på og korleis ting skal skje. Dette er noko som vekker oppmerksemd, og eg synest det er eit veldig bra hjelpemiddel.

– Men korleis er det eigentleg ungdom får med seg informasjon om kva ein skal gjere om ein har blitt utsett for seksuelle overgrep?

– Eg trur at dei fleste vil halde det for seg sjølv, og så begynne å søke opp svar sjølv på internett og i Google, og så ville ein kanskje gått til helsesøster.

– Det har blitt veldig mykje oppmerksemd om overgrep og nakenbilde etter dei siste episodane av «Skam», og det er noko vi snakkar om i venegjengen. Det er ein kul måte å vekke medvit på.

Viktig å sikre biologiske spor

– Det Skam driv med, er viktig kunnskap for unge. Dei tar tak i eit veldig vanskeleg tema, sa Wenche Rothaug, styremedlem i Landsforeningen mot seksuelle overgrep til NRK tidlegare denne veka, som tok til orde for at «Skam» burde vere pensum.

Det er eit stort problem at seksuelle overgrep skjer når offeret er veldig rusa, fortel politietterforskar Marius Bergan. Nettopp dette gjer at mange er veldig usikre på korleis ein skal gå fram for å finne ut kva som har skjedd og om det som har skjedd er eit overgrep.

Haugan seier ungdom veit lite om prosessen etter at eit overgrep har skjedd.

– Det er veldig unaturleg at dei skulle kjenne til dette, og det ser vi også i dei sakene vi har. Dei skjønner ofte ikkje korleis politiet må jobbe i ei slik sak, og det blir veldig rart for det. Derfor synest eg det er veldig bra at vi får ein serie som Skam, og at det er så faktabasert.

#kjernekar

I serien «Skam» er det uklart for hovudpersonen Noora om ho har blitt utsett for eit overgrep: Ho får i seg mykje alkohol og vaknar opp naken i ei seng saman med to andre.

Ifølgje Kripos skjer 40 % av alle valdtekter som blir meldt til politiet på eller i samanheng med fest. I 2013 oppretta Kripos kampanjen «Kjernekar», som retter seg mot målgruppa unge menn i alderen 18–35 år, med målsetjing om å førebyggje valdtekter relatert til fest og rus.

Også for Kripos har sosiale medium vore viktig for å nå ut til ungdom.

– Vi ønska å gje målgruppa kunnskap til å ville endre haldning sjølv, og til å ville ta vare på venene sine. Sosiale medium, og spesielt Facebook, var den viktigaste kanalen for å nå målgruppa nasjonalt, fortel politioverbetjent Birgit Dramdal Haukland, som jobbar i Valdtektsseksjonen ved Taktisk etterforskingsavdeling i Kripos.

Birgit Dramdal Haukland i Kripos

Politioverbetjent i Valdtektsseksjonen ved Taktisk etterforskingsavdeling i Kripos, Birgit Dramdal Haukland.

Foto: Kripos

– Vi ønska å ha ei positiv vinkling til eit vanskeleg tema og bruke sosiale medium slik at målgruppa sjølv kunne vise at dei følgde med og tok ansvar.

Dramdal Haukland seier at evalueringa viser at mange har fått med seg kampanjen, og at Skam også har vore ei viktig draghjelp.

Ser dokker effektar av kampanjen?

– Kampanjen spreidde seg ekstremt raskt med 40.000 likes på Facebook, og ein rekkevidd på nærmare 1 million dei første to døgna da kampanjen blei sleppt i november 2013. No har sida 66.000 likes. På eit område med så store mørketal, er det vanskeleg å sjå resultata ut ifrå statistikken. Om auka fokus kan bidra til fleire politimeldingar, er det positivt, seier ho.

Politiets facebook-side "Kjernekar"

Kampanjen «Kjernekar» ligg på Facebook, og har 60.000 likes.

Foto: Skjermdump