Hopp til innhold

Norske trenarar unngjekk kvarandre

Dei tre norske trenarane i europaligaen slepp å møte kvarandre i gruppespelet. Gruppene vart trekte i dag.

Rony Deila Berg Ståle Solbakken Henning Berg

Norske trenarar som kunne ha hamna i same gruppe, men dei unngjekk kvarandre: Ronny Deila (Celtic), Ståle Solbakken (FCK) og Henning Berg (Legia)

Foto: NTB Scanpix

Ståle Solbakkens FC København, Ronny Deilas Celtic og Henning Bergs Legia Warszawa var på ulike seedingsnivå og kunne derfor i teorien ha hamna i same gruppe.

Legia og Celtic møttest i tredje kvalifiseringsrunde til meisterligaen, der Legia vann 6-1 samanlagt, men mista plassen fordi dei brukte ein ulovleg spelar dei to siste minutta i den siste kampen. Det førte til harde ord mellom dei to klubbane .

Noko revansjeoppgjer blir det altså ikkje i gruppespelet, slik iallfall Legias tilhengarar hadde hatt lyst til.

Men dei hamna i tre ulike. FC København skal spele i gruppe B mot Club Brugge (Belgia), Torino (Italia) og HJK Helsinki (Finland).

Celtic er i gruppe D mot Salzburg (Austerrike), Dinamo Zagreb (Kroatia) og Astra (Romania). Og Legia kom i gruppe L og møter Metalist (Ukraina), Trabzonspor (Tyrkia) og Lokeren (Belgia).

Berg: Ei grei gruppe

Henning Berg meiner hans lag har hamna i ei bra gruppe.

– Sportsleg er det ei fin gruppe fordi vi har ein sjanse til å gå vidare, sa Berg på ein pressekonferanse i Warszawa etter trekninga.

– Men Trabzonspor og Metalist er gode lag. Trabzonspor er nok det som ser sterkast ut i gruppa. Dei har lang erfaring frå spel i Europa. Likevel skal vi spele vårt spel. Om vi hadde spelt i Champions League mot dei store klubbane, måtte vi ha forandra taktikken.

– I fjor spela Legia godt, men hadde problem med å vinne. I år er vi betre, og resultata talar for seg sjølv, sa Henning Berg.

Han fekk også spørsmål om han var skeptisk til reisa til Metalist i krigsherja Ukraina.

– Eg trur ikkje vi får problem. Eg reknar med at UEFA sørgjer for at vi er sikre på turen, sa Berg. Legia møter Lokeren heime i første kamp 18. september.

Ståle Solbakken var nøgd med trekninga: – Dette er ei fin og jamn gruppe. Vi bør kunne slå Helsinki, sjølv om dei har vunne den finske ligaen dei siste åra. Club Brugge kjenner vi som eit sterkt lag. Torino er gode, men ikkje så gode som Napoli, sa Solbakken til Ekstra Bladet . FCK møter Helsinki heime i København i opningskampen.

Celtics første kamp er borte mot Salzburg.

Heile trekninga:

Gruppe A:
Villarreal (Spania), Borussia Monchengladbach (Tyskland), FC Zurich (Sveits), Apollon (Kypros)

Gruppe B:
FC København (Danmark), Club Brugge (Belgia), Torino (Italia), Helsinki (Finland)

Gruppe C:
Tottenham (England), Besiktas (Tyrkia), Partizan (Serbia), Asteras (Hellas)

Gruppe D:
Salzburg (Austerrike), Celtic (Skottland), Dinamo Zagreb (Kroatia), Astra (Romania)

Gruppe E:
PSV Eindhoven (Nederland), Panathinaikos (Hellas), Estoril (Portugal), Dinamo Moskva (Russland)

Gruppe F:
Inter (Italia), Dnipro (Ukraina), St-Etienne (Frankrike), Qarabag (Aserbajdsjan)

Gruppe G:
Sevilla (Spania), Standard Liege (Belgia), Feyenoord (Nederland), Rijeka (Kroatia)

Gruppe H:
Lille (Frankrike), Wolfsburg (Tyskland), Everton (England), Krasnodar (Russland)

Gruppe I:
Napoli (Italia), Sparta Praha (Tsjekkia), Young Boys (Sveits), Slovan Bratislava (Slovakia)

Gruppe J:
Dynamo Kiev (Ukraina), Steaua Bucuresti (Romania), Rio Ave (Portugal), Aalborg (Danmark)

Gruppe K:
Fiorentina (Italia), PAOK (Hellas), Guingamp (Frankrike), Dinamo Minsk (Hviterussland)

Gruppe L:
Metalist (Ukraina), Trabzonspor (Tyrkia), Legia Warszawa (Polen), Lokeren (Belgia)

Fotball