Hopp til innhold

Ojo-show rysta Rosenborg

Rosenborg skulle køyre over vanskeleg stilte Brann. I staden ga ein eliteseriedebutant fjorårets seriemester eit solid knyttneveslag i serieopninga.

Brann - Rosenborg

DRØYMEDEBUT: Branns nysignering Kim Ojo blir gratulert av trenar Rune Skarsfjord etter ein fenomenal debut i Bergen.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Han kom frå Nybergsund i 1. divisjon og hadde aldri spelt eit minutt i Eliteserien.

Søndag kveld vann nigerianske Kim Ojo fansens hjerter då han latterliggjorde Rosenborg i Branns 2-1 siger.

– Det var for å oppleve dette eg kom til Brann. Publikum var fantastiske. Eg takkar gud og medspelarane mine for dette, seier Ojo til NRK.no.

  • Ekspertane ventar at Brann vil slite i årets eliteserie. Kva trur du etter dagens kamp? Diskutér nedst i saka!

Maktdemonstrasjon

Om Ojo held fram som i serieopninga kan han fort bli ein dominant profil i den øvste divisjonen.

  • Mot Rosenborg traff Brann tverrliggaren tre gonger. To av treffa var signert Kim Ojo.
  • Nemnde Ojo opna bergensarane sitt scoringsball i Rosenborgs marerittkveld då han heada bergensarane i føringa.
  • Nigerianaren blei også regissør i kampen då han like før pause assisterte Bjørnar Holmviks 2-0-scoring.

(artikkelen held fram under biletet)

Brann - Rosenborg

OJO-SHOW: Kim Ojo jublar etter 1-0 scoring mot Rosenborg.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Skarsfjord ventar nedturar

Eit Brann i sterk motvind er venta å slite denne sesongen. Økonomiske byrder og ein ung spelarstall er grunnen til dette.

Difor har trenar Rune Skarsfjord hatt ein enorm jobb med å motivere disiplane sine. Han er også klar for å møte periodar med stor motgang i serien.

– Vi må takle å få noen karamellar av og til. Det kjem vi også til å få. Vi har eit ungt lag og kjem ikkje til å levere som i dag kvar gang, seier Skarsfjord.

Heimelaget stakk av med tre overraskande poeng mot Rosenborg, men Skarsfjord held beina godt planta på jorda.

– Publikum i Bergen tar av i medgang. Det er viktig at vi ikkje mistar bakkekontakten.

Les om dei andre eliteseriebataljane her:

Jönsson: – Kan ta tid å nå toppen

Under kampen var Rosenborg ikkje i nærleiken av å skape noko som helst før Mushaga Bakenga reduserte for gjestane i det 68. minutt.

Nærmare siger kom ikkje trønderane i serieopninga.

– Vi har mange nye spelarar. Eg trur det er ein del av grunnen til at vi ikkje leverte frå vår beste side i dag, seier Rosenborg-trenar Jan Jönsson.

Jönsson er ikkje superoptimist med tanke på suksess i nær framtid.

– Det vil kunne ta tid før vi er på topp, fortel Jönsson.

Fotball