Hopp til innhold

– Det kunne ikkje ha blitt betre

Dei har uttalt at dei skal ta medalje denne sesongen. Onsdag viste Vipers Kristiansand at dei meiner alvor.

Thorey Rosa Stefansdottir, Vipers Kristiansand

Thorey Rosa Stefansdottir (i midten) gliser etter ei av sine åtte scoringar mot Sola.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Det kunne ikkje ha blitt betre. Kjempegøy, seier Vipers sin toppscorar Thorey Rosa Stefansdottir til NRK.

Jeanett Kristiansen, Vipers Kristiansand

Jeanett Kristiansen spelte sin første seriekamp for Vipers onsdag.

Foto: Sander Heggheim/NRK
Tonje Nøstvold, Sola

Tonje Nøstvold scora 11 mål mot Vipers Kristiansand.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Forventningane til Vipers er skyhøge denne sesongen, etter at klubben sjølv har sagt at målet er å ta medalje.

Dei første fem-seks minutta viste Vipers Kristiansand definitivt ikkje eit spel som tilseier at dei skal ta medalje.

– Typisk første seriekamp

– Det var ein slitekamp. Litt typisk første seriekamp der vi har litt feilpasningar, seier ho.

– Vi er ikkje nøgde med forsvarsspelet. Det er noko vi må jobbe med, seier Stefandsdottir som spelte sin første seriekamp etter fødsel.

Men når debutnervane hadde lagt seg viste sørlendingane at dei meiner alvor om medalje.

Laget gjekk til pause med leiinga 19-14, og hadde full kontroll over motstandaren.

I andre omgang var gjestene frå Rogaland på veg inn i kampen igjen, anført av tidlegare landslagsspelar Tonje Nøstvold med 11 mål.

Laget var berre fire mål litt ut i andre omgang.

Men då Vipers skrudde på turboen var det klasseskilnad på dei to laga. Vipers vann til slutt 36-25.

Kenneth Gabrielsen

Vipers-trenar Kenneth Gabrielsen.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– For veike bakover

– Vi er alt for veike bakover. Alt for lite duellstyrke og kroppskontakt, oppsummerer trenar Kenneth Gabrielsen.

– Vi scorar 36 mål, men kunne gjerne ha scora 46. Utteljinga er ikkje høg, men tempo er høgt og presisjonen er så der. Det er ikkje så rart. Eg er veldig nøgd med at vi klarer å springe. Når presisjonen kjem vil vi å score endå meir på kontra, seier han.

Nysigneringane Kari Brattset, Kristin Nørstebø og Jeanett Kristiansen var alle tre sentrale i sigeren.

1313 tilskodarar såg serieopninga i Aquarama.

Thorey Rosa Stefansdottir ble toppscorer under kveldens serieåpning mot Sola.

Sjå intervju med Thorey Rosa Stefansdottir.

Vipers trener Kenneth Gabrielsen om serieåpningen mot Sola

Sjå intervju med Vipers-trenar Kenneth Gabrielsen.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %