Hopp til innhold

Vipers med tøffare mål enn nokon gang

Målsettinga er klinkande klar i Vipers Kristiansand før sesongstart. Klubben skal ta sin første medalje i serie eller cup på sju år.

Se intervjuer med trener og spillere i Vipers Kristiansand før sesongstart.

– Vi satsar hardt og vil sikte høgt. Sjølvsagt er medalje eit mål for oss, seier Vipers-spelar Linn Jørum Sulland som skreiv under for klubben i februar.

Medaljar er definitivt ikkje dagleg kost i eliteserieklubben frå Kristiansand. I 2003 tok klubben bronse i serien.

Kenneth Gabrielsen, Vipers Kristiansand

Kenneth Gabrielsen er hovudtrenar i Vipers Kristiansand.

Foto: Sander Heggheim/NRK

I 2009 vart det sølv i sluttspelet. I 2010 spelte laget seg til cupfinalen der det vart sølv etter tap mot giganten Larvik.

– Kvaliteten i laget, uavhengig av konkurrentane, tilseier at vi har sjans til å kjempe om medalje, seier trenar Kenneth Gabrielsen.

Styrka stallen

Han går inn i sin første sesong som Vipers-trenar og har styrka stallen.

I tillegg til Sulland har han også fått med seg Jeanett Kristiansen, Kari Brattset og Kristin Nørstebø frå gamleklubben Glassverket.

Drammensklubben har plukka fleire medaljar både i serie, cup og sluttspel dei siste sesongane, med trioen på laget.

– Med eit lag som vi har føler eg medalje er eit bra mål, seier Jeanette Kristiansen.

– Eg må jo seie ja. Vi skal jo vinne alle kampane. Eg har veldig trua på laget og jentene. Vi har trent godt. Eg må seie at vi har trua på medalje, seier Vilde Jonassen.

– Det blir opp til å oss å prestere og spele godt og gjere det vi kan. Så håpar eg at ikkje det blir så mange skader. Det kan ofte sette tilbake eit lag. Eg håpar vi blir såpass gode at vi tåler det om det kjem. Men medalje er det vi siktar etter, så får vi sjå korleis det blir, seier Marta Tomac.

Vilde Jonassen, Vipers Kristiansand

Vilde Jonassen på Vipers si trening i Aquarama måndag kveld.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Uvisst når Sulland er klar

Onsdag ventar Sola i sesongpremieren heime i Aquarama i Kristiansand. Det blir utan Linn Jørum Sulland som framleis er ute med skade.

– Det går framover, men eg har byrja å springe. Men det er framleis eit stykke fram til eg kan spele handball igjen, seier Sulland som.

Trenaren ser fram til å ha landslagsspelaren tilgjengeleg.

– Når linn kjem i handballform får vi ein klassespelar. Eg gler meg verkeleg til å sjå ho i aksjon også i ankomstspelet, som ho får moglegheit til her. Der er ho verkeleg god. Det blir ei kjempeforsterking utan tvil, seier Gabrielsen.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %