Hopp til innhold

– Rushtidsavgifta borte tidlegast våren 2015

Gruppeleiar i Kristiansand Høgre, Hans Otto Lund, gjekk før valet offensivt ut og sa at rushtidsavgifta skal fjernast med ei ny blå regjering. No trur han ikkje det er realistisk å få fjerna den før i 2015.

Hans Otto Lund om rushtidsavgift

Hans Otto Lund (H) vil jobbe for å fjerne rushtidsavgifta. Det trur han kan skje tidlegare våren 2015.

Foto: Hans Erik Weiby/NRK - Svein Sundsdal/NRK

– Først må denne regjeringa få høve til å leggje fram eit budsjett. Så det blir nok tidlegast våren 2015, seier Lund til NRK.

Måndag klokka 12 vert rushtidsavgift innført i Kristiansand. Før valet sa Lund at han trudde at rushtidsavgifta i Kristiansand får kort levetid. Bystyrepolitikaren er klar på at han vil jobbe hardt for å få fjerna den.

– Må vise handlekraft

– Er det noko denne regjeringa må gjere så raskt som råd er å vise handlekraft. Då vil det vere eit av elementa ein kan gjere. Her er det snakk om ei viktig sak. Å bruke pisk eller gulrot, seier han.

Dei borgarlege partia har kjempa med nebb og klør mot innføring av rushtidsavgifta. Men i fjor følte Høgre og det borgarlege fleirtalet i bystyret seg tvunge til å innføre avgifta for å få over 60 millionar kroner i statlege belønningsmidlar til kollektivtrafikken.

 Høyre-leder Erna Solberg

Hans Otto Lund vil ta rushtidsavgifta opp med påtroppande statsminister Erna Solberg.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

– Dette er ein trist dag. Det er ein dag som den regjeringa som no går ut har bestemt at Kristiansand skal. Det trass i at majoriteten av politikarane i Kristiansand veldig tydeleg ikkje vil dette, seier han.

– Vi vart tvunge til det for å få mellom anna siste del av påskjøningsmidlane i førre periode på 60 millionar kroner, seier Lund.

Tek saka til Erna Solberg

Lund vil no ta rushtidsavgifta opp med påtroppande statsminister Erna Solberg.

– Eg vil følgje opp via våre stortingspolitikarar og direkte med vår påtroppande statsminister. Eg veit ho har sagt i ein del møter at rushtidsavgift er ein uting, som spesielt råkar dei med dårlegast råd, som småbarnsfamiliar, seier han.

Fleire personar vi har snakka med er kritiske til at dei no må betale rushtidsavgift når dei skal køyre til byen.

– Eg tykkjer det er tull med desse avgiftene. Eg bur på ein stad der vi er heilt avhengig av bil. Vi har ikkje bussamband der eg bur, seier ein.

– Det blir nok meir buss på meg. Eg må satse på kollektivtransporten, seier ei anna.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %